«

»

Bloggsumar: Buss, buss

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Å ta bussen er ikkje like spennande som det ein gong var — det er ikkje like fascinerande som då me var unge og naive barnehageungar, og trudde at bussjåførar hadde godt humør. For mange er det å ta bussen ei dagleg rutine, heilt utan spenning, og ofte går det tregt. Det er rett og slett keisamt å ta bussen. Hadde det berre vore keisamt, hadde alt vore flott.

Ting eg hatar i bussen

Her kjem mine topp fem irritasjonar i bussen. Kva er dine?

#5: Å sitja på solsida

Du kjem av arbeid, og har både uniform og ytterklede på deg. Tjue minutt av den halvtimen det tek, køyrer bussen med venstresida mot sola. Ljoset gjer vondt i auga, og det er v a r m t. Det klør. Det er klamt og ekkelt. Og det er ikkje mogleg å sveiva ned vindauget. For å unngå problemet, sit eg alltid til venstre om morgonen og til høgre om ettermiddagen.

Eit liknande problem oppstår om hausten, når sjåførane nyttar varmeanlegget. Det er grueleg fælt å sitja inst ved vindauget då, same om sola skin eller ikkje. Varmlufta og det varme røret gjer bussturen mest uleveleg for dei som må sitja klint oppi det. Men det er jo ikkje noko artig å sitja ved midtgangen heller, sidan folk heile tida skubbar borti deg når dei går inn eller ut.

#4: Folk som pratar høgt

Bussen er eit offentleg transportmiddel, og eg kan ikkje hindra folk i å prata saman. Men det er forskjell på å prata med høfleg låg røyst, og høg skrik-og-skrål-røyst. Kva du, framande person, gjorde i går interesserer meg ikkje, men når du pratar så høgt som du gjer, involverer du alle i bussen i det. Anten dei andre vil eller ikkje. Skam deg!

Likeeins kan eg ikkje fatta at nokon absolutt må prata på telefonen i buss. Kan du ikkje venta?

#3: Barnehageungar

Igjen er det støynivået som irriterer meg mest. Ungar har ikkje grep om konseptet med å prata høfleg lågt, så det er jo eigentleg ikkje noko å gjera med det. Men det tyder ikkje at eg ikkje kan irritera meg over det lell. Dei skvaldrar og ropar til kvarandre, og dei tek mykje plass. Det nyttar ikkje å gøyma seg i ein annan del av bussen, sidan dei er overalt. Kan ikkje barnehagane på ein stad gå saman om å kjøpa seg liten minibuss?

#2: Udugelege høyretelefonar

Støy er eit gjennomgåande tema her, ser eg. Eg kjenner sinnet kokar når eg tenkjer på denne. Sløve jævelar som sit med buksa nedpå knea, hettegenser fem nummer for stor og eit sett med bærbare høgtalarar festa til øyra sine, det tenkjer eg på når eg seier udugelege høyretelefonar. Ja, for det er ikkje høyretelefonar lenger når like mykje ljod hamnar i omgjevnaden som i øyregangen. Eg hatar å vera nøgd til å lytta på skvipmusikken til andre! Kjøp dykk høyretelefonar som faktisk fungerer; Ljoden skal gå innover, ikkje utover!

#1: Tid

Dette er vel eigentleg meir stressande enn irriterande. Bussen er eit tregt framkomstmiddel. Under normale Eg nyttar ti minutt mindre inn til byen på sykkel, tjue minutt mindre med bil. Så når bussen vert forseinka, så merkast det godt. Ei løysing er jo å taka ein tidlegare buss, slik at du alltids har litt slingringsmonn før oppmøte ved reisemålet, men det byd berre på endå meir sløsing med tid. Bussrutene er nemleg sjeldan tilpassa timeplanen din. Anten er bussen framme fem minutt seinare enn ynskeleg, eller så er han over ein halvtime for tidleg. Det er aldri noko midt i mellom, same om du skal på arbeid eller kino. Når det kjem til presisjon, er altså bussen ikkje å føretrekkja.

Ting eg liker med bussen

Du trudde vel ikkje dette innlegget skulle berre vera negativt, vel? Det er nemleg mykje som kjekt med å ta bussen.

#5: Trening

OK, dette punktet gjeld truleg berre meg, men å ta buss er god trening. Eg har ein stygg uvane med å koma litt seint ute til bussen, same kor mykje tid eg har på meg om morgonen. Og kvar gong det hender, lauper eg. Utan bussturane mine dei siste seks åra, hadde eg ikkje rørt meg. Eg har ikkje hatt noko særskild interesse av trening, og sykkelen eg hadde før, nytta eg berre til å trilla att og fram til Dragvoll med. Men bussen laup eg til. Ofte fleire gonger i veka. Og det gjer eg framleis. Viss bussen passerer haldeplassen min før eg kjem fram, er det berre å laupa vidare. Det er to sjansar til å nå han att. Fyrst ved gammal-Bunnpris når den kjem ned frå Skillevollen på veg til skulen. Rekk eg den ikkje der, er det berre å laupa ned til fotoboksen. Fin morgontrim å spurta så du får blodsmak i munnen, og ta så i at du nesten svimar av i setet når du endeleg når han.

