«

»

Bloggsumar: Sylvester

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg har knipsa eit par bilete av favorittmotivet mitt. Det er sjølvsagt katten min, Sylvester. Kjempekoseleg dyr. Me har hatt han i over åtte år no.

Etter ein dramatisk fødsel, flytta Sylvester med kattemora Musti og veslebroren Lucifer til oss i januar 2002 medan eigarane drog på ein sydenferie. Lucifer flytta seinare til ein familie i Åga, og Musti heim til Røssvoll. Sylvester vart buande hjå oss, og har sidan då vore ein del av familien. Han er litt sjenert mot framandfolk, men er ein glad katt. No om sumaren elskar han å liggja under trea bak huset, men viss me driv på med noko i hagen, er han nyfiken og held oss med selskap.

Her er eit gammalt bilete av mamma Musti:

Gje innspel