Sokkar

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg skulle bretta klede i stad, og gjorde min flid med både bukser og sengety og skjorter… Men så kom eg til sokkane…

22 sokker

Korleis kan det ha seg at eg har 22 ULIKE svarte sokkar i staden for til dømes elleve par? Somme har annleis strekk, somme har annleis mønster, somme er kolfarga, somme er blåbærsvart, somme er kortare, somme er lengre… MEN INGEN PASSAR TIL KVARANDRE!

Har vaskemaskina ete opp dei 22 andre sokkane? Grrrr!

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/02/sokkar/