#4: Tid

Som tidlegare nemnt, er bussen sløsing av tid. Men det går an å sjå annleis på det. Me har ofte det så travelt i kvardagen at me ikkje får tid til å slappa av, nyta omgjevnadene, observera verda der den dansar rundt sola. Det er mykje å irritera seg over i bussen, men som regel er turen roleg og jamn. Ja, nesten avslappande. Du får tid til å verkeleg sjå heimstaden din. Sjå korleis årstidene endrar det visuelle inntrykket. Sjå korleis den grøne floraen langs vegkanten står i kontrast til den grå asfalten. Nyta den durande, smått masserande ristinga frå hjula.

Du får ikkje minst tid til å lytta til tankane dine. Dei fleste gode tekstane eg har skrive, har starta som ein strøtanke ombord på bussen. Bussen gjev deg tid til å filosofera. Hjernen din treng trening, og ikkje berre matematikk og logistikk frå kvardagen, men òg i abstrakt tenking om høgtsvevande ting som kunst, kultur og meininga med det heile. Eller berre skjemt og moro. Og sjølvsagt matematikk og logikk frå kvardagen, som til dømes å setja opp eit matbudsjett i hovudet for dei neste par dagane.

#3: Økonomisk

Bussbilletten kostar 30 kroner, eller 22,50 viss du har eit reisekort. Det er kring 14 000 kroner tur-retur fem dagar i veka heile året. Køyrer du heller ein liten bensinbil, vil det kosta deg 50 000 kroner. Pluss forsikring, uventa reparasjonar og så bortetter.

#2: Folk

Å taka bussen kan vera veldig kjekk sosial interaksjon. Det er veldig triveleg å møta på folk du ikkje har sett på ei stund, og få slå av ein stutt prat med dei. Både du og den andre er der i bussen i lag, og har eit sett tal på minutt å prata saman. Det er ingen av dykk som kan titta på klokka og dikta opp ei orsaking for å laupa vekk. Det er heller ingenting som forpliktar til ein lengre samtale over matbit eller liknande. Båe har eit mål med bussturen, og når de kjem fram til endestasjonen dykkar, er samtala over. Dette gjev dykk tid til å prata litt om gamledagar, oppdatera dykkar på kva den andre styrer med, og dela tankar om samtida.

Vidare er bussturen ei øving i sedvane. Sjølvsagt finst det einskilde som sit pal når ein eldre person stiger ombord, men resten kan finna glede i å gleda andre med litt hjelp. Det kostar så lite å tilby setet sitt til nokon andre som kanskje treng det meir. Eller å løfta på ei barnevogn eller ein gåstol. Kanskje til og med halda ei gamal dame i handa når ho klyver av bussen om vinteren, sånn at ho ikkje treng å vera redd for å gli på isen?

#1: Det er gjævt for alle

Viss femten personar tek bussen til arbeid, vil det seia at det er femten færre bilar på vegen. Dette gjev betre trafikkflyt, større tryggleik, mindre svevestøv i lufta, lågare forbruk av fossilt brennstoff, mindre motorstøy, mindre slitasje av asfalten, og så bortetter. Alle sigrar på det!

2 innspel

  1. Synnøve

    Vel, sidan du spør… Her er mine topp fem bussirritasjonar:

    5.) Folk som med vilje tek opp eit dobbeltsete ved å setja seg nærmast midtgangen og fylla vindaugssetet med skrotet sitt. Jamvel når bussen er full, gjer dei ikkje mine til å flytta seg. Sjølv plar eg be dei rett ut om å gjera plass, for eg ser ingen grunn til å stå for at Elsa (70) skal sleppa å ha handveska si på fanget.

    4.) Støy frå øyretelefonar. (Eg trur rett nok at det ikkje nødvendigvis er telefonane som er dårlege, men heller at somme trur det er kult å øydeleggja øyra sine ved å få resten av bussen til å høyra på Eminem.)

    3.) Å sitja på solsida. Du har sagt alt.

    2.) I forlenging av 5): Stappfull buss.

    1.) Humping, risting og krappe svingar + bussar som køyrer tusen omvegar = KVALME. Eg vert ofte bilsjuk i privatbil òg, men nokre av dei verste opplevingane har eg hatt på buss.

    (Eh, eg er stor fan av kollektivtransport, altso. Men bane slår buss når som helst, etter mi meining. :-))

  2. Ola

    Hei hei, Synnøve. For det fyrste ER det kult å øydeleggja øyra sine ved å få resten av bussen til å høyra på den kulaste musikken (ikkje at det er Eminem, altso), og for det andre er det KULT å høyra på høg musikk!

Gje innspel