«

»

Peparkakeninja!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Ingen jol utan… ninjaer! Peparkake er smaken av jol meir enn noka anna kake! Men her i huset går det ikkje i hjarte, stjerner, kjerringar og gubbar. Eg sver til krydderduftande, søte, velsmakande peparkakeninjaer.

Det finst mange oppskrifter til peparkakedeig. Eg prøver mest ei ny kvar jol. Eg laga ikkje så mykje i år, berre fire brett.

  • 150 g Melange 1
  • 1 dl mørk sirup
  • 2 dl sukker
  • 1 dl kremfløyte
  • 2 ts kanel
  • 1 ts kardemomme
  • Ei klype nellik
  • Ei klype ingefær
  • Ei lita klype pepper
  • 1 ts bakepulver 2
  • 450 g kveitemjøl

Eg smelta margarinen i ei kjele saman med sukker og sirup, men passa på at det ikkje kokte. Når alt var smelta, hadde eg i fløyten. Etterpå blanda eg i krydderet og resten av tørrstoffet. Når deigen var jamn og fin, sette eg den i kjøleskapet over natta.

Dagen etter fyra eg opp omnen på 180°, og leita opp kjevlet. Deigen elta eg i litt mjøl, og rulla den ut (og tok meg ein liten smaksprøve, sjølvsagt). Fin og flat, og klar til formene. *Huaa, NINJA!* *press-press-press*, inn i omnen, og ferdig!

Vel, kanskje ikkje så fort, men fort nok! Åtte-ti minutt i omnen er nok (avhengig av kor tjukk deigen er). Eg vil ikkje skryta på meg noko, og er den fyrste til å innrømma at årets peparkaker ikkje ser heilt perfekte ut. Fyrste ladning vart for tjukk. Neste var for mykje stekt og den tredje var for lite stekt. Men det siste brettet vart veldig bra! Same kva, tjukke ninjitsu-dyktige peparkaker er like velsmakande som tynne og litt kant-svidde!

  1. Eg bruker vanlegvis smør, men pga smørmangelen vart det Melange, som er vel så gjævt i bakst []
  2. I peparkakedeig er det helst natron eg brukar, men bakepulver fungerer òg []

Gje innspel