«

»

Simon nækjer seg på CSS Naked Day

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Viss du vitjar veven min den 9. april, ser den om lag slik ut:

Dette er ikkje ein feil. Den 9. april er det nemleg tid for den årlege CSS Naked Day. I dag kler me av vevstadene våre, og blottar den fine strukturen dei har. Ja, for det er det CSS Naked Day handlar om: god vevstruktur.

Ei vevside er bygd opp av mange ting, men det aller viktigaste er teksten. Kjeldekoden til ei god vevside har difor ein språkleg logikk med basis i nettopp teksten. Ei dårleg vevside, derimot, set fokuset på utsjånad og sånt, og dei mister snøgt teksten av syne. Eg har prøvd å læra meg god kode, og sjølv om eg på inga måte får det til perfekt, er eg stolt over å syna fram <body>-en min.

Ein tekst startar gjerne med ei overskrift, held fram med eit avsnitt, med eit og anna ord som er vektlagt. I HTML, det logiske kjeldekodespråket til tekst på nett, er alt dette veldig lett å markera:

<h1>Overskrift</h1>
<p>Avsnitt med <em>vektlagde ord</em>.</p>
<h2>Underoverskrift</h2>
<p>Nytt avsnitt med fleire vektlagde ord som skal uttalast <strong>med stor kraft</strong>.</p>

Strukturen i HTML handlar ikkje om utsjånad. Strukturen handlar om å gjera teksten tilgjengeleg. Ved å følgja logikken i dette markeringsspråket, let me kven som helst få tilgang – anten dei sit med Opera, Firefox eller Internet Explorer, har ein braille-skjerm, nyttar tekst-til-tale, eller les teksten på mobiltelefonen sin. Mantraet til vevutvikling er at HTML er tekst, CSS er utsjånad. Du kan sjølvsagt få til ein kjekk utsjånad med å prakka kjeldekoden full av sånt, men då fungerer det ikkje på tvers av nettlesarar og plattformer. Vevstaden din vert då utilgjengeleg:

<font size="18">Overskrift</font><br><br>
Avsnitt med <i>vektlagde ord</i>.<br><br>
<font size="14">Underoverskrift</font><br><br>
Nytt avsnitt med fleire vektlagde ord som skal uttalast <b>med stor kraft</b>.

I dag nækjer eg meg – eller rettare sagt, veven min – for å syna fram at eg har ein god struktur på den.

Gje innspel