Fire år på Twitter

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Den 3. april i 2008 prøvde eg meg for fyrste gong på stuttblogging. Twitter hadde då eksistert i to år, så det var ikkje noko heilt nytt, men det var fyrst no folk strøyma til tenesta. Mitt fyrste innlegg i stuttbloggen var ingen poetisk genistrek, hadde ikkje nokon kraftfull eller politisk bodskap, og hadde ikkje på noko vis nytteverdi. Det var berre ein heilt vanleg kvardagsobservasjon:

Det var det eg nytta stuttbloggen til for fire år sidan, og stort sett det same eg brukar den til i dag. Men dersom Twitter (og liknande) berre var ein stad for å skribla ned kjappe tankar, små observasjonar og vilkårleg svada, så kunne me like gjerne berre ha heldt oss til den gode gamle Geocities-kontoen vår, eller kva? Den sosiale koplinga er det som er så kjekt med stuttblogging. I straumen min får eg sjå andre sine observasjonar, ikkje berre leggja ut mine eigne. Til dømes at ranværingen @bustnes tyr til Grandiosa når sambuaren er bortreist. Eller at regissør @FinnErikRognan tilsynelatande er overalt. Eller at skodespelar @NathanFillion er awesome! Vent, den siste visste eg frå før, men lell…

I 2008 merka Twitter ei sterk auke i popularitet. SMS-tenesten vart mellombels sperra og XMPP-klienten vart lagt ned for å takla det overveldande trykket. Likevel var nedetida på vevstaden såpass stor at det vart brysamt å bruka Twitter som stuttblogg. Den 30. november same året gjekk eg difor over til Identi.ca, og midt i desember gjekk eg til Kvitre.no – ein stuttblogg som køyrte på programvara Laconica (seinare StatusNet).

Kvitre.no var i hovudsak ein nynorsk stuttbloggteneste, drive av @eide (som tilfeldigvis har fireårsdag på Twitter i dag, han òg!), men av di programvara nytta seg av OMB-standarden, kunne eg kryss-tinga brukarar på Identi.ca eller liknande. Ideen var enkel, eit nettverk av nettverk er mindre sårbart, du kan jo setja opp din eigen tenar med stuttbloggen din og likevel følgja heile verda utan å vera redd for at tenesta ramlar ned eller dataa dine plutseleg skal forsvinna (jf. SMS- og XMPP-tenesta til Twitter).

Eg stuttblogga på Kvitre fram til i 2010, men sidan @eide var einaste admin på fritida der, klarte han ikkje å stogga boss. Til slutt rann det over av boss, og det gjekk utover stabiliteten til tenaren. Den 9. april gjekk eg attende til Identi.ca. Eg stuttblogga der fram til i år, men kryssposta til Twitter. Identi.ca køyrte også programvaren Laconica, som seinare vart til StatusNet. Det er frå slik open programvare at til dømes hashtag i stuttbloggsamanheng kjem frå (skjønt opphavleg frå IRC), Twitter måtte implementera det etter å ha sett nytteverdien av det derifrå. Sameleis er det med samtaler, sjølv om implementeringa til Twitter er direkte vonlaus samanlikna med den i StatusNet.

Diverre gjorde StatusNet feil vending med versjon StatusNet 1.0. Programvaren er no proppfull av det som på godt bokmål heiter bloat. Polls? Question? Bookmark? Event? WTF?! Dette høyrer ikkje heime i ein stuttbloggingsteneste. Og no er det full av flashy javascript-dritt som gjer heile greia tregt og ustabilt. Mykje meir nedetid etter overgangen til versjon 1.0 har det og vore. I slutten av februar gjekk eg difor attende til å berre bruka Twitter igjen. Att og fram er like langt, er det ikkje det dei seier?

I skrivande stund har eg lagt ut 2629 innlegg på Twitter (manglar oversyn over Kvitre.no og Identi.ca). Det er 159 personar der ute som følgjer meg. Og sidan eg meir eller mindre berre skriv på norsk, er 134 av desse norsk. Lokalt blant ranværingane ligg eg på plass nummer 8, eit bra stykke unna ranværingen på topp, @MariusHelgaa, men hey, eg er over @RanaKommune.

Eg veit ikkje heilt kven det er som følgjer meg, men eg prøver å følgja alle attende. I tillegg følgjer eg gjerne folk innanfor desse kategoriane: ranværingar (som @mizzfit02 eller @alinegull), målfolk (som @totlevase eller @SignhildJ), filmfolk (som @johnaugust eller @AnneGjelsvik) og andre kule folk (gjerne geek gods som @ActuallyNPH eller @feliciaday). Til saman følgjer eg 312 personar.

Fire år, og eg har enno ingen plan for kva eg vil med stuttbloggen. Men det same kan jo i grunnen seiast om Boba.no òg. Same kva, eg er SimonBoba på Twitter. Følg meg gjerne.

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/04/fire-ar-pa-twitter/