Takk for laget, Gamle Trufast

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Fredag var ein historisk dag. Eg pensjonerte mobiltelefonen min gjennom nesten seks år, og tok i bruk ein ny ein.

Gamle Trufast, ein Nokia 1112
I bruk frå 23.09.2005 til 01.07.2011

Gamle Trufast er den beste mobiltelefonen eg har hatt. Stabil, levedyktig, liten og nett men likevel kraftig, og ikkje minst særs uthalden. Den har dusja, reist langt, gjort mang ein svevetur med påfølgjande røff landing, vore ute i all slags vêr mellom -30° til +30°, ringt eit utal timar og sendt tusenvis av meldingar, med batterilevetid på ei til to veker ved normal bruk. Men etter snart seks år i drift, var batteriet no på tur til å dø på seg. Eg kunne kanskje klemt ein månad til ut av det, men då med fare for at telefonen plutseleg berre heilt utan vidare ville gje opp, med alt av kontaktar og lagra info. Difor pensjonerte eg den før det gjekk så langt.

Arvtakaren er større, tyngre, langt dårlegare batterikapasitet. Men så tek den igjen med å vera veldig avansert. Mobilen eg no bruker, er ein HTC Sensation. E-post, kamera, nettlesar, videospel og alt mogleg rart. Telefonen køyrer Android, som er eit Linux-basert OS med Java som rammeverk. Eg liker ikkje heilt at det er så samanknytt til Google, men passar eg på innstillingane og kva eg vel å dela, så gjeng det nok greit.

HTC Sensation

Den nye telefonen, ein HTC Sensation

Eg har enno ikkje namngjeve den. Kom gjerne med framlegg.

Permanent link to this article: https://boba.no/2011/07/takk-for-laget-gamle-trufast/