Bryllaup

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Sist helg vart det bryllaup. Mamma og sambuaren sneik seg ned til Trondheim under påskot å skulle feira femtiårsdagen hans, men gifta seg i staden. Veslebror og eg var med. Vesle Sylvester, katten, ferierte hjå mor på Røssvoll.

Kring klokka åtte på torsdag plukka mamma, Jonny og veslebror meg opp, og me la ut på ein kring femti mil lang køyretur.

Utanom ein matbit ved kjøpesenteret Magneten i Levanger, var det full fres stort sett heile vegen. Me kom fram i Trondheim i halv fem-tida, til lett skydekke og ikkje ein snøhaug i syne. Etter innsjekking på Britannia Hotell, spaserte me oss ein tur i byen. Mamma og Jonny på klesbutikkar. Veslebror på elektroforretningar. Eg på Platekompaniet og Outland (der eg til mi glede fann brettspelet Small Worlds, jf. Tabletop episode 1). Utpå kvelden åt veslebror og eg middag på Egon, og tok etterpå turen på Prinsen kino. Me såg American Reunion. Det var ein fullsett sal. På ein torsdag. Jøss.

Klokka ni fredag morgon var det frukostbuffet. Eg veit at det er ein del av hotellopplevinga, men eg misliker eigentleg dette. Frukost med hundre andre gjestar. Trø rundt frukostbordet som kveg. Prøva å skjøna seg på køen (går den til venstre eller høgre, og kor faen tok kaffien vegen?!) og etiketten (kor mange baconstrimler kan eg ta?) og slikt. Etterpå var det opp på hotellrommet igjen og få på seg dressen:

(Etter gjennomgang av bileta eg tok med min HTC Sensation, syner det seg nok ein gong at a) eg er elendig fotograf, b) mobiltelefonen er eit elendig fotoapparat, eller c) båe delane!)

Me var mannsterke på Tinghuset. Mamma og Jonny gifta seg samstundes med eit venepar, som også hadde borna sine med. Me var til saman ti personar. Sjølve vigselen var snøgg og grei. Dommaren las nokre vers av Haldis Moren Vesaas (hurra, nynorsk!), og så lova dei kvarandre kjærleik og truskap og sånt. Inn og ut på under eit kvarter. På veg attende til hotellet, spelte ein gatetiggar bruremarsjen på trekkspel då me gjekk forbi.

På kvelden var det middag, og den var fantastisk. Eg kan bli vand med slik mat! Forretten var andebryst og paté. Hovudretten var ein møyr og saftig ytrefilet av hjort. Og desserten var eit kunstverk i seg sjølv:

Resten av kvelden gjekk det i kaffi, øl, champagne, kvitvin, whiskey, cognac…

Klokka var halv tre då eg tusla til mitt eige hotellrom. Laurdagen var eg litt utmatta, men eg rakk frukostbuffeten lell. Etterpå spaserte eg meg ein tur aleine. Sol. Kaffi på Bakklandet. Kunne det bli betre? Utpå dagen reiste me heim. Me var heime kring åtte på kvelden.

Fin tur, sjølv om eg skulle ynskja eg kunne droppa bilturen og heller teke fly.

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/04/bryllaup/