«

»

Nytt førarkort

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Hurra! I dag fekk eg førarkortet mitt i posten! Synd eg hadde tidenes dårleg hårdag då eg tok det nye biletet.

Eg mista det gamle førarkortet natt til sundag 13. februar. Det vil seia, eg mista det ikkje, men det vart stole frå meg. Førarkortet låg i pengeboka, pengeboka låg i jakkelomma og jakka var betalt inn i garderoben på utestaden Ramona. Då eg kom med garderobebilletten min og skulle henta den ut, var jakka mi vekke. Sjølv om det var berre eit par minusgrader, var det kaldt. Det hjelpte ikkje mykje på at det bles. Ikkje turte eg å dra heim heller (på dette tidspunktet hadde eg enno sengplass på loftet til mamma), for husnøklane låg jo sjølvsagt i jakkelomma. Fyrst i åttetida våga eg meg heimover, og ringte nølande på døra.

Det heile har vore ein sur affære. Det var mykje som forsvann med jakka. Busskort, kinokort, medlemskortet i NMU, ID-kortet til katten, lånekortet på biblioteket, sjølvsagt førarkortet, medlemskortet på treningssenteret, og sikkert ein heil skokk av andre kort som eg ikkje kjem på 1. Tapt. Kring 300 kroner i kontantar. Tapt. Sjølve jakka og sjølve pengeboka. Tapt. Greit nok, pengane som låg i pengeboka kunne eg stundom ha trengt, men det var ikkje noko eg mista søvn over. Busskortet hadde fire-fem turar igjen, og kinokortet hadde to-tre filmar att. Surt som faen, men igjen, meir til irritasjon enn noko anna. Det same kan seiast om jakka. Eg har fleire jakker heime, og utestaden har sagt at dei skal erstatta jakka, men den var liksom den perfekte jakka for nett det vêret me har nett no. Vindtett, vasstett, ikkje for varm, ikkje for kald. Og, ikkje minst, den var mi!

Det verste var likevel å mista husnøklane. Eg følte jo at dei var mest til låns, ettersom dei ikkje opna mi dør. Dei heime hadde dessutan nyleg byta lås, og det gjorde det endå dummare. Splitter ny lås med heilt nytt sett med nøklar. Og no manglar det ein. Eg er ikkje sikker på kva dei vil at eg skal gjera, men i verste fall må eg kjøpa ein ny lås og nytt sett nøklar til dei. Eg saknar dessutan nøkkelringen som eg hadde husnøklane i. Det var ein eg kjøpte i Trondheim for ti år sidan. Den var av metall, og hadde fasaden til Nidarosdomen som motiv. Billeg, ja, men dette ferdaminnet har jo fått ein viss affeksjonsverdi oppigjennom åra. Eg har i ti år hatt den i lomma, og den kjennast merkeleg tom ut utan nett den vekta og den forma.

Jakka dukka aldri opp. Den som var full nok til å tru at det var hans eller hennar jakke då garderobevakta tabba seg ut, var anten for flau eller for uærleg til å levera den attende. Så no er det berre for meg å starta på nytt med kortsamlinga. Fyrst ut var altså førarkortet. 300 spenn. Og den fælslege hårsveisen min foreviga i statlege databaser.

  1. Heldigvis hadde eg bankkortet ein annan stad, slik at eg framleis kunne fungera som samfunnsmedlem []

Gje innspel