Ny prøveversjon av Spotify for Linux

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

[notice]Oppdatert 3. januar 2013: Eg får mange søkjetreff på «spotify for Linux» på denne sida. Dette innlegget omtalar eldre og ustabile versjonar som trengte fiksar. Det gjer du ikkje med den nyaste versjonen. Per dags dato får du tak i Spotify slik, jf. den offisielle sida (skriv inn i terminalen, som du vanlegvis kan opna med tastatursnarveg CTRL+ALT+T):

sudo apt-add-repository 'deb http://repository.spotify.com stable non-free' && sudo apt-key adv --keyserver keyserver.ubuntu.com --recv-keys 94558F59 && sudo apt-get update && sudo apt-get install spotify-client

Dersom dette ikkje fungerer, sjekk Spotify.com. Den noverande versjonen av Spotify for Linux, som i skrivande stund er versjon 0.8.8, fungerer som den skal for dei fleste.

Resten av innlegget tek utgangspunkt i den gamle versjonen, Spotify 0.8.2, på Ubuntu 11.10 x64. Sjå også kommentaren min etter innlegget for bruk av Spotify 0.8.3, som også er ein gammal og utdatert versjon, på Ubuntu 12.04.

Dei gamle versjonane er ikkje stabile. Resten av innlegget er frå 10. mars 2012.[/notice]

I går kom endeleg ein ny prøveversjon av Spotify for Linux. Den førre kom i november i fjor, så vidt eg kan hugsa, og var ikkje veldig stabil. No har eg testa denne nye utgåva, og tykkjer ting ser langt betre ut.

Utgjevinga er berre lagt ut på det offisielle forumet til Spotify:
Linux, i386: http://download.spotify.com/preview/spotify-client_0.8.2.572.geb65f9a.433-1_i386.deb
Linux, amd64: http://download.spotify.com/preview/spotify-client_0.8.2.572.geb65f9a.433-1_amd64.deb

I den tråden finn du også andre råd og vink.

Det største problemet verkar vera Adobe Flash. Det finst to mellombels måtar å omgå problemet: Slett ~/.cache/spotify kvar gong du skal starta programmet, eller fjern Adobe Flash. Dette siste kunne eg godt ha gjort, hadde det ikkje vore for at NRK Nett-TV merkeleg nok ikkje vil fungera skikkeleg utan. Forumbrukaren Hirs har ein fiks som fungerer:

  1. Last ned http://mirror.sim.ul.pt/debian-multimedia/pool/non-free/f/flash-player-x86-64/flash-player-x86-64_10.3.162.29.orig.tar.gz
  2. Legg libflashpalyer.so i mappa ~/bin1
  3. Opprett fila ~/script/spotify.sh2 med følgjande innhald:
    #!/bin/bash
    MOZ_PLUGIN_PATH="~/bin" /usr/bin/spotify
  4. Gjer skriptfila køyrbar:
    chmod +x  ~/script/spotify.sh
  5. Endre Exec-parameteren til programstartaren:
    sudo sed -i 's/Exec=spotify %U/Exec=~\/script\/spotify.sh/' /usr/share/applications/spotify.desktop
  6. Slett ~/.cache/spotify/ før du startar programmet.

Hjå meg fungerer dette heilt utmerkt. Vel, så godt ein ustabil beta kan fungera i alle fall.

Er du av typen som ikkje liker å rota med programfiler frå ukjende kjelder, så vil trikset med å sletta ~/.cache/spotify mellom kvar gong fungera greit. Du vil då ikkje kunne spela musikk offline, men elles fungerer alt som før. Mekk eit lite skript:

#!/bin/sh
rm -rf ~/.cache/spotify/; spotify &

Lagre det som ~/script/spotify.sh3, og gjenta punkt 4 og 5 over.

Heilt til sist: Eg er ikkje på Facebook, men du kan leggja meg til venelista i Spotify lell. Eg har brukarnamnet simonboba. Kva er brukarnamnet ditt?

  1. Plasseringa er sjølvsagt valfri, berre du er konsekvent []
  2. Plasseringa er sjølvsagt valfri, berre du er konsekvent []
  3. Plasseringa er sjølvsagt valfri, berre du er konsekvent []

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/03/ny-proveversjon-av-spotify-for-linux/

1 comment

    • Simon on 18. juni 2012 at 8:10
      Author

    Eg køyrer no versjon 0.8.3 på fersk installasjon av Ubuntu 12.04 x64, og programmet kræsjer under oppstart. Trikset med å sletta cache-mappa fungerer, men du treng ikkje fjerna heile mappa. Det held med denne fila: ~/.cache/spotify/Storage/index.dat

    Eg har også lært at du kan kopiera spotify.desktop-fila i punkt 5 til ~/.local/share/applications, så slepp du å gjera dette på nytt kvar gong. Så, ny framgangsmåte for cache-fiksen:

    1. Opprett fila ~/script/spotify.sh med følgjande innhald:
      #!/bin/bash
      rm -f ~/.cache/spotify/Storage/index.dat; spotify &
    2. Gjer skriptfila køyrbar:
      chmod +x  ~/script/spotify.sh
    3. Kopier programstartaren til ~/.local/share/applications:
      cp /usr/share/applications/spotify.desktop ~/.local/share/applications/
    4. Endre Exec-parameteren til programstartaren:
      sudo sed -i 's/Exec=spotify %U/Exec=~/script/spotify.sh/' 
      ~/local/share/applications/spotify.desktop

      (Du kan sjølvsagt heller høgreklikka fila og endra det der, eller opna fila i eit tekstredigeringsprogram, t.d. Gedit eller Nano)

    5. Start Spotify med den nye oppstartaren.

Comments have been disabled.