Filmåret 2010

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Plutseleg var det gått over ei veke sidan det skreiv seg eit nytt år på kalenderen. Eg tykkjer ikkje det var lengje sidan år 2009 gjekk inn i gløymsla. Men før år 2010 gjer det same, vil eg rita ned litt om filmåret mitt.

Mo i Rana er ikkje den rette arenaen for å få med seg alt det spennande som rører seg i filmverda, så difor har eg ikkje fått sett like mykje og like variert som eg skulle ynskja. Me får vona at digitaliseringa som vart gjennomførd i haust, vil føra med seg eit rikare tilbod. Kor som er, litt film har eg då fått sett. I følgje loggen min, såg eg kring 140 filmar i året som gjekk. Ikkje alle var nye filmar, og fleire hadde eg sjølvsagt sett tidlegare, men no skal eg gjera freistnad på å gå gjennom dei, og kanskje få eit artig innlegg ut av dette.

Sekel

Eg veit om dei som nektar å sjå filmar som er eldre enn ti år. Rare dyr… Sjølv har eg ingen slike fordommar, og ser like gjerne ein ti år gammal film som ein seksti år gammal film. I året som gjekk, såg eg litt filmar frå før 2000. Somme var nye kjennskap, andre var kjære gjensyn. Eit utval:

  • Gattaca
  • Gategutter
  • L’année dernière à Marienbad
  • The Andromeda Strain
  • Twelve Monkeys
  • Clash of the Titans
  • Before Sunrise
  • History of the World: Part I
  • Akira
  • Budbringeren

Decennium

På denne tida i fjor, gjekk eg gjennom filmar frå 2000-talet i innlegget Film2K. Det tyder ikkje at eg gjorde meg ferdig med dette decenniet. Det finst då vel mange filmar att å sjå. Eit utval av filmar frå 2000-talet som eg såg i løpet av året:

  • Nói albínói
  • Casanegra
  • Once
  • Sita Sings the Blues
  • Juno
  • Moon
  • Synecdoche, New York
  • Little Miss Sunshine
  • Dr. Horrible’s Sing-Along Blog
  • District 9

Året som gjekk

Innleiingsvis skreiv eg at eg ikkje har fått med meg like mykje som eg skulle ynskja. Dette er både på godt og vondt. Godt er det at eg ikkje har fått med meg så veldig mange dårlege filmar frå 2010. Eg skulle laga ei liste på ti, men tykte ikkje at kandidatane eg kom fram til, høyrer heilt heime i lag. Eg meiner, ja, Hot Tub Time Machine var skuffande, Limbo var (diverre) keisam og Knight and Day var tåpeleg, men direkte dårlege var dei vel ikkje? Men det er ein film som står ut. Ein film som var grueleg dårleg. Ein film eg gjerne kunne vore utan i filmhugsen min. Det er den filmen som gjer at dei andre filmane eg kom på, til dømes Leap Year, Cop Out eller Predators, ikkje heilt passa på lista.

Eg veit ikkje heilt kva filmskaparane meiner, men filmen er ei slags nyinnspeling. Eller adapsjon, sidan originalen er ein teiknefilm. Den opphavlege filmen kom i 1940, som ein del av Disney-eksperimentet Fantasia. Sekvensen det er snakk om, er Mikke Mus som ryddehjelp hjå ein trollmann. Han skal vaska golvet, og finn ut at det kan vel lettast gjerast med magi. I fjor kom altså ei gjenoppfinning av denne i form av filmen The Sorcerer’s Apprentice, med Jay Baruchel som tittelfiguren, og Nicolas Cage i nok eit prov på at han er i ei ti år lang midtlivskrise. Filmen var pur mannlort, og dei hadde til og med øydelagt den ikoniske scena der Mikke slit med den magiske golvvasken. Eg vart så sint at det var like før eg gjekk ut av kinosalen. No veit eg at filmsmaken min ikkje er heilt hovudstraum, men dei eg såg filmen i lag med, er ikkje alltid like kritiske som meg, og til og med dei tykte filmen saug. Av dei dårlege eg såg i året som gjekk, var dette den verste!

Heldigvis såg eg då også nokre filmar som var betre enn den. Eg kan nemna i fleng:

  • The Blind Side
  • Crazy Heart
  • The Ghost Writer
  • A Single Man
  • The Tree
  • Hjem til jul
  • Le hérisson
  • Un prophète
  • The Social Network
  • Toy Story 3

Men som seg hør og bør, lyt eg vel halda meg til mine ti favorittar:

#10: Precious

Joda, filmen synte tidvist misantropi, klisjefull jantelov og søtsuppe, men når det er gjennomførd så til dei grader godt som dette, gjer det ikkje noko. Det var skodespelet som imponerte meg mest. Eg tvilte aldri. Mo’Nique var sjølvskriven vinnar av oscaren for beste kvinnelege birolle. Mora, som Mo’Nique spelte, var slem! Eg tykkjer det var leit at tittelrolleinnehavaren Gabourey Sidibe tapte mot Sandra Bullock som beste kvinnelege skodespelar, men sånn er det berre: Oscarutdelinga er full av politikk og elitisme. Kor som er, filmen var knallgod, same kor mange prisar den tok heim.

