«

»

Fem råd for dagen derpå

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Desember er kanskje den månaden som inneheld mest alkohol. Det er ingenting i vegen for å nyta ein skvett for å hamna i eit godt tullehumør, så lenge du ikkje drikk deg frå sans og samling. I desember er det mange høve til å væta ganen, med jolebord, heimkomstar av gamle kjenningar, fridagar, joleøl, jolegløgg, joleakevitt… God jol. Folk reagerer særs ulikt på alkohol, men dei aller fleste har vel opplevd den gruelege dagen der på. Her kjem fem ting som plar hjelpa meg.

1: Bobleplast

Alkohol er vassdrivande. Det vil seia at ikkje berre vert du tørst (og vil drikka meir), men du pissar meir i løpet av ein kveld på byen enn du normalt ville gjort. Dette bidreg til fyllesjuka dagen etter på fleire vis. Det mest merkbare, den du merker med ein gong du freistar å opna auga, er skallebank. Dette kjem av at det ikkje er nok væske i kroppen, og hjernen får litt juling av det. Banalt sagt kan vassmangelen i hovudet samanliknast med ein sprettball i ei eske utan bobleplast…

Vatn er ein særs billeg, særs effektivt og særs enkel måte å unngå det på. Og det har dobbelt effekt: Drikk du vatn gjennom heile kvelden, så unngår du både ei dundrande hovudpine dagen etter, og du held deg klår nok til å halda koken på dansegolvet heile kvelden. Det er lett å gløyma å drikka vatn undervegs, men gjer i det minste det til ein vane å drikka minst eit glas vatn før du går til sengs utpå nattmorgonen, og også med det same du står opp.

Som eit sidepoeng til dette: ligg unna kaffi. Dette høyrast kanskje litt rart ut. Kaffi er rett nok gjæv for å kvikna deg opp, men den er også veldig vassdrivande, og gjer difor vondt verre. Vent til du er godt rehydrert igjen. For dei koffeinavhengige av oss gjeld det å finna den rette balansen. Mangel på koffein vil jo også gje skallebank!

2: Saltknask

På grunn av alle tisseturane i går, har kroppen mista mykje mineral. Og no skrik kroppen: Påfyll, takk!

Appetitten er neppe på topp, så ein stor og mineralrik frukost kjem ikkje på tale. Det er her enkelt, feittfattig saltknask kjem inn i biletet. Salte potetskruvar, til dømes. Maarud Superchips er også glimrande – skjønt, paprikavarianten er kanskje litt meir utfordrande for smaksløkane. Nei, gå for den simple salte varianten. Den glir fort og greit ned.

3: Svovel

Med vatn og salt attende i kroppen, vil du straks vera klar for ordentleg føde seinare. Det vil seia, du er framleis kvalm, men no toler du i det minste tanken på mat.

Kvalmen etter ein fuktig kveld kjem ikkje direkte av alkoholen, men snarare av at din eigen kropp har prøvd å bryta ned alkoholen for å utnytta den. Når alkohol brytast ned, oppstår eit giftstoff som biprodukt, og det er dette stoffet som gjer deg kvalm. No må du kvitta deg med det. Stoffet, etanal, kan brytast ned av cystein, ei svovelhaldig aminosyre. Er ikkje biokjemi artig? Kor som er, ei god kjelde til dette er egg – derav svovellukta! Egg inneheld dessutan mykje anna nyttig, m.a. B-vitamin, som kroppen treng sårt etter å ha brukt opp B-vitaminlageret sitt under nedbrytinga av alkoholen.

4: Rustfjernar

Det er mykje rart som sleppast laust når forbrenninga står på som verst. Frie radikalar – eller, for å gå til det banale igjen, rust – gagnar ikkje kroppen. Her må det antioksidantar – rustfjernar – til. Antioksidantar finn me rikeleg av i frukt og grønt. Ta deg ein potet, et nyper. Eit glas appelsinjus 1 til egg-måltidet, og eit par bananar til dessert, til dømes. Det er dessutan godt, og gjer deg mykje energi.

Ja, og no fyrst kan du godt ta deg ein kopp kaffi. Det finst antioksidantar i kaffien òg, nemleg. Og sjølv om energien frå frukt er gjæv, er koffeinen å så godt!

5: Supertrikset

Som sagt reagerer alle ulikt på alkohol. Sjølv om dei fire føregåande triksa fungerer for meg, er det ikkje sikkert at det verker like bra for deg. Men det er ein ting som fungerer for alle. Det aller beste trikset i boka: La flaska stå. Works every time – true story!

  1. Min favorittjus er Coop Pluss med appelsin, eple, gulrot, sitron og nype. Nype er det som veks naturleg i Noreg med mest antioksidantar i. Og jusen er dritgod, nemleg! []

Gje innspel