«

»

Sjeft!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

No oppdaga eg plutseleg at eg ikkje har skrive noko her på ei stund no. Denne gongen er det ikkje berre latskap som står bak, men eg faktisk har fått det litt meir travelt i kvardagen. Eg er nemleg vorte sjef!

I tre veker no har eg hatt stillinga som vikarierande butikksjef i så godt som 100 %. Eg tykkjer det er litt artig, sidan eg framleis eigentleg berre har to skift per månad i følgje kontrakten. Kioskarbeid er kioskarbeid, så kvardagen er ikkje så veldig mykje endra. Forskjellen er at eg no har andsvar for personalet, i tillegg til meir kontorarbeid. Eg tykkjer dette er kjekt, og er spent å sjå kva anna eg kan forventa meg i denne stillinga.

Det er dessutan kult å treffa på gamle kjenningar og kunne seia at eg er butikksjef. Kulare enn ekstrahjelp og deltid, i alle fall. Eg har fått ein del «Oj»-ar og «Jøss»-ar, og det er jo alltid artig. Replikken «eg er butikksjef» har så langt vore veldig morosam å seia. Kven veit, kanskje er det eit pluss i boka når eg treff jenter. Det må testast! Og så må eg jo testa ut dette med å delegera arbeid, som eg høyrer sjefar kan gjera. «Du. Bakromsvask. No! *vondskapsfull latter*» Hehe, denne seinhausten vert artig!

Elles går ungkarslivet som vanleg. Har gjort trylletrikset om å ufrivillig gjera kvitt om til rosa i vaskemaskina. Bilen har fått på seg vinterdekka, og eg forbannar meg kvar morgon over det kalde vêret. Ikkje mykje å fortelja, eigentleg. Jo, eg kan jo nemna at eg her ein dag fekk skryt på treningssenteret. Ei dame kom bort til meg ein morgon og sa «Du er jo faen meg sterk i føtene». Tykte det var litt kult å høyra.

No skal eg svi meg ein omelett til kveldsmat. Og kanskje sjå litt vidare på sesong 13 av The Simpsons.

Dagens låt: Ugress – It was a great year (Movies with robots)

1 innspel

  1. Ola

    Nei, her fylgjer eg ikkje med! Til lukke, så gildt!

Gje innspel