Dette er ikkje The Matrix

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Veit du korleis eg veit at me ikkje er i The Matrix? Simpelt, det er to grunnar: programmeringsfeil og anakronisme.

Programmeringsfeilen er ei uendeleg lykkje som ville føra til at programmet til sist ville kræsja: Alt kring oss er ei simulering, skapt av maskinane som brukar oss som batteri. Dette inneber alt frå vindpusten som avkjøler deg ein varm sumardag, til ljoden av snøfresarar i nabolaget ein vinterdag. Maskinane simulerer heile samfunnet vårt, inkludert filmmediet. Og i filmmediet finst det filmar som The Matrix. Filmane om The Matrix handlar om ei simulering, skapt av maskinar som brukar oss som batteri. Her simulerer maskinane heile samfunnet, inkludert filmmediet. Og i filmmediet finst det filmar som The Matrix. Filmane om The Matrix handlar om ei simulering, skapt av maskinar som brukar oss som batteri… Ser du? for ($i = 1; $i <= 0; $i++)

Vidare finst det ein enorm anakronisme som det ikkje er mogleg å oversjå. Simuleringa skal ha starta kring 2000-talet. Men ideen om The Matrix har eksistert minst i 2400 år, sidan Platon. Viss me går ut frå at oppstartsparameterane til simuleringa er basert på historiske faktum, så er det svært rart at ideen om simuleringa eksisterte tjuefire sekel før den starta. Det ville i så fall vore logisk å fjerna den parameteren før simuleringa starta. Og ein AI tenkjer alltid logisk. Utan logikk, vil ikkje maskinane kunne ta over verda, slavebinda mennesket og plassera sinnet i ei simulering av 2000-talet.

Altså er me ikkje i The Matrix.

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/05/dette-er-ikkje-the-matrix/

2 comments

    • Egil on 3. mai 2012 at 19:59

    Nei nei nei Simon. for-løkke er iterasjon. Det du vil ha er rekursjon 😉

    • Simon on 3. mai 2012 at 20:39
      Author

    Hehe, om orsak. Det er ei stund sidan eg tok informatikk saman med barnehagetanter på attføring og kommunetilsette. Kva med dette:

    function matrix ($i) {
      if ($i == 0) { return 1; }
      else { return matrix( $i + 1); }
    }
    echo matrix(1);

    Eller som det står omtala i it-ordbøker:
    Rekursjon: sjå Rekursjon

Comments have been disabled.