«

»

Felicia

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Då eg kom heim frå arbeid i dag, låg det ein gul konvolutt i postkassa mi. Den var sendt frå USA. «Jøss,» tenkte eg, «kva er no dette?» Vel inne, med den slitne og vonde skrotten min godt planta i sofaen, opna eg konvolutten varsamt. Ei pappskive? Kva i?! Då oppdaga eg at det var noko på andre sida av pappen. Eit bilete. Av sjølvaste Felicia Day. Signert.

Det låg elles ingenting i konvolutten som gav nokon indikasjon på kven som har sendt meg det eller kvifor. Men kult er det. Eg har no eit flott bilete av Felicia Day. Og viss du spør kven det er, så tykkjer eg du lyt huta deg til å sjå The Guild, ein netserie som nyleg avslutta sesong fire. Frøken Day er både skapar, manusforfattar og hovudrolleinnehavar av denne artige serien. Ho har òg spelt i Buffy, Dollhouse, Legend of Neil, den tv-premiereklare filmen Red: Werewolf Hunter, og ikkje minst min personlege favoritt: Dr. Horrible’s Sing-Along Blog. Og så har ho raudt hår og freknor, og er ein flittig utøvar av videospel. Kult dame, med andre ord. Ho har ein blogg på Feliciaday.com, og er ivrig brukar av Twitter.

A propos The Guild, eg vonar du har fått med deg spesialepisodane / musikkvideoane. Fjorårets Date My Avatar (som eg har skrive om tidlegare) var ein stor suksess. Ein suksess berre overgått av årets Game On. Denne gjekk faktisk forbi Katy Perry på iTunes. Digg!

Kor som er, eg diggar biletet. Men eg er ikkje nærmare noko svar på kven som har sendt meg eit bilete av Felicia Day eller kvifor. Det er litt artig å koma heim til noko slikt.

Dagens låt: Django Reinhardt – Minor Swing

3 innspel

  1. Simon

    Mysteriet er oppklara 🙂

  2. Velmont

    Du segjer det vart oppklart, ja, men ikkje kva løysingi var. So, fortell.

    Oppdatert: Og kvifor kjem eg alltid i moderasjonskøen? Ærleg talt, eg hev jo skrive minst 10 innspel på bloggen din, må vel kjenna att epostadressa mi no! :S

  3. Simon

    Ein kollega av meg hadde donert til Knights of the Guild podcast, eller noko sånt, og premieringa for så og så stor donasjon var eit signert bilete. Han hadde oppgjeve mi adresse då 😛

    Når det gjeld moderasjonskøen, er dine gissingar like gode som mine. Eg anar ikkje. Akismet liker visstnok ikkje deg, og neittar å kjenna deg att :S
    Statistikken min veit derimot godt kven du er, med dine til no 66 innspel.

Gje innspel