«

»

Skrot frå arkivet: Sylvester i Photoshop

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg har nyleg rydda litt i filer og mappar kring om på harddiskane mine. Her er noko av det eg fann:

Demonstrasjon av Photoshop, med Sylvester som Døme

Kva

Dette er eit bilete av katten min, Sylvester. Til venstre er originalbiletet. Biletet i midten er fotofikla med automagi i Photoshop. Autojustering av ljosnivå og sånt. Biletet til høgre er vidare fikling gjort med ymse andre filter og verkty. Her er småsår på nasen vekk, det grøne «raudauget» av blitsen er fjerna og pelsen er av ein eller annan grunn mest sjølvlysande…

Kvifor

Dette biletet laga eg ein gong for å visa nokon Photoshop. Dei hadde berre vore borti Paintbrush/MS Paint, og hadde tvil om kor mykje du kunne endra gjennom fotofikling. Eg har berre brukt enkle triks her, men forskjellen mellom originalbiletet og det endelege er likevel bra synleg.

Gje innspel