Filmåra 2000-2009

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Oppsummeringa av tiåret 2000–2009 held fram.

Norsk film

Dette tiåret har vore veldig spennande for den norske filmen. Tiåret gav oss Roswell Enterprises, Fritt vilt og Max Manus. Tiåret gav oss Stortingsmelding nr. 22 (2006–2007) frå Kulturdepartementet og Trond Giske. Tiåret gav oss oscarnominasjon til Elling, og me tok heim statuetten med Den danske dikteren – den fyrste oscarprisen Noreg har fått sidan Kon-Tiki. Denne sigeren vart fylgt opp året etter med Peter & the Wolf, som var delvis norskprodusert hjå Storm Studio. Mykje moro, med andre ord. Og mykje godt:

#10: Hawaii, Oslo

Del to av Oslo-«trilogien» (no må folk for faen byrja å læra seg at trilogi er EI samanhengjande historie i TRE delar. Dette er IKKJE ein trilogi!) til Erik Poppe, er ei multiforteljing med eit ensemble – eg trur det er dette Montages kallar flettverksfilm. Tankane gjekk i retning av Magnolia frå 1999. I Poppe sin film, er det Grünerløkka som er knutepunktet, og som tek oss med på ein tur gjennom eit varmt døger etter ei trafikkulykke. Kjærleik og einsemd, folk som er tett på kvarandre men aldri opplev nærleik – dette er tema for filmen, og flettverkstrukturen fungerer godt til å skildra dette.

#9: Gymnaslærer Pedersen

Det slår gneistar mellom Kristoffer Joner og Ane Dahl Torp. Ekte filmkjemi. Fantastisk. Filmen var kanskje litt langdryg, men gjorde opp for seg med flott musikk. Eg meiner, sjå berre Vømmøl-scena. Ja, du veit kva scene det er. Den ja! Men for å vera meir seriøs, Torp og Joner strålar gjennom heile filmen. Når Pedersen står med med kofferten sin utfor døra til Skåtøy, nærmar det seg ekstase.

#8: Salmer fra kjøkkenet

Kven har sagt at den vitskaplege metoden er keisam? Bent Hamer sine filmar er veldig morosame, men ikkje slik at du brølflirar av dei. Humoren er varm men mild, og det er ikkje for dei viss einaste humortype er prompevitsar. Salmer fra kjøkkenet er ein slik film. I overflata går det veldig sakte og lite som hender, men klarar du å sjå gjennom dette, er det hysterisk morosamt å vera tilskodar. Synet den lange rekkja med femtitalsbilar – slepande på pastellfarga husvogner – som må byta side av vegen når dei kjem over grensa. Den forblåste bygda. Den pussige vesle mannen i sin alt for høge krakk i eit kjøkkenhjørne. Artig!

Salmer fra kjøkkenet

#7: Død snø

Då eg høyrte det skulle koma ein norsk zombiefilm på kino, vart eg oppstemt. Og at det var Kill Buljo-gjengen som stod bak gjorde det endå betre. Og eg sprang rundt meg sjølv då eg lærte at det ikkje berre var zombiar, men nazi-zombiar. Glis! Filmen skuffa ikkje. Passe tåpeleg, passe hesleg, passe hypervaldeleg. Det eg digga mest av alt, var den ironiske musikkbruken. Frå Edvard Grieg (I Dovregubbens Hall) til Åge Aleksandersen (Min dag) og CC Cowboys (Harry). Herleg!

#6: deUSYNLIGE

Erik Poppe «vinner» denne lista, med heile to plasseringar. Den tredje filmen i den tidlegare nemnde Oslo-«trilogien», handlar om Jan Thomas som tek seg arbeid som organist i ei kyrkje. Musikken hans er nydeleg, men i fortida hans skjuler det seg ei vondskapsfull hending – noko som endte med at ein liten gut mista livet. Filmen er nydeleg fotografert. Eg fascinerer meg over dei flotte bileta, ljodsett til vakker orgelmusikk (noko eg til vanleg liker veldig dårleg). Viss eg skal pirka i noko, er det at filmen tek seg sjølv i overlag høgtideleg, men eg liker han lell.

#5: Folk flest bor i Kina

Ei glimrande novellefilmsamling som på enkelt men snedig vis fortel om dei politiske partia i Noreg. Ein liten bensinstasjon er senteret for alle filmane, og er ein glimrande innspelingsstad. Sekvensen Pokemon Power (RV), regissert av Magnus Martens og skrive av Harald Rosenløw-Eeg, er veldig søt, og sekvensen De beste går først (AP), regissert av Hans Petter Moland og skrive av Erlend Loe, er glimrande. Mellom alle sekvensane finn me Lasses drøm, regissert av Thomas Robsahm. Til samans vert dette ein finfin film som både ærer og gjer narr av det norske politiske landskapet.

