Filmåret 2011

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eit av dei artigaste innlegga eg skriv, er oppsummeringa av filmane eg såg i året som gjekk. Ikkje av di eg trur eg har så veldig mykje interessant å koma med jamfør lesarane mine – dei tre eg kanskje har – men av di eg kan la meg stoppa litt opp og sjå attende. Hugsa kor godt det dufta av popkornet under kinoturen på Captain America, eller kor stressa eg var då eg skulle på New Year’s Eve på grunn av nedisa bil. Minnast ekstasen då eg reiv av plasten til Star Wars-blurayboksen. Gjensynet med Scream-filmane, og med Twin Peaks-serien. Eg har huset for meg sjølv, set på ei kul speleliste i Spotify, og leiter fram resten av julemarsipanen…

Som eg skreiv i 2010-innlegget, er ikkje Mo i Rana heilt den rette staden for å dyrka filminteressa. Ikkje det, kinoen vår er gjæv den, men for å få sjå dei mest interessante titlane, må me anten importera frå utlandet, lasta ned ulovleg frå netet eller venta sju lange og sju breie på norsk videoslepp. I tillegg har eg hatt eit travelt år, der vasslekkasjar (ja, fleirtal! Fire faktisk), sjukemeldingar, nitriste arbeidstider og flytting av butikk tok opp alt for mykje av tida mi. Fekk eg eit lite pusterom, var eg så utmatta at eg ikkje gidda å sjå film. Eg gjekk berre latterlege 15 gonger på kino, og kjøpte berre 25 nye titlar til videosamlinga mi gjennom heile 2011. Det er flaut. Det seier seg kanskje sjølv at det gjekk mest i popkornfilm. Men trass i utilstrekkeleg med data, lyt eg gjera det beste ut av det.

Eldre filmar

Det vert laga hundretals med filmar kvart år, mange verdt å få med seg. Men eldre filmar forsvinn ikkje av den grunn. Eit utval av litt eldre filmar eg hadde gjensyn med eller såg for fyrste gong i året som gjekk:

  • Aladdin
  • Bonnie and Clyde
  • Ferris Bueller’s Day Off
  • Footloose
  • High Fidelity
  • The Princess Bride
  • The Sting
  • X

Fjorårets vonbrot

Det er ikkje til å unngå at somme filmar er mindre interessante. Her er tre filmar som skuffa meg:

Rise of the Planet of the Apes

Eg tykte ikkje noko særskilt om Rise of the Planet of the Apes. Den var føreseieleg og skjarmlaus, og sjølv om den ikkje var like ille som somme Apes-filmar (Battle for the Planet of the Apes, eg ser på deg. Og Tim Burton-nyinnspelinga lyt heller ikkje føla seg for trygg), var han ikkje på langt nær det eg venta frå ein ny Apes-film. Eg sakna eit kritisk blikk på det kontemporære samfunnet, slik den opphavlege Planet of the Apes hadde då den kom i 1968. Til og med Conquest of the Planet of the Apes hadde dette.

Eg nemnar Conquest her av di den fortel om korleis apane kjem til makta. Rise er ikkje ei nyinnspeling av Conquest, men det fell seg naturleg å samanlikna desse. Eg går med på at Rise er teknisk betre enn Conquest, men kjerneforteljinga var meir interessant i 1972. Eg veit eg har mange mot meg no, men Rise var eit stort meh.

The Green Hornet

Figuren The Green Hornet hadde eg ingen preferansar til før eg såg den. Diverre gav heller ikkje denne filmatiseringa meirsmak. Filmen var rett og slett keisam.

Det hjelp heller ikkje på at eg ikkje er verdas største Seth Rogen-fan. Eg misliker ikkje skodespelaren, men eg tykkjer ikkje at han er så veldig allsidig, og filmane han spel i er vanlegvis ikkje heilt i mi gate. Og så var det Cameron Diaz då… Ho fyller 40 i år. Ikkje det, ho tek seg godt ut, men som tilskodar kjøper eg ikkje «i alderen 26-33»-rollene ho speler. Det er ulempen med stjerneskodespelarar i filmar. Cameron Diaz har vore i det kollektive minnet vårt i 18 år. Når produsenten hyrar Cameron Diaz, så hyrar dei ikkje ein skodespelar som skal gestalta ei rolle, men dei hyrar Cameron Diaz frå The Mask, Cameron Diaz frå Alle elsker Mary, Cameron Diaz frå Charlie’s Angels, osb.

Skodespelarane til sides, kunne nok The Green Hornet vore gjort mykje meir utav. Som sagt, eg har ingen preferansar til kjeldematerialet, så eventuelle nostalgiske påskeegg gjekk meg hus forbi. Men det kjennest kanskje ut som om dette var ein film mynta meir på dei som kjenner figuren. Nokon som kan stadfesta dette? Same kva, eit stort meh til denne òg. I tillegg var 3D-en keisam.

