«

»

Vaksenpanikk, del to

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Så var tida her igjen. Snart eit år eldre. Snart eit år nærmare den ukjende alderen då eg visstnok skal byrja å kalla meg sjølv som vaksen. Og denne gongen fyller eg 25 år. 50 × ½. 100 × ¼. Eg lyt vel byrja å kalla meg sjølv for vaksen snart. Men kjenner eg meg som vaksen?

Sidan eg fyrst stilte spørsmålet «Er eg vaksen snart?», har det hendt eit par ting som flyttar meg meir og meir i retning av vaksenlivet. Eg lev framleis eit ganske roleg liv utan mykje festing og sladring. Eg har framleis ikkje sansen for å bretta ut privatlivet mitt til alle og ein kvar på veven. Men, i år som i fjor, treng eg å få rydda opp i tankane mine og få litt perspektiv på dei. For tida kring bursdagen min er alltid forvirrande og litt ekkel. Eg hatar det. Eg hatar å verta eldre. Eg hatar å ha eit skriftleg prov på at eg snart er gammal. Og eg hatar at eg klamrar meg fast til noko eg ikkje er. Eg er ikkje ungdom. Men eg vil heller ikkje kalla meg sjølv vaksen.

I året som gjekk, har eg gått på mange visningar. Eg har hatt møte i bank. Eg har leita etter sjølvstendet. Og i august kom det endeleg. Eg flytta ut frå loftstova og inn i eiga leilegheit. Rett nok berre som leigetakar, sidan eg enno ikkje tener nok til å kunne kjøpa sjølv, men det er like fullt ein bustad. No bur eg aleine på 90 kvadratmeter, med kjøken, bad, to soverom (ja, du kan godt få overnatta her viss du vil!), bod og ikkje minst ei stova med ein kjekk liten arbeidskrok. Eg har aldri hatt så god plass før. Eg tykkjer det er kjempekjekt at staden eg et, søv, ser film og arbeider ikkje er ein og same stad lenger. Men likevel oppsøkjer eg ofte dei tronge stadene i romma mine. Eg sit aldri midt i sofaen, men trekkjer meg yttarst. Eg har litt småvanskar med å sova utan eit skråtak å skalla i rett over hovudet, og det er litt skummelt å vakna opp om morgonen og faktisk kunne stå opp på kva side som helst av senga. Og kjøkenbordet? Eg hiv i meg maten så snøgt eg berre klarar, for ikkje å måtte sitja i det store rommet lengre enn eg må. Det er tåpeleg, eg veit, men det er berre sånn det er. Og det er dessutan ikkje så kjekt å måtte betala for straum.

Før helga kjøpte eg meg eit nytt leikety. Ikkje eit fjernstyrt minihelikopter eller noko liknande kult (skjønt eg har kjøpt ein Serenity-nykelring…), men ein bil. Ikkje ein fjernstyrt bil, eller ein skalamodell av tidsmaskina i Back to the Future, men ein ordentleg, køyrbar bil. Thats right, eg er bileigar. Ein Nissan Primera SLX 2.0i, 1996-modell. Og med bil, følgde mitt fyrste møte med forsikringsselskap.

Handlar det å vera vaksen om pengar og status, slik Vegard skreiv i eit innspel? Kvar månad betalar eg studielån, husleige, straum, forsikring, bensin, mat. Keisame utloger. Mykje pengar. Pengar eg heller kunne nytta på Atari-skjorter for å visa alle tullingar som går rundt med WeSC korleis bumerket SKAL sjå ut. Eller noko om/med zombiar. Då eg var yngre, tykte eg vaksenlivet såg kjempekeisamt ut, med arbeid og rekningar og prat om pengar. Men samstundes trudde eg det var noko meir, dette med å verta vaksen. Tok eg feil? Er dette alt?

I fjor ynskte eg meg bil og husvære. Det har eg no. I fjor lurte eg på om eg ville kjenna meg vaksen viss eg fekk det. Det gjer eg ikkje. Eg kjenner meg eldre, og eg kjenner panikk for ungdommen som stadig forsvinn litt etter litt frå meg. Men eg har enno ikkje kjent meg vaksen. Kjem det, som Skjalg skreiv i kommentarfeltet, med barn? Eg ser støtt jamaldringar med avkom, men må spørja meg sjølv om desse folka er meir moden og vaksen enn meg. Kanskje er det ikkje spesifikt barn som gjer vaksenfolk av ein, men ei generell haldning til livet. For det finst jo vaksne som er utan barn, på same viset som det finst umodne foreldre. Er du vaksen når du er ein god samlivspartner? Eller er du vaksen når du er eit oppegåande og velfungerande medlem av samfunnet, som røyster på valdagen, deltek på dugnad, og tingar lokalavisa sjølv om den ikkje er så veldig interessant?

På torsdag fyller eg 25 år. Eg deltek meir i verda til dei vaksne i år enn tidlegare. Eg røyster jo allereie på valdagen, og lokalavisa les eg stort sett kvar dag. Skjønt, eg får den ikkje i posten, men les den på arbeid eller i heimhuset. Eg vil prøva å venta til eg er 26 før eg igjen vil forsøka å kalla meg sjølv for vaksen. Då har eg eit år og tre dagar på meg. Kanskje det neste steget er å finna kvinna i livet mitt? Eller meir andsvar i jobben? Eller gjera X dugnadstimar i lokalmiljøet? Kor som er, no fyller eg 25 år, men er enno ikkje vaksen.

2 innspel

  1. Odin / Velmont

    Godt innlegg, trass i at eg ikkje hev noko stort fornuftig å koma med attende.

    Gratla med bil, og nært føreståande bursdag 😉

    Og eg trudde du var eldre enn det. Eg ligg ikkje langt bak med andre ord.

  2. Kai

    tikk takk tikk takk tikk takk tikk takk død

Gje innspel