«

»

Katteallergi

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

På tysdag var eg til dyrlækjaren ein tur med katten min, Sylvester. Dette besøket hadde eg utsett ei stund no, med frykt for kva dette besøket ville fortelja. Sylvester har nemleg ei tid vore litt plaga med helsa. Og på ein katt som har runda ti år, er det alltid skummelt med helseplagar.

I sumar hadde han håravfall på buken. Han sleikte seg heile tida, og vart til slutt nesten heilt snau på magen. Hjå dyrlækjaren trudde dei at det kunne vera infeksjon av noko slag, og han fekk difor ei sprøyte. Det såg ut til å hjelpa, han fekk smått om senn håret sitt att, og eg tenkte ikkje meir over saka.

No skal det her nemnast at Sylvester bur i heimhuset, ikkje hjå meg, så eg fekk ikkje høve til å observera honom. Då eg var innom heimen i jula, vart eg difor mest sjokka over å sjå katten min. Han hadde igjen mista mykje hår på buken, og no også nedover innsida av låra. Og ikkje berre det, men han var full av småsår og utslett på nakken, truleg etter å ha klådd seg for mykje. I tillegg var han vorte så tynn. Appetitten hans var derimot god, pelsen fin og han var i elles god form.

Men ein katt i god form skal ikkje klø seg sjølv til blods. Og heime klagar dei over at katten gjer frå seg inne. På tysdag tok eg endeleg mot til meg (skjønt natta før var litt søvnlaus!), og tok med katten ned til dyrlækjaren atter ein gong. Eg fekk også med meg veslebror, slik at katten følte seg tryggare i baksetet.

Sylvester var veldig misfornøgd. Det er han alltid, og eg skjøner honom godt! Han har jo opptil fleire gonger dratt til dyrlækjaren, vorte bevisstlaus og endt opp med ein satans bakrus. Stundom med ei klo mindre, kanskje eit par sting her og der, og ein gong vakna han opp til og med utan testiklar! Eg ville heller ikkje vore ivrig etter å dra til ein sånn plass!

Kor som er, symptoma samt alderen gjorde at dei frykta det kunne vera feil på nyrene hans. Eg vart svimmel. Dei ville sjekka blodet hans. Fram med barbermaskina. Gummistrikk. Nål. Stikk nåla inn i foten. Grava rundt etter ei blodåre. Katten jamra, veslebror stivna av skrekk og eg vart så svimmel at eg vart kvalm. Dei fekk til slutt ut ein liten skvett blod, men på dette tidspunktet var eg ute for å trekkja luft. Eg gjorde så opp rekninga, og me drog heim for å venta på resultatet.

Heime var katten tydeleg irritert på både veslebror og meg, men etter å ha trampa litt rundt i stova for å demonstrera dette, hoppa han til slutt opp i fanget og ville kosa igjen. Me var vener igjen! Seinare kom telefonen. Ingenting feil med nyrene! Det er ein allergisk reaksjon, så no skal Sylvester på medisin ei stund.

Katten min er allergisk! Kva Sylvester er allergisk mot, veit me ikkje. Men i alle! Ein katt. Allergisk. Det er det raraste eg har høyrt… Kor som er, det viktige er i alle fall at han ti år gammal framleis er frisk og rask!

Og allergisk. *knis*

Gje innspel