Green Lantern

Både Rise of the Planet of the Apes (alt for lang tittel!) og The Green Hornet var sjåbare, greie filmar trass i at eg var skuffa over dei. Det same kan ikkje seiast om Green Lantern. Makan til møl!

Skodespelarane såg ut til å keia seg. Vel, Peter Sarsgaard prøvde i det minste, men Blake Lively var fullstendig uinteressert, og det var null kjemi mellom henne og den romantiske interessa Ryan Reynolds. Reynolds på si side, spelte rolla si som ein rar kombo mellom Van Vilder og Deadpool.

Eksplosjonar og fargerike effektar fanst det nok av, og dei såg kule ut, men det hjelpte ikkje når manuset var så bortinatta lite gjennomtenkt. Filmen hadde ikkje plotthol. For å kunne seia det, måtte filmen ha hatt eit snev av eit plott. Forteljinga i filmen rakna fullstendig. Eg er vanlegvis ikkje den som heng meg oppi sånne detaljar. Eg reagerer ikkje viss ein kopp endrar farge i American Pie. Eg reagerer ikkje over at dei prøver å finna ut kva Citizan Kane sitt siste ord tydde, sjølv om han døydde aleine og ingen høyrte det. Men eg klarar ikkje å skru av den kritiske røysta når det går slag i slag med feil. Meir om dette kjem kanskje i eit anna innlegg plutseleg…

Dette var den verste filmen eg såg i 2011, utan tvil!

Topp ti

Tradisjonelt (viss to tidlegare innlegg er nok til å kalla det ein tradisjon) ville eg ha runda av med ei topp ti-liste her. Men som eg skreiv innleiingsvis, har eg sett for få filmar gjennom fjoråret. Eg ynskjer difor ikkje laga noka toppliste.

«Topplister er subjektive, ikkje altomfattande. Go for it!»

Okei då, Tanketom! Straks kjem dei ti beste/minst dårlege filmane eg såg i året som gjekk. Fyrst dei som ikkje nådde heilt til topps:

  • Kong Curling
  • The Town
  • The Help
  • Captain America
  • The Kids Are All Right
  • Easy A
  • Scream 4
  • Sucker Punch
  • Cowboys & Aliens
  • Sherlock Holmes: A Game of Shadows

Desse filmane er ikkje heilt der oppe, men verdt å nemna lell. For det er det eg gjer i desse innlegga. Eg lister opp somme titlar som ikkje nådde til topps, før eg kjem til den ordentlege topplista. Som startar no:

#10: Twelve

Denne filmen har fått lite merksemd, og den merksemda den har fått, har vore negativ. Eg går mot straumen. Ja, karakterane er eindimensjonale, og forteljinga føreseieleg, men eg likte filmen lell. Dei eindimensjonale karakterane passar perfekt inn i den føreseielege forteljinga. Fun fact: Rory Culkin og Emma Roberts spelte òg i Scream 4.

#9: 30 Minutes or Less

Endå ein litt oversett film. Den er ikkje stor. Humoren er tidvis teit. Men jamnt over er den underhaldande. Perfekt for ein torsdag kveld med kompisar og grandis.

#8: Få meg på, for faen

Eg liker boka. Eg liker forfattaren. (Eg har til og med vore på høgtlesing frå boka med forfattaren.) Mykje kunne gå gale i filmatiseringa. Men som eg alltid argumenterer i ordskifte om filmatisering av bøker: film er eit heilt anna medium enn bok, og fortelja ting på anna vis. Denne filmatiseringa er inkje unnatak. I boka er det tre hovudpersonar, men berre ein av dei følgjast i filmforteljinga. Både kona til Sebjørn og Maria måtte vika for Alma, når filmen skulle gjerast som ungdomsdramedie1.

#7: Super 8

Ny scifi frå J.J. med Spielberg som produsent. Det må vel vera mykje action og eye-candy, ikkje sant? Joa, men i ettersyn er det nostalgien, filmentusiasmen og den herlege amatør-stuttfilmen eg minnast best. Eg kjem faktisk ikkje på korleis monsteret såg ut, eller kva motivasjonen til dei utanomjordiske var. Ikkje var det nøye heller. Eg digga det entusiastiske, det amatørmessige. Ordet amatør er ikkje negativt. Snarare tvert om. Ordet tyder ein som elskar, og syner ikkje berre ei interesse, men ei glødande lidenskap og eldhug utover det vanlege. Charles eksemplifiserer dette. Guten med filmskaping som hobby, av di han elskar det. Guten som knapt klarar å venta scena er over før han lauper bort og gjev instruksjonane for neste scene. Guten som veks opp og blir til … J.J. Abrams? Steven Spielberg? Stanley Kubrick?

#6: Paul

Eg held meg i det nostaliske scifi-hjørnet. Paul er vink til popkultur meir enn ein sjølvstendig film. Men det er artig! Star Trek, E.T., Haisommer, Star Wars, Nærkontakt, Back to the Future, Flash Gordon, Titanic og flust med andre referansar kjem fortare enn plottet klarar å skrida fram. Skjarmen med denne filmen ligg i karakterane, ikkje i forteljinga.

