IMDb PowerSearch er daud. Lengje leve IMDb PowerSearch

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

The Internet Movie Database, IMDb, er kjelde nummer éin når det kjem til filmdata. Det er få titlar dei ikkje har inne, og det er ganske sannsynleg at akkurat den informasjonen du er ute etter, finst ein stad i databasen deira – det vera seg skodespelarar, språk, tal på gongar nokon sa ordet fuck, spelelengd, premieredato og mykje meir. Med så mykje informasjon, lyt databasen også ha ein kraftig søkjemotor. IMDb sitt vanlege søk er snøgt og godt, men det avanserte PowerSearch-søket er det verkeleg gjæve med IMDb. Vel, det var i allefall det, heilt til dei i januar i år skrapa heile søkjemotoren og byrja byggja ein ny ein. Ein motor utan det aller viktigaste.

I den gamle PowerSearch, som har vore meir eller mindre uforandra dei siste ti åra, fanst nemleg nokre snedige filter. Det kjekkaste av desse var å filtrera søket opp mot dine eigne filmar1. Du kunne mellom anna søkja på alle filmane du hadde sett i 2000–2009 (noko eg nytta meg av då eg skreiv innlegget Film2K), leita opp alle oscarvinnarane du ikkje har sett, og så bortetter. Veldig kjekt, kjempegjævt og nyttig. Men dette forsvann med den nye utgåva av søket.

Endeleg har IMDb lytta til brukarane sine (kvifor dei i det heile teke gjorde det naudsynt for brukarane å protestera, det lyt heller liggja), for no er det igjen mogleg å filtrera røystene dine. Om enn berre i ei mellombels testutgåve… Diverre har denne funksjonen ikkje fått plass i det nye søkjeskjemaet enno, så difor tenkte eg at eg skulle visa dykk korleis her. Trikset er å kjenna til variablane søkjemotoren tek i mot. Eg skal sjå på eit par av desse no: view, count og my_ratings.

View og Count: Finare lister med fleire treff

Lat oss seia at me vil sjå ei liste med dei topp 50 filmane i databasen, i staden for topp 250:

  1. Kryss av for «IMDb «Top 250″» under «Title Groups»
  2. Klikk søk.

Adressa til sida me får opp, er: http://www.imdb.com/search/title?groups=top_250.
Nett no er lista sortert på ein idiotisk måte, etter noko «MOVIEmeter»-greie som vart introdusert med det nye søket, og ikkje etter faktisk karakter.

  1. Klikk på «Sort by: User Rating».

No skal me inn med dei skjulte variablane. Me må fyrst velja ei anna visning, utan småbileta og den ufyseleg irriterande teksten i standardvisninga. Variabelen view gjer den biffen. Etterpå skal me setja inn kor mange titlar som skal vera på lista vår. Då får me bruk for variabelen count.

  1. Skriv inn &view=simple til sist i adressa i adresselina.
  2. Skriv inn &count=50 til sist i adressa i adresselina.

Adressa me har no, er http://www.imdb.com/search/title?groups=top_250&sort=user_rating&view=simple&count=50.
Hurra, topp 50-lista vår fungerer!

My_ratings: Filtrer bort filmar du ikkje har sett

Me vil leita opp alle filmane me såg i 2009.

  1. Skriv inn 2009 i båe «Release Date»-boksane.

Denne gongen hugsa me at standardsorteringa er frykteleg tåpeleg, så me vil heller sortera alfabetisk. Me hugsa òg på at lista er gørrstygg med standardvisninga, og dessutan at det berre kjem 20 treff. Dette kan me fiksa:

  1. Vel «A-Z Ascending» under «Sort»
  2. Klikk søk.

Adressa vår no er: http://www.imdb.com/search/title?release_date=2009,2009&sort=alpha.

  1. Skriv inn &view=simple i adresselina.
  2. Skriv inn &count=100 i adresselina.

Så det viktigaste, å setja inn eit filter som berre viser filar me har sett.

  1. Skriv inn &my_ratings=restrict i adresselina.

Adressa vår er no http://www.imdb.com/search/title?release_date=2009,2009&sort=alpha&view=simple&count=100&my_ratings=restrict.
Oj, sjå på den fine og lange lista med alle filmane me såg i 2009. Dette er jo nesten som det gamle PowerSearch. Hurra!

My_ratings: Filtrer bort filmar du har sett

Me skal no leita opp alle filmane (men ikkje fjernsynsseriane) til Bruce Willis frå før 2005 men som me enno ikkje har sett.

  1. Vel «Feature Film» i «Title Type»-boksen.
  2. Skriv inn 2005 i den siste «Release Date»-boksen (lat den fyrste stå tom).
  3. Skriv inn Bruce Willis i «Cast/Crew»-boksen, trykk Enter og vel rett person i lista som no dukka opp (truleg den øvste).2
  4. Vel «Year Descending» i «Sort»-boksen.
  5. Klikk søk.

Adressa vår er: http://www.imdb.com/search/title?release_date=,2005&role=nm0000246&sort=year,desc&title_type=feature.

  1. Skriv inn &view=simple i adresselina.
  2. Skriv inn &count=50 i adresselina.
  3. Skriv inn &my_ratings=exclude i adresselina.

Adressa er no: http://www.imdb.com/search/title?release_date=,2005&role=nm0000246&sort=year,desc&title_type=feature&view=simple&count=50&my_ratings=exclude.
Nei, jaggu er ikkje dette ei liste med alle filmane (men ikkje fjernsynsseriane) til Bruce Willis frå før 2005 som me enno ikkje har sett. Hurra!

Oppsummering av variablane

Variablane er altså som følgjer:

view=simple
Ei finare liste utan småbilete og forstyrrande tekst.
count=[20–200]
Fleire treff. Du kan ikkje velja mindre enn 20 (som er standardverdien) eller meir enn 200. Det er påkravd med view=simple med denne variabelen.
my_ratings=exclude
Vel bort filmar du har røysta på.
my_ratings=restrict
Berre vel filmar du har røysta på.

Søk i veg! (Men hugs å logga deg inn fyrst)

  1. Filmar du har røysta på eller lagt til i MyMovies. Du må vera registrert brukar av IMDb, og vera pålogga. []
  2. Dette krev JavaScript, diverre []

Permanent link to this article: https://boba.no/2010/03/imdb-powersearch/

1 comment

    • Simon on 17. mai 2010 at 1:59
      Author

    For eit par veker sidan vart «Your Ratings» lagt til heilt til sist i skjemaet. my_ratings=exclude og my_ratings=restrict er med andre ord endeleg eit skjemaval. Stardarden er å søkja i alle titlar, uavhengig av om du har (eller ikkje har) røysta på dei. Flott! Kan me berre få view=simple, og alfabetisk eller årstal som standardval for sortering i staden for den vonlause MOVIEmeter-greia, så vil dette nye søket vera brukande!

    Du kan forresten enkelt leggja til view=simple med eit brukarskript: http://boba.no/2010/05/enkel-visning-av-imdb-powersearch/

Comments have been disabled.