«

»

Søkjeord i 2011

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Vel, eitt år er gått sidan førre gong eg tok ein titt på kva folk søkjer på for å vinna veven min. Har noko endra seg? Lat oss sjå (fjorårets plass i parentes):

  1. muggsopp (same plassering)
  2. haisommer (opp frå 4.)
  3. martin (opp frå 8.)
  4. valuttakalkulator (ned frå 3.)
  5. vampyr (ned frå 2.)
  6. hatt (opp frå 10.)
  7. rengakaka (ned frå 6.)
  8. mannen med ljåen (opp frå 9.)
  9. dass (nytt ord!)
  10. norske flagg (nytt ord!)

Ut frå topp 10-lista går «oscar 2010» og «lando calrissian», men elles er orda veldig lik fjoråret. Det imponerer meg at eit innlegg om muggsopp i 2008 stadig er det med mest treff på, trass i at eg slettast ikkje akkurat er ein blogg som skriv om mykje råd og vink om slikt. Elles tykkjer eg det er veldig staseleg at rengakaka støtt er med. Det varmar hjartet til ein ranamann med godhug til lokal bakst!

Om eit års tid, ynskjer eg at søkjeord som «bæsj» eller «ofyllfat» ligg på topp ti-lista. Då tykkjer eg at eg har gjort jobben min med å gjera Internett til ein tullute men elles grei plass å vera!

Gje innspel