#4: Fatso

Rino er ekkel og trist, men me liker honom. Me liker afroen til Fillip, den stakkarslege fleshlighten, den svenske Malin og dei tyske instruksjonsmanualane. Men mest av alt fotografien, som på sitt aller flottaste minner om gullalderen til Technicolor. Himmelkvelven var aldri blåare enn med Technicolor, og grønare gras fanst ikkje. Så nydeleg, så uskuldsreint, så koseleg, og så utruleg kontrast til Rino. Ein annan ting eg liker med filmen, er teiknefilmsekvensane. Veldig artig. Eg har ikkje lese boka av Lars Ramslie, men såvidt eg forstår er dette særskilt for filmen.

#3: Den brysomme mannen

Korleis vil det vera å vakna opp i eit kjenslelaust helvete, ein stad der du har alt bortsett frå lukka? Det finn Andreas ut. Trond Fausa Aurvaag ikler rolla perfekt, og det forblåste landskapet på Island er ein absolutt framifrå bakgrunn for honom.

#2: Detektor

Tiåret starta veldig godt, med ein sprek og laussleppt film. Ein film som var leiken samstundes som stø og sikker. Kristoffer Joner, ein av bifigurane, gjer her si fyrste spelefilmrolle etter eit par år på såpeserien Offshore. Me har òg Harald Eia, Sverre Porsanger og Hildegunn Riise, som kvar er glimrande, og hovudrolleinnehavaren Mads Ousdal eig karakteren sin. Dette kjentest ikkje ut som dei alt for traudige og passé teaterprestasjonane me så ofte assosierer med norsk film.

#1: Reprise

Trier og Vogt og Ihre, oh my! Reprise sat som eit skot. Skribentspirane frå Oslo vestkant var kanskje ikkje akkurat dei mest publikumsvenlege protagonistane, men filmen har solide røter i filmkunsten. Tankane gjekk med ein gong til Godard og fransk bølje-film. Ja, dette er ei skikkeleg filmforteljing. Her er ljoden, bileta og klippa vel så viktige som orda i manuset, og nett dette formverket gjer at eg skryter uhemma av den. Diggar den!

Kva med å sjå litt på science fiction på neste side?

Permanent link to this article: https://boba.no/2010/01/film2k/

5 comments

Skip to comment form

    • Ola on 5. januar 2010 at 22:44

    Eg hugsar ikkje Vømmøl-scena i Gymnaslærer Pedersen. Kva hende då? Men Folque-scena (med Reinlender) er veldig minneverdig!
    Kule lister forresten.

  1. Veldig moro! Eg må nok sjå eit par av desse du hev tilrådd som eg enno ikkje hev fengje sett, ja.

    • Simon on 22. januar 2010 at 16:15
      Author

    Takkar, båe to.

    Ola: Pedersen treff Skåtøy på marknaden. Ho har kjøpt den nye plata til Vømmøl. Dei fer heim til henne for å lytta til den.

    Odin: Ja, det lyt du! Men som alltid med listene mine, er dette sjølvsagt berre mi subjektive meining. Eg hevdar ikkje at dette er dei definitive listene, det beste av det beste, men snarare mine favorittar. Vil gjerne høyra kva du – og alle andre som les dette – tykkjer om dei, og om de har framlegg til andre titlar som de meiner passar betre.

    • Simon on 29. januar 2010 at 1:06
      Author

    Denne veka vakna me opp til at noko grueleg fælt hadde hendt. IMDb hadde endra på/fjerna PowerSearch. Dette av di den gamle varianten innehalda mykje feil, t.d. at TV-seriar ikkje vart ekskludert viss du valde dette. No skal slike feil vera ordna. Og det er jo fint. Problemet er berre at dei har fjerna ein av dei aller, aller viktigaste funksjonane i PowerSearch, nemleg høve til å søkja i Vote History. Er du som meg, med over 1300 titlar merka av hjå IMDb, er høvet til å velja å søkja blant berre titlar eg har sett eller berre titlar eg ikkje har sett uvurderleg. Dette var stort sett det einaste eg nytta PowerSearch til (t.d. finna ut kor mange filmar med Bruce Willis eg har sett. Eller, som under førebuinga til dette innlegget, kva filmar frå 2000–2009 innan t.d. sjangeren science fiction eg hadde sett). Dette er stort sett den einaste grunnen til at eg gjev karakterar til filmar på IMDb. Utan høve til å søkja i dei på dette viset, har det ingenting for seg lenger å gje karakterar og dimed merka dei som sett. Skikkeleg låkt gjort, IMDb!

    • Simon on 28. mars 2010 at 20:11
      Author

    Endeleg er det mogleg å søkja i røystene sine att. Diverre ikkje ein fullgod erstatning av den gamle PowerSearch, men godt på veg. Eg viser deg korleis i innlegget Lengje leve PowerSearch.

Comments have been disabled.