#9: Kongen av Bastøy

Brutalt. Sint. Solid. Dette er dei tre stikkorda eg noterte meg bak øyret etter eg såg filmen. Brutalt: Hendingane, måten Bastøy vart mest ein slaveleir å rekna, overgrepa. Sint: Opprøret i filmen, filmskaparen si oppgjer med historia, kjenslene mine. Solid: Kostyma, skodespelet, handverket. Har du ikkje sett filmen enno, så ta turen innom kinoen før den vert teke av plakaten. Den tek seg sabla bra ut på kinolerretet.

#8: Fish Tank

Ein sint tenåring som eigentleg berre vil dansa. Ei aleinemor som ikkje heilt taklar foreldrerolla. Ein kjæraste som er litt for venleg. Dette er sosialrealisme på beste britiske vis. Skodespelaren Katie Jarvis glimrar som 15-åringen Mia.

#7: Farsan

Er det mogleg å sjå denne filmen og ikkje lika den? Sjå berre på plakaten. Det varme gliset til Aziz smittar over på den innbitne av oss. Josef Fares har gjort det igjen. Farsan er ein varm og artig film om Aziz, som arbeider som sykkelreparatør, lurer på korleis det vil vera å få seg ei ny kone, og meir enn noko anna ynskjer seg eit barneborn.

#6: Scott Pilgrim vs. the World

Me har vel alle vore der ein eller annan gong. Me treff på draumekvinna, men det viser seg etterkvart at ho har bagasje som kanskje ikkje er verdt bryet. For Scott Pilgrim er denne bagasjen sju dødelege eksar, som han må sloss mot overvinna for å kunne vera saman med Ramona. Eg er veik for filmar som leiker med formverket, og det gjer så absolutt denne. Hoppklypp som manipulerer tidsperspektivet, tekst som ljodeffekt, infoplakatar. Filmen fekk aldri stor oppslutnad då den gjekk på kino (kring 15.700 billettar seld), men me får satsa på ein renessanse på videomarknaden.

#5: Kick-Ass

Jada, to filmar basert på teikneseriar på lista mi. Så lat var eg i fjor. Det får så vera. Filmen er artig lell. Eg hadde ingen forventingar då eg såg filmen på kino, men eg storkosa meg allereie under opningssekvensen (då armenaren brasa ned i drosja). Og det er skummelt digg med ei elleve år gammal jente som drep skurkar og bannar medan ho gjer det. Show’s over, motherfuckers.

#4: (500) Days of Summer

Korleis går det når du fell pladask for jenta som ikkje trur på kjærleiken? Det får den unge mannen Tom finna ut, når han lid seg gjennom einsidig kjærleik til den vene kvinna Summer. Zooey Deschanel er vakker som alltid, og Joseph Gordon-Levitt er ein av mine favorittskodespelarar. Filmen er passe søt, passe bitter, og jamnt over veldig god.

#3: Sherlock Holmes

Endeleg ein Sherlock som slår frå seg. Tørre adapsjonar har me sett nok av. Robert Downey Jr. gjer ei praktfull rolle som den vidgjetne etterforskaren.

#2: Inception

Ah, Inception. Den einaste filmen i fjor som fekk meg attende i kinosalen fleire gonger. Fyrste gong på impuls. Andre gong for å stadfesta hypotesane mine. Tredje gong med ei veninne. For meg handlar filmen om filmskaping. Manusforfattaren, regissøren, tilskodaren – alle er der som rollefigurar i filmen. Og tenk litt på det. Filmen handlar om å planta idear og dela ein draum – ei fiksjonsverd, skapa av nokon andre. Er ikkje det nett det me gjer i kinosalen, då? Delar me ikkje ei fiksjonsverd saman? Får ikkje me servert idear me tidlegare ikkje hadde? Kor som er, viss eg legg frå meg filosofering og hypotesar, så sit eg framleis att med ei god filmoppleving. Ljodbruken, musikken, effektane. Eg tykte det var råtøft med den scena der Joseph Gordon-Levitt sloss i vektlaus tilstand. Eg let meg stadig imponera av heile den sekvensen.

