«

»

Uæææ! På framsida?

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

På fredag vakna eg til ljoden av meldingar som tikka inn på mobilen. I halvsøvne forstod eg ingenting av dei: «Hehe, bra ;)», «Nice», «Såg deg!» og så bortetter. Fyrst då eg kom på arbeid, og gjorde klar avisene til sal, forstod eg kva det var:

Framsida av Rana Blad 18. mars 2011 1

To sider midt i avisa – og på framsida? Kva farsken? Eg skjøner framleis ikkje korleis journalisten fekk til det. Då ho var innom og stilte eit par spørsmål, så svara eg typisk «øh, ja. Ehe veit ikkje. Tja. Hmm», og utifrå det fekk ho meining? Godt jobba! Men måtte det på framsida?

I helga vart eg gjenkjent ikkje berre av folk som plar vera innom, men også av heilt ukjente. Veldig artig og flaut på same tid.

  1. biletet motteke på MMS frå Tom []

1 innspel

  1. Øyvind Sæther

    Ikke rammet av nedgang i DVD-salg?? Hæ? Er det fortsatt noen som kjøper sånt søppel??? Ekke HD engang, jo. Selv har jeg aldri kjøpt en DVD noengang, filmindustrien erklærte at det på en eller annen måte er ulovlig for meg å spille DVD filmer på min egen datamaskin (har brukt GNU/Linux i over 10 år) og så saksøkte de alle som laget programvare for å spille DVDer. Min konklusjon ble da enkel: Hvorfor kjøpe DVD filmer fra noen som sier det er ulovlig for meg å avspille disse filmene????

Gje innspel