#5: Thor

Sa nokon scifi? Fram med popkornet! Thor inngår i Marvel sin langtekkelege og grannsame milliard-plan. Berre Thor aleine har generert 181 millionar dollar frå billettsalet, og saman med Iron Man, Iron Man 2, The Incredible Hulk og Captain America er det allereie oppe i 1,68 milliardar. Og med Avengers til våren, samt Iron Man 3, Thor 2 og ein eigen film om Nick Fury planlagt, vil nok talet stiga. Det dei innvidde var mest spent på før Thor kom, var korleis det magiske universet til gudane frå Valhall ville passa inn i det teknologiske universet til Iron Man. Det gjekk faktisk veldig bra. Vidare hadde Thor humor og glimt i auget, samt Natalie Portman!

#4: X-Men: First Class

Meir scifi. Meir popkorn. Meir Marvel. Her er ein film som nytast best på kino med skikkeleg kringljod. Samstundes er det den beste X-men-filmen sidan 2003. Endeleg meir Moira. Endeleg meir bakhistorie til Professor X og Magneto. Endeleg meir… ah, kven prøver eg å lura? Filmen er eksplosjonar, effektar, superkreftar og January Jones og Zoë Kravitz i tettsitjande klede!

#3: Drive

Det verker som om alle som ser denne filmen, sit att med ulike inntrykk. Nokon ser ei øm kjærleikshistorie, andre ein barsk gangsterfilm. Somme tykkjer dette er ei filmatisering av GTA 3. Kva enn inntrykk du sit att med, så er det nok positivt. Den lågmælte sjåføren. Den postironiske retromusikken. Den ekte karakterframstillinga til Carey Mulligan. Valden. Og kontrasten. Ei scene som så og seia alle hyller, er heisscena. Sjølv etter å ha fått den hypa opp i det uendelege, kjentest den som eit ekte cinematisk augeblikk då eg fekk sett filmen. Wow! Vil forresten tipsa om intervjuet av regissøren i Filmbonanza. Ganske underleg intervju.

#2: Black Swan

Dette var utan tvil fjorårets beste kinooppleving. Eg sat heilt pal under siste akt, og skalv då eg gjekk heimover. Eg kan ikkje mykje om dans, og veit difor ikkje om ballerinaframstillinga til Portman såg ekte ut. Men sjølv om dansen er kulissen, så er det paranoiaen og det indre til hovudkarakteren som utgjer filmen. Dette er noko Darren Aronofsky kan, og tankane gjekk attende til den ubehagelege Requiem for a Dream.

#1: 50/50

Til mi store overrasking, var det ein komedie med Seth Rogen som hamna på topp hjå meg. Filmen handla attpåtil om eit såpass ekkelt tema som kreft. Men med Joseph Gordon-Levitt, går det sjeldan feil. («Jammen kva med G.I. Joe, då?» Hrfm, eg sa «sjeldan», gjorde eg ikkje?) Filmen kunne snøgt vorte veldig tung og dyster («Slått ned i sin ungdoms prakt». «Indre krise.» Og sånt.). Men i staden for å overdramatisera (ordet «kreft» er dramatisk nok!), så underspelte den. Men kjenslene var der. Gordon-Levitt speler sorgen og panikken på ein praktfull måte, og Rogen viser utmerkt vonløysa av å ha ein ven du ikkje kan hjelpa. Scena når Gordon-Levitt ligg klar til operasjonssalen og skal få narkosen sin, er skodespel på sitt beste!

Kva bringer 2012?

Filmen eg ser mest fram til i 2012, er Dunderland. Filma her i distriktet, med ei forteljing basert på lokale segn og oppdikta skrekk. Eg gler meg!

No byrjar 3D-fiseringane av gamle filmar å dukka opp. Fyrst ut er Star Wars: Episode I, og litt seinare kjem også Titanic.

Året bringer sjølvsagt plenty av oppfølgjarar og nyinnspelingar. Mission: Impossible er fyrst ut, og etter det går det slag i slag med Men in black 3, Prometheus, Spider-Man, Dark Knight Rises, Star Trek 2, Bourne Legacy. Men det er sjølvsagt The Avengers eg er mest spent på innan denne gruppa. Eg plar alltid vera litt ambivalent til slike filmar, men eg klarar ikkje la vera å få litt forventingar når Joss Whedon står bak roret.

Utpå sumaren kjem ein ny film frå Timur Bekmambetov ut! Nemleg Abraham Lincoln: Vampire Hunter! Og Stephen A. Douglas spelast av Alan Tudyk! Utropsteikn!

Til sist byrjar eg å verta litt spent på Iron Sky. Filmen handlar om nazistar i skjul på den mørke sida av månen, invaderer jorda i ufoane sine i 2018. Ja! Bak galenskapen står Star Wreck-gjengen og hundrevis av fans frå heile verda.

  1. dramedie: drama/komedie []

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/01/film-0x7db/