«

»

Kule TV-figurar

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Medan filmverda tek oss inn i forteljingar, er det rollefigurane som er kjerna i fjernsynsverda. Den serielle forma let oss få tid til å verta kjende med figurane, og kan syna dei i langt fleire situasjonar enn det ein film rekkjer. I filmar er karakterane ein funksjon i plottet, medan plottet i fjernsynsseriar ofte er ein funksjon av karakterane. Det er difor du kan finna meir fyldige og fullstendige personar i seriar enn i filmar. Det finst sjølvsagt mange eindimensjonale karakterar i fjernsynsmediet, på same viset som det finst særs gode rollefigurar i filmen, men no skal det altså handla om fjernsynsseriar. Meir presist rollefigurane. Eg har vridd hjernen og kome opp med rollefigurar som har meir enn ein dimensjon, som kan både røra og forarga tilskodarane sine, og som i tillegg har det vesle udefinerbare ekstra. Men mest av alt er dei berre råkule!

Før me kjem til hovudlista, vil eg lista opp nokre av dei andre nemneverdige figurane i fjernsynsverda. Og som alltid, kom gjerne med innspel til fleire sjølv.

  • K.I.T.T. frå Knight Rider
  • Hiro Nakamura frå Heroes
  • Kaptein James T. Kirk frå Star Trek
  • Miss Piggy frå The Muppet Show
  • Number Six frå The Prisoner
  • Alle frå Twin Peaks
  • Veronica Mars frå Veronica Mars
  • Kaptein Malcom Renolds frå Firefly
  • Diana frå V

#10: Barney Stinson frå How I Met Your Mother

Tre ord: Neil. Patrick. Harris.

Barney Stinson
How I Met Your Mother

#9: Dexter Morgan frå Dexter

Triveleg arbeidskamerat. Snill bror. God kjæraste og farsfigur. Og brutal seriemordar fullstendig ute av stand til å skjøna seg på kjensler. Michael C. Hall speler dette paradokset av ein rollefigur i ein av dei få krimseriane det er verdt å sjå.

Dexter Morgan
Dexter

#8: Cameron frå Terminator: The Sarah Connor Chronicles

Summer Glau tok over den legendariske rolla til Arnold Schwarzenegger då Terminator gjekk til fjernsynsmediet. Ho gestaltar rolla som den nye, ukjende infiltratør-modellen Cameron på ein meisterfull måte, og det er unekteleg henne me gjekk attende til veke etter veke. Medan me alltid visste med Arnold, anar me ikkje kva motivasjonar Cameron har. Er ho der for å verna John Connor, eller for å stogga honom? Er ho redninga til menneskja, eller er ho faktisk mora til Skynet? Då serien vart kansellert etter to sesongar, var det på trass av Summer Glau. Ho gjorde ein liten svipptur innom Dollhouse, men elles har det vore meir eller mindre eit Glau-vakuum i tittekassa sidan T:SCC gjekk av lufta.

Cameron
Terminator: The Sarah Connor Chronicles

#7: Homer Simpson frå The Simpsons / Bender B. Rodriguez frå Futurama

Desse to får dela plassen. Båe er teikna av Matt Groening, og båe figurerer som dei mest høglydte blant karakterane i kvar sine seriar, samt har kjærleik til flaska. Men utover dette, har dei lite sams. Bender røyker, bannar og stel. Homer engasjerer seg i mykje – men alltid i feil ting, og er ikkje den skarpaste. Medan Homer har låg intelligens men stort hjarte, er Bender berre vondskapsfull. Det er desse figurane me vender attende til i desse etterkvart legendariske teikna satirane. The Simpsons turar og går, og startar straks på sin 22. sesong, og Futurama klarte det utrulege å venda attende frå krypta av kansellerte fjernsynsseriar med ikkje mindre enn fire videoar og ein heilt ny sesong.

Homer Simpson / Bender B. Rodriguez
The Simpsons / Futurama

#6: Randy Hickey frå My Name Is Earl

My Name Is Earl var ein optimistisk amerikansk komiserie i ei tid prega av dårleg økonomi, krigar og generell negativisme i USA. Diverre vart også denne serien råka av dårleg økonomi, og me fekk berre tre sesongar (Jada, eg veit at det var fire, men sesong 3 var så dårleg at den teljast ikkje!). Serien hadde eit rikt karakterutval, frå den einauga postmannen Willie til den dagsarbeidande hora Patty. Men ingen slo veslebror Randy, spelt av Ethan Suplee. Eit særs fantasifullt sinn, og om det så skortar litt på ambisjonar og intellekt, så tek han det igjen med eit gigantisk hjarte, enorm entusiasme og ikkje minst lojalitet og kjærleik til broren sin.

