«

»

Seinsumarferie

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Då var sumarferien min over. I går var eg attende på jobb. Eg tok ferie halve veke 35 og ut veke 36. Det var utruleg kjekt. Eg har vel meir eller mindre jobba sidan august i fjor, så eg kjenner at det var på tide å få litt fri. Men det var jo nett det. Kva gjer eg når eg er van til å arbeida heile tida? Kva kan eg finna på?

Onsdag til fredag gjekk eg rundt utan så veldig mykje å gjera. Var på trening, såg film, vitja vener, vaska heime, rydda og ordna. Men eg hadde veldig lyst til å reisa. Og reise gjorde eg. Laurdag morgon stod eg med ryggsekk og sovepose nede på togstasjonen, klar til å dra sørover. Til den gamle studiestaden min, Nidaros.

Togturen var eit ork, som vanleg. Det var sjølvsagt agendatoget som køyrte dagsruta. Agendaen er, for dei som ikkje er kjent med det, eit pendlartog, meint for stutte strekningar på lokalt nivå. Til turar som tek maks to timar. Det er det pendlartog er meint til, ikkje sant? Men av ein eller annan grunn har NSB funne ut at det ville vera lurt å setja opp ei pendlarrute med dette toget på ei femti mil lang strekning. Så kvar morgon i halv ni-tida køyrer det frå Mo i Rana ned til Nidaros, og kvar ettermiddag i firetida køyrer det attende til Mo i Rana. Toget har harde og tronge sete, er absolutt ikkje laga for bagasje, og med unnatak av ein automat på midten er det inga høve til å få mat eller kaffi ombord. Sa eg at seta er harde og tronge? Vel, som om det ikkje var nok, stod seta feilvegen i høve køyreretninga. Passasjerane rygga altså heile vegen frå Mo i Nidaros.

På agendaen passar eg alltid på å eta godt før me startar, ha med mat viss eg vert svolten, og ikkje minst finna ein balanse mellom tørst og utørst slik at eg slepp å springa på dass heile tida. Frukt hjelper. Det held blodsukkeret oppe, samstundes som du føler deg mindre tørst. Et du til dømes banan, vil pissetrongen reduserast ytterleg. Måltida før og under togturar er altså nøye planlagt, slik at eg kan halda meg til setet mitt. Dette ville fungert perfekt for meg denne togturen, hadde det ikkje vore for ein ting: eg sat nærmast midtgangen, ikkje nærmast vindauget. Stadig vekk dulta folk som hadde slurva med måltida borti meg. Stadig sprang dei på do. Eller til kaffi- og brødskiveautomatane. Og heile tida fekta dei med armar og bein. Eg fekk stadig kjennskap med nye olbogar, skuldrer og kne. Ja, for eg nemnte vel at agendaen er trong? Og skikkeleg ille var det når me tok på nye passasjerar. Då fekk eg koffertar, sekkar og vesker over meg. Ein klarte til og med å riva av meg brillene på det viset. Takk, NSB, for at de er så gjerrige at de køyrer eit lokaltog på ei regionsrute! Den verste passasjeren var derimot vedkomande som sat i vindaugeplassen. Ho var skikkeleg stressa. Ho var klar til å gå – nei, laupa av toget når som helst, det var berre det at ho skulle heile vegen til Nidaros ho òg. Ho vridde seg i setet, var uroleg og rista på føtene, og alt ho gjorde var i skikkeleg stressmodus. Viss ho t.d. skulle ta seg ein slurk brus, så skrudde ho av korka som om den var ei tikkande bombe, og heiv i seg brusskvetten så snøgt at eg ikkje trur ho fekk tid til å svelgja, og så var det på igjen med korka i ei rasande fart og leggja frå seg flaska så brått at halvparten av kolsyra forsvann. Bruspimping førte sjølvsagt til dospringing, og då ville dei fleste reisa seg i normal fart og gje ein indikasjon på at dei ville forbi. Men ikkje denne personen. Ho sat heilt stille i det eine augneblikket, og i det neste klatra ho over meg. Eit par gonger klarte eg å lukta lunta, og dimed starta å gjera meg klar til å sleppa henne forbi. Ikkje faen. Ho hadde ikkje tid til å venta på at eg skulle leggja boka mi ned og trekkja føtene mine til meg. Doturar, lufteturar på stasjonar med lengre stansar og eg veitdåfanden kva alt denne passasjeren gjorde mellom kvar klatretur over meg.

