Enkel visning av IMDb PowerSearch

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I mars skreiv eg om korleis du kan mata inn variablar for å få det nye IMDb PowerSearch, eller IMDb Advanced Title Search som det no heiter, til å fungera litt betre. Utviklarane hjå IMDb gjer søket betre, sakte men sikkert, men framleis manglar skjemaet eit val om å visa fram resultatsida i ei enkel liste slik som før. Du kan sjølvsagt skriva inn view=simple kvar gong, men det er endå lettare å fiksa det med eit brukarskript.

Brukarskript er veldig kjekke. Eg har eit som alltid vel den beste kvaliteten på YouTube-videoar for meg, og eit anna som lurar NRK Nett-TV til å tru at Opera faktisk køyrer Silverlight sjølv om det eigentleg er Moonlight. Både Opera og Firefox (i Firefox må du etter det eg forstår ha Greasemonkey-tillegget) har støtte for slikt, og du finn mange brukarskript på Userscripts.org. For å få dei til å fungera i Opera, klikk Verktøy – Innstillingar – Avansert – Innhald – JavaScript-val, og vel mappa der brukarskripta dine ligg (eller, lettare, gå til opera:config#UserPrefs|UserJavaScriptFile, og vel mappa der). Straks det ligg ei .js-fil i den mappa, vil Opera nytta den som eit brukarskript.

Attende til IMDb. Korleis kan me nytta brukarskript for å gjera resultatsida i PowerS… orsak, Advanced Title Search betre? Enkelt, me fortel berre nettlesaren å føya på view=simple etter resten av variablane. Legg det følgjande i ei .js-fil i brukarskript-mappa di:

// ==UserScript==
// @name Enkel resultatliste på IMDb Advanced Title Search
// @description Tving ei enkel liste på resultatsida til IMDb Advanced Title Search
// @include http://www.imdb.com/search/title?*
// @author Simon Hansen
// @version 0.1
// ==/UserScript==
 
if (!window.location.search.match(/\bview=simple\b/)) window.location.replace(window.location+"&view=simple");

I pseudokode: På alle sider som byrjar med http://www.imdb.com/search/title?: Viss adressa ikkje inneheld view=simple, legg til &view=simple.

Permanent link to this article: https://boba.no/2010/05/enkel-visning-av-imdb-powersearch/