Kvalitetsfilmfest 2010

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I morgon startar Kvalitetsfilmfest ’10 her i Rana. Samarbeidet mellom Steinkjer Kino, Mosjøen Kino og Rana Kino gjev oss filmar med litt større bredde enn det som til vanleg vert sett opp på kinoen her i garden. Dette gler me oss sjølvsagt til, i år som i fjor!

  1. 16.04–27.04: Profeten
  2. 16.04–27.04: Fatter’n
  3. 16.04–28.04: Precious
  4. 30.04–12.05: Crazy Heart
  5. 30.04–12.05: Fish Tank
  6. 30.04–13.05: Strengt hemmelig
  7. 14.05–27.05: A Single Man
  8. 14.05–27.05: Det hvite båndet
  9. 14.05–27.05: An Education

Mange Oscar-filmar i år, altså. Det er vel berre Strengt hemmelig og Fatter’n som ikkje er det. Vel, Fish Tank òg, men den har ein drøss av andre priser, m.a. Bafta.

Eg har sagt det før, men det er verdt å gjentaka: Kinoane forten skryt for dette samarbeidsprosjektet. Til dei som bur i Oslo, Trondheim eller liknande, kan det sjå litt rart ut, men desse filmane har ikkje gått enno her i Rana (ei heller i Steinkjer eller i Mosjøen). Og viktigare, dei ville aldri ha vorte sett opp i det normale programmet. Med få kopiar tek det lang tid før slike filmar kjem hit, viss dei i det heile teke kjem før videosleppet. Film er best på kino, difor er eg veldig glad for at ranværingar, vefsningar og steinkjerbygg (eller var det steinkjering dei heitte?) får høve til å sjå også slike filmar i sitt rette element.

Så til alle i Rana, Mosjøen og Steinkjer kjem eg med den årlege oppmodinga: Støtt prosjektet, gå på minst to av filmane!

Permanent link to this article: https://boba.no/2010/04/kvalitetsfilmfest-2010/