«

»

Bloggsumar: 25. mai

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Den 25. mai var det Geek Pride Day. Det var også premieredatoen for Star Wars i 1977. Det var også bursdagen til Frank Oz, som speler Yoda i filmane. Og det var Towel Day, til minne om Douglas Adams. Det var mykje å ta tak i, med andre ord. Eg feira med ny Star Wars-skjorte og eit fint handklede (men måtte lata båe liggja i garderoben under skiftet mitt).

Skjortetekst: Han Shot First

Skjortetekst: Han Shot First

Handkledetekst: 42

Handkledetekst: 42

Veslebror Tobias då eg kom heim frå frå byen den dagen: «Du gjekk vel ikkje ute med det der?!»
He has much to learn in the ways of the geek

2 innspel

  1. Kai

    ahhhhhhhhhhhhhhhhh! Eg MÅÅÅÅÅ få meg den Han Shot First skjorta!

Gje innspel