Randy Hickey
My Name Is Earl

#5: Fox Mulder frå The X Files

Fyren heiter Fox – kor kult er ikkje det, liksom? Utover det, har han eit sunt forhold til porno og sextelefonar, solsikkefrø og ikkje minst flygande tallerkar. Den tidlegare genierklærte mannen vart håna og set i kjellaren av FBI etter at han tok opp sakene i X-arkivet, med von om å finna ut av kva som hendte med systera si for mange år sidan. Sjefane plasserte til og med ein spion hjå honom, Dana Scully, for å finna eit vis å stengja honom ute ein gong for alltid, men sjølv ikkje dette stogga Mulder. «I want to believe», er mottoet hans, og dette er kjerna i karakteren. Han trur ikkje. Han vil tru. Han vil tru at det finst svar, at sanninga er der ute. Og difor leiter han. Med ein dyktig og nidkjær sans for rettferd i det elles likesæle og korrupte FBI-landskapet.

Fox Mulder
The X-Files

#4: Starbuck frå Battlestar Galactica

Starbuck: gamblar med høg sigarføring. Alltid med eit sjarmerande glis, men slår hardt frå seg viss det skulle koma til det. Eg talar sjølvsagt om Kara Thrace frå den nye Battlestar Galactica. Ikkje det, Dirk Benedict gjorde ei kul rolle med Starbuck i den originale serien, men den kvinnelege Starbuck er ein mykje meir interessant figur. Du liker henne, du hatar henne, men du kan ikkje ignorera henne.

Kara «Starbuck» Thrace
Battlestar Galactica

#3: Gorgon Vaktmeister frå Pompel og Pilt

Denne rollefiguren er ein multikunstnar. Han var Noregs fyrste rappartist. «Reparere, revidere, registrere, resignere, revurdere…» Han var Noregs fyrste dragqueen. Han dreiv på med ukjønna formeiring. Han var vaktmeister i eit fullstendig surrealistisk burettslag. Og på toppen av det heile måtte han hanskast med hærverk frå slyngel som Pompel og Pilt.

Gorgon Vaktmeister
Pompel og Pilt

#2: Buffy Summers frå Buffy the Vampire Slayer

Ei seksten år gammal blond jente med neglelakk og høghælar, på veg heim ein mørk kveld. Ho går gjennom eit smug. I skuggane lurar truande mannspersonar. I ein kva som helst anna serie eller film, ville jenta anten verta valdteken eller drepen. Men då Joss Whedon valde karakteristikken uskuldig, men lell sexy, blond bimbo, gjorde han det for å punktera denne klisjeen ein gong for alle. For ikkje berre er Buffy alt dette, men ho er råsterk og rappkjefta i tillegg! Lite veit dei truande mannspersonane i skuggane at dei snart får kjenna at skohælar er svært vonde å få gjennom ribbeina, og at jenta kjem med ein tørrvittig replikk i staden for eit jomfru-i-naud-skrik.

Buffy Summers
Buffy the Vampire Slayer

#1: Sue Sylvester frå Glee

Du kan seia kva du vil om Glee, men Jane Lynch som Sue Sylvester stel kvar einaste scene ho er i. Frå dei sarkastiske kommentarane om håret til songlæraren Will Schuester, til slengmerknadane om å få operert bort tårekanalane sine av di ho aldri har hatt bruk for dei. Dama er spik spenna galen! Om så du hatar musikalar, ungdomsseriar, Technicolor-dansing and what not, så lyt du jamvel stikka innom Glee berre for å få med deg fenomenet Sue Sylvester. Meir fantastisk rollefigur skal du leita lengje etter!

Sue Sylvester
Glee

3 comments

  1. Simon

    I natt vann Jane Lynch ein Emmy i kategorien Outstanding Supporting Actress in a Comedy Series for Glee. Gratulerer!

  2. Synnøve

    Hurra, ny topp-ti-liste!

    Eg har ikkje sett alle desse seriane, men har likevel høyrt om Sue Sylvester – burde nesten syta for å få sett Glee berre på grunn av henne. Elles saknar eg My Name Is Earl; det var ein undervurdert serie, spør du meg.

    Mi eiga topp-ti-liste, sånn på sparket (eg har heilt sikkert gløymt nokon, og rekkjefylgja må du ta med ei klype salt):

    10. George Costanza frå Seinfeld
    9. Elna frå Mot i brøstet
    8. Ling frå Ally McBeal
    7. Hyacinth Bouquet frå Keeping Up Appearances
    6. Alle i «Allo «Allo (seriøst, det er heilt umogleg å velja!)
    5. Inspektør Foyle frå serien ved same namn
    4. Lisa Simpson frå The Simpsons
    3. Inspektør Jack Frost frå serien ved same namn (jepp, eg likar britiske politimenn. Og seriar om britiske politimenn.)
    2. Niles Crane frå Frasier
    1. Dale Cooper frå Twin Peaks! <3 <3 <3

  3. Simon

    Ja, Glee er absolutt verdt ein titt berre på grunn av Sue Sylvester. Resten av karakterane er litt meh, men songane er ikkje så ille.

    Bra liste, Synnøve. Damn good coffee!

Gje innspel