#1: An Education

Årets beste kinooppleving. Eg gliste under heile filmen. Igjen må eg innrømma at filmen var litt klisjefylt, men den glitra av friske rollefigurar, snertne replikkar og godt skodespel. Alfred Molina, Olivia Williams, Peter Sarsgaard… fantastiske alle saman. Og sjølvsagt hovudrolleinnehavaren Carey Mulligan, som ikledde rolla som om den var skrive for henne. Eg kom ut av kinosalen i eit så godt humør som eg sjeldan har kjent maken til. Og når ein film klarar det, så er det klart at den forten all skryt eg kan gje.

Kva no?

Black Swan er den fyrste filmen i år som eg verkeleg gler meg til. Den har allereie gått sin sigersgang i heimlandet mot slutten av fjoråret, og ligg an til å ta heim mykje i sesongen av prisutdelingar som me no går inn i. Kva veit eg om den? Ikkje stort meir enn at den handlar om ballett, Natalie Portman speler og Darren Aronofsky har regien.

To andre fjorgamle filmar som enno ikkje er kome hit til lands, er Onkel Boonmee som kan erindre sine tidligere liv og Norwegian Wood, som er høvesvis frå Thailand og Japan. Eg kryssar fingrane på at i det minste ein av dei kjem til Rana Kino.

Av dei norske filmane som kjem, er eg veldig spent på Wide Blue Yonder, trass i at dei talar engelsk i han. Framhaldet i soga om Jarle Klepp (oppfølgjaren til Mannen som elsket Yngve), filmen Jeg reiser alene, ser eg òg fram til. Hjelp, vi er i filmbransjen! ser ut til å kunne verta artig, men eg er litt skeptisk. Elles gler eg meg veldig til Få meg på, for faen, men er litt redd for at den ikkje skal vera på høgde med boka til Olaug Nilssen.

Me får sjølvsagt nok av gutefilmar i år òg. Green Lantern, Thor, Captain America, Pirates of the Caribbean 4, X-Men: First Class, Transformers 3… Lista held fram. Eg kan ikkje påstå at eg ser så veldig fram til nokon av desse. Men det er to eg gler meg veldig til. Cowboys & Aliens høyrast kjempeartig ut, og Sucker Punch ser råkul ut. Me får satsa på at dei er verdt kinobilletten.

Permanent link to this article: https://boba.no/2011/01/film-mmx/

3 comments

    • mikaoJ on 9. januar 2011 at 16:08

    Eg var enormt skuffa over Black Swan, så rådet mitt er: Ver førebudd på vonbrot. Men eg er jo i enormt mindretal om dette her, så kanskje du vil lika han uansett. Eg er forresten svært glad over å sjå Precious på den lista; den filmen kan eg heilhjarta tilrå absolutt alle.

  1. Jøsses. Sær vinnar. Eg hev sett mange av desse filmane, brorparten. Dei eg ikkjehev sett skal eg få sett no då. Men verkeleg, An Education? For meg var han heilt «meh…», eg vart underhaldt, men der stogga det. Lett gløymd film som for meg ligg i rekkja til ein heil del andre. Kjekt med Oxford då, eg sat og såg på plassar eg kjende att.

    Og Fish Tank? Den var vel 2009, ikkje 2010?

    Moro at du likte Bastøy so godt. Eg hev heile tidi valt andre filmar når eg og Helene gjeng på kino. Eg sjekker alltid imdb og ymse filmmeldingar, og andre filmar vinn alltid. Fær intrykk av at Bastøy-filmen ikkje er noko særleg, at det heile er litt for ufyseleg og at me ikkje fær noko medkjensle til nokon av karakterane. At dei handlar litt på måfå.

    Fær vel sjå filmen då, sidan han var på lista di (vel, eg liker å fylgja med på meste av norsk film).

    Forresten, ein film eg synast var ganske flau men veldig morosam var Sykt lykkelig. Den kunne eg fort òg putta i «meh… lett underhaldning»-kategorien, men likevel var det noko med humoren og gjenkjenningi som traff meg.

    • Simon on 21. januar 2011 at 2:37
      Author

    Takkar for innspel.

    mikaoJ: Tja, faren for vonbrot er alltid der viss me får for høge forventingar til filmar. Det hendte meg med til dømes TRON Legacy. Men når det gjeld Black Swan, prøver eg å halda det nede. Eg gler meg, men legg ikkje energi i å gle meg for mykje. Sjølv om det er vanskeleg med Aronofsky bak og Portman føre kameraet. Eg får sjå i februar…

    Odin: Tihi. Ja, An Education fungerte fantastisk godt for meg. Eg vart i knallgodt humør av den. Godt skrive, bra framført. Eg sat og gliste nesten frå starten av.
    Fish Tank var rett nok ute på den internasjonale marknaden i 2009, men hadde ikkje norsk kinopremiere før våren 2010, og kom ut på videomarknaden i sumar.

Comments have been disabled.