«

»

Soga om ei klagemal, eller: Simon hatar Posten 2

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg fekk nyleg ei mektig kjensle av déjà vu. Eg hadde skriftleg kontakt med Kundeservice Utland hjå Posten. Arbeid = kraft × strekning, heiter det, men same kor stor kraft eg nytta, kom eg ingen veg. Kva verre er, førte dette nullarbeidet til ekle svarbrev på bokmål. Klok av skade, har eg ein ferdig klagemal liggjande. Eg vert kjempelukkeleg den dagen eg kan sletta den, men det ser nok diverre ut til at eg lyt ha den på lur enn så lengje.

Simon Hansen
[Tilskrift]
[Postnummer]  [POSTSTAD]

[Stad] [dato]

Kundeservice
Posten Noreg AS
0001  OSLO

Klage på brot av mållova

Den [dato] sendte eg ein skriftleg førespurnad til Kundeservice Utland på e-postadresse ksutland@posten.no. Det gjekk godt fram at målforma på meldinga var nynorsk. Dette til trass, då svarmeldinga kom, var ho på bokmål. Eg ser meg difor nøgt til å leggja fram denne klaga.

Jamfør § 11 i Vedtekter for Posten, pressemelding 67/07 frå Samferdselsdepartementet og ikkje minst § 6 i Lov om målbruk i offentleg teneste, er Posten pliktig å svara på brev frå privatpersonar i den same målforma som er nytta i brevet. Denne plikta har De ikkje etterlevd.

Det høver seg ikkje for eit landsdekkjande statsorgan og tenesteytande næring som Posten å driva med diskriminering og lovbrot. Eg bed om at De skjerpar rutinane, og at eg som privatperson i framtida kan forventa å få svar i rett målform frå Dykk.

Med helsing
 
 
Simon Hansen

Kopi til:
Språkrådet, Postboks 8107 Dep, 0032 Oslo
Post- og teletilsynet, Postboks 93, 4791 Litlesand

Det ironiske er at kvar gong Posten bryt lova overfor meg, så betalar eg dei 25 kroner… Jada, e-post er billegare enn vanleg brevpost, men det er ikkje like artig.

Eg er ikkje heilt sikker på om det er Post- og teletilsynet eller Samferdselsdepartementet som er det overordna organet til Posten Noreg AS. Viss sistnemnde, skal tilskrifta vera: Samferdselsdepartementet, Postboks 8010 Dep, 0030 Oslo.

1 innspel

  1. Vegard Thingvoll

    Hehehehe

Gje innspel