«

»

Etterlyser kinofilm: Cabin in the Woods

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Filmen Cabin in the Woods hadde noregspremiere 11. mai, men kom ikkje til Rana denne helga. Den står heller ikkje på lista over kommande filmar. Eg har veldig lyst å sjå den, så eg skreiv difor følgjande e-post til Rana Kino:

Hei

Kjem Rana kino til å setja opp Cabin in the Woods, som hadde noregspremiere no den 11. mai? Eg har veldig lyst å sjå den – både på grunn av den positive responsen den har fått både i heimlandet og blant norske filmkritikarar, og av di at det jo er ein Joss Whedon-film. Det finst sikkert fleire whedonistar her på Mo som gjerne vil sjå den, kanskje særskild no etter suksessen med The Avengers.

Helsing
Simon Hansen

Eg fekk svar frå dei i går. Distributøren har sendt filmen berre til dei 30 største kinoane i landet. Rana Kino ligg etter dette 1. Nett no er det altså opp til Norsk Filmdistribusjon om dei vil sleppa filmen til fleire kinoar. Eg kryssar fingrane for dette. Filmen var jo den tredje mest sette filmen i helga, jf. Filmweb! Eg spurte distributøren på Twitter:

Svaret vantar enno. Men viss dei skal utvida distribusjonen, så lyt dei skunda seg. Går det for lang tid, er det ikkje lønsamt for mindre kinoar å ta inn ein film – same kor suksessrik den har vore andre stader. Det er no marknadsføringa pågår. Det er no filmkritikarane drøftar den. Det er no folk på sosiale medium som Twitter pratar om den. Om ein månad er interessa dabba av, og filmen har ikkje lenger det same apparatet rundt seg til å trekkja til seg folk.

  1. Rana Kino er nummer 33, jf. lesarinnlegg frå kinosjefen i 2006 []

Gje innspel