«

»

I’m back, baby

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Laurdag 18. desember 2010, kveld: Simon har teke seg ein dram, og har planar om å ta seg ein tur på byen. Kråkesølv speler på Meyergården, og det er full fest etterpå nede på Ramona. Simon har planar om å ta seg ein tur dit. Men fyrst skal Simon rydda vekk flasker. Han går i boden sin, og legg merke til at det var mykje vatn på golvet. Har han sølt noko? Nei. Veggen er også våt. Vasslekkasje? Husverten får beskjed, og så fer Simon ut på byen. Morgonen etter er Simon litt ustø på beina, litt slørute i blikket, og djevelsk tørst. Han går ut på kjøkenet for å henta seg eit glas vatn. Han går varsamt fram, med likevel kjennest det ut som om golvet gjer litt etter. Det gjer faktisk litt etter! Kvar gong han trør ned, piplar det opp vatn mellom sprekkene. Husverten kjem så snart han får høyra det. Etter litt undersøking, finn dei ut at det er vatn i veggen i boden, veggen og golvet på kjøkenet, golvet på soverommet, samt veggane og taket på badet. Opp med golvplatene, ned med veggen, inn med svære vifter for å tørka opp. Kjøkenet, badet, boden og soverommet er ikkje brukande medan dette pågår, Simon er huslaus.

Vasslekkasje er noko faenskap. Hadde det vore berre i eitt rom, så kanskje eg kunne klart meg. Eg kunne ha ete middag andre stader, og ete på stova. Eg kunne ha dusja andre stader. Eg kunne til og med ha flytta senga på gjesterommet mellombels. Men når både bad, soverom og kjøken vart utilgjengeleg samstundes, då hadde eg ikkje anna val. Eg måtte flytta ut. Mamma og Jonny kjøpte ei smal lita seng og sette den på loftet, slik at eg kunne få bu heime hjå dei medan dette pågjekk. Eg tok med meg det viktigaste av klede, og resten hamna i plastsekker og stuva inn på gjesterommet saman med TV-en, senga og det meste av utstyret mitt. Berre sofaen fekk stå, men den vart til gjengjeld dekt til med plastikk og gamle laken for å verna den mot støv. Sidan då har eg ikkje vore innom i leilegheita.

Det viste seg at det hadde sprunge lekkasje i røret som gjekk frå varmvasstanken, opp veggen og over taket på badet, ned veggen og bort til vasken på kjøkenet. Heldigvis gjekk det på forsikringa til husverten, og han fekk fagfolk til å fiksa. Heile badet, som var nyoppussa då eg flytta inn i haust, måtte rivast. På kjøkenet måtte det nye veggplater til, sameleis med boden. Både kjøkenet og soverommet fekk nytt golv.
Forsikringsselskapet gav fagfolka frist til 20. februar å få leilegheita fiksa. Datoen kom og gjekk.

Då alt stod ferdig, og dei skulle skru på vatnet igjen, viste det seg at det var oppstått ein ny lekkasje. Eg var rimeleg fortvila. Greit nok, eg hadde tak over hovudet, men eg budde trass alt på ei smal seng på eit knøttlite rom på loftet heime til mora mi. Alle kvardagsrutinane mine var kasta ut av vindauget, for ikkje å snakka om sosiallivet mitt. Eg kjente eg var i ferd med å gå på veggen – hadde det ikkje vore for at det vesle loftrommet ikkje hadde veggar, men skråtak!

Gleda var difor stor då eg rett før helga fekk høyra av husverten at dei endeleg var ferdig. For å få det til fort og gæli, hadde dei kopla frå dei skjulte røra, og heller lagt nye på utsida av veggen. Det er ikkje så fint, men det fungerer. Torsdag kom eg med fyrste lass med klede, og fredag var eg i hus. Yey! Badet er nyoppussa, med splitter nytt dusjkabinett (det «gamle», som var splitter nytt då eg flytta inn i haust, vart visst øydelagt under oppussinga), heilt ny varmvasstank, og eit nytt spegel med skap. Kjøkkengolvet er så fint at, og dei har til og med mala boden.

Eg har enno ikkje fått alt på plass enno (damn det tek lang til å måtte bretta i hop ALLE kleda eg eig), men det kjem seg. Det einaste kjipe er at eg ikkje har så veldig mykje mat i skapa nett no. Det eg hadde lagra i frysaren, var visst julebaksten min. Peparkake, vasskringle og rengakaka er godt, men ikkje nødvendigvis det eg ynskjer å eta i mars/april. I kjøleskapet mitt ligg det nett no no ein ost, og ein smørpakke og fem egg. Er litt trist å sjå alle dei tomme hyllene. Men eg skal nok alltids klara å fylla det etterkvart.

Fredag 18. mars 2011, kveld: Simon har teke seg ein dram, og har planar om å ta seg ein tur på byen. Han har fått leilegheita si attende, og det må feirast!

2 innspel

  1. Kristoffer Egil Bonarjee

    Gratulere med «ny» bustad då! Sikkert endå kjekkare enn ein ordentlig ny bustad, ettersom ein ikkje plar bu på eit ad-hoc sted når ein flyttar :p

    Blei det ein ordentleg kvalitetsdram for å feira?

  2. Simon

    Takkar 🙂 Tenkte på kor deilig det var å sleppa kø på badet i dag tidleg. Og feiringa føregjekk med Soerlie XO

Gje innspel