«

»

We live in a spaceship, dear

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

For ei tid sidan lufta eg tankane om å gjera noko nytt med Boba.no. Eg har enno ikkje lagt nokon konkret slagplan, men eg tenkte at eg må gjera noko staseleg ut av at det er ti år sidan eg starta vevinga mi på Internett, og faktisk fem av dei åra her på boba.no. Før eg slo meg til ro her, var eg innom stader som home.no, home.no.net, geocities… Heh. Nostalgi…

Kor som er… Eg prøvar ut ein ny bunad no. Den heiter Graphene. Vanlegvis byggjer eg opp bunadane frå botn av sjølv, eventuelt brukar dei som ein mal og fiklar med kjeldekoden til eg er nøgd. Denne gongen prøver eg noko nytt. Eg veit ikkje om eg kjem til å halda på denne så veldig lengje, og eg kjem unekteleg til å fikla med kjeldekoden etterkvart, men nett no får den stå som den er. Det gjev meg også høve til å luska ut eventuelt skrot som eg hardkoda til den gamle bunaden. Og det er det mykje av.

Apropos gammalt skrot: Eg har ein del innlegg som eg meiner er fullstendig uinteressante, både for meg og for ettertida (til dømes «omtala» mi av filmen Doom). Eg har også innlegg eg ikkje hundre prosent står bak lenger. Ytringar eg gjorde og meiningar eg hadde for fem år sidan, og slikt. Men for det meste berre irriterande skrivefeil eg gjerne skulle fiksa. Eg stussar litt på kva som er akseptabelt med slike gamle blogginnlegg. Er det OK å redigera dei? Eller å sletta dei? Eg spurte Identica og Twitter, men dei hadde ikkje noko glupt å koma med. Til sist er det jo mine ord på min vev, og difor mitt val, men eg ynskjer likevel innspel.

1 innspel

  1. Egil

    Eg saknar den gamle nettbunaden. Denne er så upersonleg og kald. Frisk heller opp den gamle framfor ein heilt ny uten personleg særpreg.

    Når det gjeld gamle innlegg er det ingen grunn til å sletta dei berre fordi du ikkje meinar det samme. Du kan jo alltids leggje til ein ingress om at du har skifta meining. Skrivefeil skal eg ikkje uttala meg om, men dei kan sikkert fiksast. Nett no nyttar eg Chrome utan nynorsk stavekontroll, så det er sikkert masse feil sjølv i den særs korte teksten her :p

Gje innspel