Eg overlevde koffertar i hovudet, stressa medpassasjerar og tronge sete, og kom fram til eit nydeleg vêr i Nidaros. Eg vandra litt rundt i sentrum fyrst, og snuste til meg inntrykka eg hadde sakna. Eg gjekk innom det livlege torget (då tenkjer eg uteområdet under Olavsstatuen, ikkje kjøpesenteret Trondheim Torg), som yrte av folk og bodar. Frukt, grønsaker, bær, klede, (juggel-)smykkar, vatn, omega 3-piller. Ja, til og med eit telt med massasje. Der gjekk eg forbi fleire gong, for kvinnene som låg der var ikkje veldig blyge. Hehe. Eg titta innom mine gamle favorittar. Platekompaniet. Nova. Outland. Hattebutikken. Norli. Ark. Dromedar. Alle var der. Eg gløtta på Vår Frues Kirke, Nidarosdomen og Gamle Bybro. Traff eit par kjenningar. Åt eit etterlengta varmt måltid (men diverre ikkje noko meir fancy enn Burger King). Kino vart det òg, på komedien Dinner for Schmucks. Grei film, ikkje veldig god, men artig nok til å lura eit par glis ut av meg. På kvelden drog eg opp til Ola, ein ven frå målungdomen, som eg skulle bu hjå. Me gjekk ned til Studentersamfundet, og eg fekk ei omvising bak kulissane i bygget. Tidlegare har eg berre vore på Edgar, klubben, storsalen og slikt, så dette var artig. Møtte mange kule folk i Forsterkarkommiteen og Regi. Alt i alt ein triveleg kveld. Den vart avslutta med litt Gamecube før eg til slutt kraup ned i soveposen min.

Sundag var nok ein fantastisk dag i Nidaros. Ola skulle arbeida med studia sine, så eg spaserte meg ein tur. Eg hamna på Bakklandet. Nydelege, koselege Bakklandet. Vandra litt på promenaden langs Nidelva, før eg vart sugen på noko godt. Kaffibaren Dromedar låg borti brusteingata, men der var det så fullt, så eg stogga på Skydstationen. Svekaka (ranamål for svele) og kaffi vart konsumert på eit bord utafor, medan sola varma. Litt utpå ettermiddagen drog eg opp i Byåsen på vitjing ein ven frå Rana. Han serverte taco, og så drog me på kino for å sjå Toy Story 3 i digital 3D. Filmen var artig og 3D-en fungerte veldig godt. Etter filmen heiv eg meg på ein buss for å dra opp til Ola att, men då eg ikkje fekk tak i honom, fann eg ut at eg skulle sjå på mitt gamle nabolag. Etterpå spaserte eg meg ein tur igjen. Ola ringte, men vart fri for straum. Då han var heime att, var eg heilt nede i byen igjen. Ny buss. Det nye busselskapet, AtB («Vi tar dæ me fra A te B», seier dei i reklamen), har innførd 72-timarspass. Fri ferdsel på så mange turar du vil i tre døger, for 150 kroner. Ein billett kostar 30 kroner, så tek du bussen meir enn fem gonger på 72 timar, løner dette seg. Perfekt for denne helgeturen! Det gode, gamle bussorakelet frå Team Trafikk fungerer dessutan enno. Og det serverer gullkorn på gullkorn. Spørsmål: Er det nokre fine damer i byen i kveld? Svar: Det er for tiden stor trafikk på denne tjenesten.

Måndag skulle eg heimover att, og takka for lånet av golvet til Ola. Eg leigde meg skapplass på togstasjonen til bagasjen min (40 kroner, fy faen!), og drog opp til Dragvoll, min gamle studiestad, for å sjå. Det var ikkje så veldig mange kjenningar der. Dei fleste frå kullet mitt er ferdig med studia, sjølvsagt, og dei få som er att tek master eller andre ting. Eg såg ein og annan kjenning, sjekka ut kiosken (ingen nye i kassa, men litt betre plass mellom hyllene), kantina (dei har ommøblert!) og Café Sito (alt ved det same). Titta innom instituttet mitt, og bladde litt i dei nyare masteroppgåvene i Filmvitskap på biblioteket. Det var til stor glede at SmiN framleis hadde tavleplass på same stad som før, og at dei enno nytta seg av skåpet som ein gong i tida har vore mitt. Stå på, SmiN!

Etter Dragvoll, bar det nedover til byen. Eg skulle shoppa! Men det vart ikkje så mykje. Eit par bøker, eit par filmar, og resten mat og godt til togturen. Eg møtte ein annan kjenning, og så bar det til Peppes for ein matbit. Det var tabbe, for eg vart veldig tørst på toget heim. Toget gjekk klokka fire. Denne gongen sneik eg meg til vindaugsplassen. Eg spurte han som eigentleg hadde den billetten om han ville ha plassen sin, men han sa det ikkje spelte så stor rolle. Etter at konduktøren hadde vore på billettrunden sin, vart fyren vekke. Halvannan time seinare kom han attende, berre for å forsvinna att etter å ha lese ei avis. Eg anar ikkje kvar han vart av, men eg såg han knapt under heile togturen. Eg tenkjer det er godt eg stal vindaugsplassen, for viss ikkje ville eg ha venta på å flytta meg unna for at han skulle koma attende, og lurt veldig på kvar han var kvar gong han gjekk.

