«

»

Bloggsumar: Sykling

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

For å gjera bot på lite aktivitet, skal eg i sumar gjera freistnad på å skriva meir enn eg gjer til vanleg i desse feriemånadene. Ein liten titt i arkivet avslører at det eigentleg ikkje er snakk om så veldig mange innlegg. Eg skal skriva minst tolv innlegg i sumar. Det vil seia fire i snitt per månad, eitt i snitt i veka. Det lyt eg klara. Og for å gjera det lettare for meg sjølv, skal temaet vera – vel, kva enn eg vil. Lista er lægja, sjølvsensuren er dempa og støvet på tastaturet er tørka vekk. Sidan det er sumar, og fysisk aktivitet er tingen etter vinterdvalen, vil dette fyrste innlegget handla om nett dette. Meir spesifikt sykling. Velkomen til Bloggsumaren på Boba.no!

Helsa mi er ikkje på topp. Det er eg den fyrste til å innrømma. Eg vert ikkje lett sjuk (snarare tvert i mot), men eg er ikkje i toppform. Det er lengje sidan eg dreiv med noko som kravde kondis og musklar. Vel, med unnatak av mine spurtar til busshaldeplassen om morgonen, då – dei har eg gjort i elleve år no, og er nær med å svima av i setet kvar einaste gong. Men utover det lev eg eit ganske roleg liv viss tyngste arbeidsoppgåve er å løfta fjernkontrollen.

I vår fekk eg tiltakslyst, og fann ut at eg skulle gjera noko med i alle fall kondisen. Eg kjøpte meg ein ny sykkel 1. Og sidan verbalet i den førre setninga var «kjøpte» og subjektet var «eg», er det ikkje vanskeleg å skjøna at dette er motivasjon nok til å faktisk bruka objektet «sykkel». Løna mi er ikkje stor, eg kan difor ikkje kasta bort pengane mine på ting eg ikkje kjem til å nytta. Difor syklar eg. Sjølv på varme dagar, når eg til vanleg berre vil gøyma meg i ein skugge med ei kald brus og ein god film.

Eg har rekna meg fram til at eg må sykla minst 95,8 mil for å tena inn sykkelen. For å gjera det enklare, er målet 100 mil i år. Altså frå Rana til Oslo. I skrivande stund har eg sykla 20 mil. Dei fyrste turane var drepen. Langt. Tungt. Vondt. Det tok meg ein halvtime frå Båsmo til sentrum. Denne tida vert støtt betre. For eit par år sidan, då eg faktisk sykla ofte, tok det meg 20 minutt på den same strekninga. I går slo eg dette med eit heilt minutt. Eg tok på meg hjelmen klokka 18:27, og av klokka 18:46. Og då eg kom fram, var eg ikkje andpusten. Eg kjente det litt i føtene, men det var ikkje noko å seia på kondisen.

Dette gjer at eg stussar litt. På sundag sprang eg opp og ned trappa på arbeid med mange øskjer med potetgull. Dette veg nesten ingenting, så det var ikkje tungt. Og når eg seier at eg sprang, meiner eg eigentleg at eg luska i eit passeleg tempo. Likevel vart eg sliten av det. Eg skulle ta hand om ein kunde, og klarte nesten ikkje få att pusten. Kva i alle dagar skal det tyda? Ny personleg sykkelrekord utan å verta andpusten, men døyr nesten på meg av to kilo potetgull opp ei trapp? Det heng ikkje på greip.

Ein ting eg har oppdaga, er at kvar gong eg leitar fram sykkelen med mål om å sykla mykje dei kommande dagane, gjer vêret alltid heilomvending. Eg får sykla ein dag. Neste dag er det alltid regn. Eller ettermiddagsskift. Og sånn går no dagane. I går sykla eg altså. I dag hadde eg ettermiddagsskift, og då orka eg ikkje sykla fyrst. Og no i kveld kom regnet. Slår aldri feil. Men det er jo kjekt å vita. Vert det for varmt på det sørvendte loftrommet mitt i sumar, treng eg berre taka meg ein sykkeltur, så fiksar vêret seg sjølv…

  1. Sykkelen er ein Merida Crossway Yellowstone, viss du lurte. []

1 innspel

  1. Vegard Thingvoll

    Tenkte selv begynne med sykling. Hva med at vi kjøper oss en slik Garmin GPS og legger inn kilometrene vi sykler? Kan vi sammenlikne og sette oss et felles mål for antall kilometer i uken 🙂

Gje innspel