Beste SMS-prat på lengje!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Her i helga sat eg heime og kosa eg meg med eit par øl, god musikk og berre full avslapping. På eit tidspunkt fann eg fram telefonen, og sendte meldingar til kompisar det var lengje sidan eg hadde prata med. Den følgjande ordvekslinga utspelte seg mellom meg og IB:

Meg: Skål!

IB: Tallerken!

Meg: Sausnebb!

IB: Serveringsfat!

Meg: Asjett!

IB: Krus!

Meg: Drikkehorn!

IB: Spisepinner!

Meg: Dørslag!

IB: Salatslynge!

Meg: Pølseklype!

Teit? Ja. Artig? Javisst!

Men eg tykkjer litt synd på dei forvirra kompisane som resten av kvelden fekk meldingar frå meg som lydde «Kjøkkenreiskap!»…

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/01/beste-sms-prat-pa-lengje/