25+5+12=42

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Den 25. mai var det Geek Pride Day, Towel Day og ikkje minst 35-årsdagen til Star Wars. Eg feira i full geekmodus heile dagen, med m.a. Star Wars-fanfilmar, gamle PC-spel, (forsøk på) rydding i filmsamlinga, og dette:

Her ser du Indiana Jones-hatt og 8-bitslips. Eg hadde også Star Wars-t-skjorte under (var jo berre kring 5° den dagen), Simpsons-sokkar og underty, Serenity-nøkkelknippet i kjede, Kosmorama Filmfestival-manneveska mi, og sjølvsagt eit handklede. (Diverre gløymte eg handkledet heime då eg måtte springa for å rekka bussen, men då hadde eg hatt det med meg i 23 timar i strekk.)