Skrot frå arkivet: Prøvebilete

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg har nyleg rydda litt i filer og mappar kring om på harddiskane mine. Kvar fredag framover tenkjer eg å visa fram noko av det eg fann. Eg startar til dømes med dette:

NRK-prøvebilete klokka 11:38

Kva

Dette er eit prøvebilete. Det er ikkje så lengje sidan det vart slutt med slikt, men i dag er ting gløymt fortare enn du klarar å seia «Draw Something». Eit prøvebilete var eit testsignal som TV-kanalar sendte etter at dei vanlege sendingane sine var ferdige. I dag sender kanalane stort sett døgeret rundt, men før var det vanleg at hallodama sa god natt og slo av sendinga. Då måtte dei ha noko anna å visa i staden, så dei sendte dette. Det fanst andre variantar av prøvebileta, men dette var mest vanleg i Norden. Etter eit kjapt søk på WikiPedia, går det fram at dette prøvebiletet heiter Philips PM5544.

Kvifor

Kvifor hadde eg eit bilete av prøvebiletet til NRK liggjande? Vel, det er på grunn av klokkeslettet. Get it? Klokka er 1138, som i THX 1138, den fyrste spelefilmen til George Lucas. Eg tykte visstnok det var vittig å ha eit bilete av dette.

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/06/skrot-fra-arkivet-1/