«

»

Minnemarkering i Rana

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Som så mange andre, finner eg det vanskeleg å setja ord på kva eg føler om hendingane no på fredag 22. juli. Noko så grufullt og fælt! Det er mest ufatteleg.

I dag var eg på minnemarkering på Havmannplassen. Kring 5000 møtte opp for å visa samhug og medkjensle, for å lytta til appellar frå dei lokale ungdomspolitikarane, og for å i det heile teke berre vera saman om sorga som har råka oss alle.

Frå det vesle lokalsamfunnet vårt var det åtte-ti personar som reiste nedover til Utøya, spente og glade. Den ungdommen som kom attende, var i sjokk, heilt knust. Dei har opplevd noko eg ikkje kan førestella meg. Ikkje klarar å forstå. Ikkje vil begripa. Ei av dei som var der nede, var nabojenta. Eg får vondt kvar gong eg tenkjer på kva ho såg og opplevde. No vonar eg at me i Rana klarar å taka vare på henne, og alle dei andre som kom heim.

Diverre kom ikkje alle heim igjen. Ein ranagut ligg på sjukhus med skotskade i magen. Han skal visstnok vera utafor fare no. Og det er framleis ei jente som er sakna. Sjølv om ho ikkje var nemnt med så mange ord over høgtalarane på Havmannplassen i kveld, så kjente me alle uvissa og saknet. Noreg er eit lite land, og Rana er ein liten by. Det skal godt gjerast å ikkje kjenna nokon som kjenner til den sakna jenta. Eg har søsken som kjenner til henne, kollegaer som går på skule med henne, naboar som er vener med henne.

Eg græt. Eg græt med dei som saknar nokon. Eg græt for dei som er gått bort. Eg græt for at noko så grueleg kunne henda. Dette er tårer av sorg. Men samstundes græt eg gledestårer over den varmen eg ser i mine medmenneske. Nær 20 % av alle i heile kommunen min stod saman på Havmannplassen i kveld. Ikkje med hat og sinne, men med kjærleik og varme. Takk for at eg fekk vera der og dela kjenslene mine med dykk, og takk for at de var der og delte kjenslene dykkar med meg!

Gje innspel