Toget var agendaen igjen, men heldigvis var seta rett veg. Diverre sat eg på venstresida, og fekk sola rett i fjeset i tre timar. Og NSB, som seg hør og bør, vil jo ikkje gjera ting lett for passasjerane sine, så dei hadde varmeomnane langs vindauget på fullt. Dette merkte eg ikkje før det var for seint. Posen eg hadde med meg, hadde eg lagt inst ved veggen (og varmomnen), og nista mi vart vassen og ekkel, drikka vart pisslunka, og eg, som allereie var tørst etter pizzaen, sveitta som ein gris og hadde lyst å bælja i meg heile den varme halvliteren. Men eg visste at blæra ville fyllast opp då, og nøyde meg med små slurkar. Det var veldig slitsamt, og ei stund var eg nesten redd for heiteslag. Men då sola gjekk ned, slo dei av omnen. Ah. Dei slo til og med på viftene i taket. Deilig. Men så kom omnane på att, og det var attende til tørste og sveitte. Takk, NSB, for at de gjer alt de kan for at passasjerane dykkar skal vantrivst! Vel heime bar det rett i dusjen, før eg kraup langt inn under dyna mi og steinsøv. Eg hadde det kjempeartig på turen, men sovepose og tynn luftmadrass i ein trong studenthybel kan nok ikkje slå ei varm dyne på mjuk og god 1,20m råmemadrass i eiga leilegheit.

Tysdag var avslapping. Stod opp etter elleve. Åt ein god frukost. Spaserte til heimhuset for å henta bilen, og naut deilig solskin undervegs. Mekka ein fantastisk middag. Ein heilt fantastisk dag, med andre ord, berre for meg sjølv. Det trengst innimellom, det òg. På onsdag tente ei varsellampe inni meg. Det klødde i halsen, auga var tørre og eg hadde litt vondt i hovudet. Som forventa, men lell… Faen. Eg plar alltid å liggja med feber ein eller to dagar etter ei reise. Slår aldri feil. Men sidan det ikkje kom på tysdag, rekna eg med at eg var berga. Men eg trassa signala, og drog på trening. Utover dagen vart symptoma mindre, og eg køyrte ein tur opp til pappa på Skonseng.

Planen for torsdag var klår. Eg skulle køyra meg ein dagstur til Nesna. Helsa på kjenningar der ute. Nyta denne siste sumarveka for i år. Men planen gjekk sjølvsagt i vasken med det same eg vakna. Hovudet verka, ryggen gjorde vondt, halsen var sår og feberen herja for fullt. Eg såg fargeklattar på veggane, og hadde rare feberfantasiar om rabiate hundar på kjøkenet. Men med unnatak av hallusinasjonane, hovudverket, den såre halsen og den vonde ryggen, kjente eg meg i fin form. Nett som det alltid er med denne post-reisesjuka eg alltid får. Det er det som er faren med det! Eg veit at eg lyt halda meg i ro. Eg veit at feberen berre vert verre viss eg nyttar meg av overskotenergien. Likevel klør eg etter å gjera noko anna enn å prata til feberfantasiane mine. Eg sat lengje og vurderte Nesna-tur lell, men droppa det til slutt. Men i staden for avslapping, vart det kinotur med eit par kompisar. Salt, med Angelina Jolie. Trur ikkje Tom Cruise hadde passa i den rolla, slik det eigentleg var tiltenkt. Ville fått panikk viss han hadde kledd av seg trusa si og kasta den på kameraet…

Fredag var eg framleis halvsjuk. No var halsen så sår at eg ikkje fekk til å svelgja. Ein tur til lækjaren endte med instruks om å ta det med ro, men eg slapp heldigvis penicillin. Ingen ekle streptokokkar i halsen, slik dei fyrst trudde. Så då var det berre å leita fram vasskokaren, te og eit par bøker. Helgevasken tinga eg veslebror til å gjera. Han kom, noko motvillig, men arbeidet vart utførd med stor grannsemd lell. Laurdag køyrte eg rundt i byen berre på måfå. På kvelden hamna eg på kino att. Me var ein gjeng på Predators, som etter lang ventetid endeleg tok turen opp til Rana Kino. Til slutt kom sundagen. Sundagen var, vel, sundag. Dagen før arbeid. Las ei bok, låg på sofaen, kjeda vettet av meg. Og så drog eg til heimhuset for å levera frå meg bilen.

Fyrste arbeidsdag var altså i går. Trass i at dette er det lengste fråvera eg har hatt på lengje, tykkjer eg det gjekk greitt. Måndag ettermiddag er ikkje det vanskelegaste skiftet, sjølv om det er litt småtungt. Eg trur ikkje eg rota så veldig mykje til, og eg hugsa koden til døra (Skjønt, det var berre såvidt. Eg heldt nesten på å tasta visakort-koden min i staden). Og det beste med å arbeida i går? Fri i dag og i morgon. Yay! ☺

Gje innspel