Min nyaste dings: Bobblehead Boba

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

17. mai kom og gjekk, og eg sit og ser igjennom dei katastrofalt dårlege bileta eg knipsa den dagen. Mest alle vart uskarpe og trasige, og dei der eg fekk skikkeleg fokus, var motivet umotivert til å verta teke bilete av (mamma snudde seg støtt, rynka på nasen, gjorde alt mogleg slags ting anna enn å smila til fotografen), eller så bomma eg heilt (kappa av mangt eit hovud). Men eitt bilete vart eg nøgd med, og det var eit eg tok på formiddagen av min nyaste dings. Ein såkalla «bobblehead»-figur av ingen ringare enn Boba Fett.

Den 21. mai 1980 fekk mange tilskodarar møta Boba Fett for fyrste gong i Star Wars: Episode V – The Empire Strikes Back. Me veit jo at han tidlegare var med i The Star Wars Holiday Special frå 1978, men den var det ikkje mange som såg. Me finn Boba òg i Star Wars: Episode IV – A New Hope, men det er i spesialutgåva frå 1997/2004, ikkje den opphavlege kinoutgåva. Kor som er, gratulerer med dagen, Boba!

Då eg kom over den på Game Stop, kunne eg ikkje berre gå utan å kjøpa den. Eg meiner, det er ikkje utan grunn at eg har vevadresse Boba.no. Hjarteleg velkomen til familien, Bobblehead Boba!

Permanent link to this article: https://boba.no/2010/05/min-nyaste-dings/

2 comments

    • Ola on 23. juli 2010 at 7:36

    Eg tykkjer at Boba Fett er den kulaste karakteren i Star Wars. Den hjelmen og resten av haldninga hans er uslåeleg. Og romskipet, Slave II (det er rett, sant?)!

    • Simon on 23. juli 2010 at 9:00
      Author

    Boba Fett er den kulaste karakteren i Star Wars 😀
    Men Slave II kjøpte han rett nok ikkje før etter slaget om Endor, viss du trur bøkene og teikneseriane. I filmane fartar han rundt i Slave I.

Comments have been disabled.