«

»

Tankeverksemd

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Tidlegare denne veka kom denne xkcd-stripa ut:

2009 Called frå xkcd

Då eg las den, hamna tankane mine i det gode, gamle kvasivitskaplege lunet. Ja, for korleis fekk dei til å ringa oss frå 2009?

Som me hugsar frå tidlegare innlegg, er t=γt0, der γ = 1/√(1-(v/c)²). Tid er relativt, og må difor målast i forhold til tida til eit objekt med anna fart enn det fyrste objektet. Så, for å ha ein 60 sekund lang telefonsamtale i 2009, må den ta 63 113 852 sekund for oss i 2011 å oppfatta.

Me veit altså t, t0 og c (ljosfarta). Ut i frå dette, må det vel vera mogleg å rekna ut den ukjente v, som truleg er ganske høg. 1. Eg tykkjer det høyrast ut som ein utruleg slitsam måte å ringa på. Dessutan vil jo me ikkje forstå noko som helst. Alle har vel på eit tidspunkt leika seg med ljodopptakaren i Windows. Teke opp si eiga røyst, og fordobla lengda på opptaket for å få det til å høyrast ut som om ein djuprøysta stor-knarkar pratar. Vel, viss 60 sekund er drege ut til to år, så vil nok meininga i orda forsvinna heilt. Og dessutan vil jo dei i 2009 vera i 2011 når samtala er over, og heile poenget med å ringa fram i tid er vekke. Nei, det seier seg sjølv at dei har nok gjort noko anna.

Det var då eg kom på kva Stephen Hawkings skreiv i Universet i eit nøtteskal. Han funderte på eksistensen av markhol. Viss den eine enden av eit markhol eksisterte i eit skip som reiste veldig snøgt ei viss stund, medan den andre enden stod i ro, ville dei som etterpå gjekk gjennom markholet på den eine sida, koma ut på den andre på eit anna tidspunkt, og såleis reist i tid. Men skal me tru Sam Carter, er det ikkje mogleg å senda materie båe vegane i markholet. Dette set ein liten stoggar for tidsreiser. Men det er mogleg å senda radiosignal og andre bølgjer att og fram. 2 Dimed kan dei i 2009 ha ein telefonsamtale med oss i 2011.

Det store spørsmålet då: Korleis kan du flytta på eit hol – og berre den eine enden av det, ikkje mindre? Viss det var nokon som visste svaret på det, så var det bestemor. Som gutunge stussa eg mang ein gong over instruksen ho gav meg når me åt kringle: et opp alt, bortsett frå holet! Eg forstod aldri heilt korleis det skulle gå til, og du skal tru ho erta meg for det!

Det var alltid artig hjå bestemor. Ho hadde den eigenskapen å gjera dei mest kvardagslege ting spennande. Eg har alltid meint at filminteressa mi starta med Star Wars på ungdomsskulen. Sanninga er derimot kanskje at grunnlaget for denne interessa vart lagt med bestemor og hennes talrike forteljingar om alt frå bekkar langs vegen til gamle tre i skogen (badestampar til troll og bustader til hekser, nemleg!), forteljingar som gjorde inntrykk på guten for mange år sidan. For å nyta slik skjemteforteljingar, må du ha ein viss dragnad til det uverkelege, og «vera med på leiken». Det same må du for å kunne sjå film. Konseptet kallast vel «suspension of disbelief», og er sentral for filmopplevinga så vel som å lytta til bestemødrer.

På tysdag denne veka, ville bestemor ha fylt 67 år. Ho gjekk bort vinteren 2005. Takk for at eg fekk ta del i den makelause fantasien din, bestemor, og at du den dag i dag er med på å inspirera tankeverksemda mi.

Meg og bestemor

  1. Det er årevis sidan eg hadde matematikk, så eg gjer ikkje freistnad på å rekna det ut sjølv. []
  2. Også eit faktum frå Sam Carter i Stargate-seriane. []

Gje innspel