«

»

Endring på veven: ny profilside

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg har alltid sett på denne vevstaden som ein tumleplass for meg sjølv, ein stad for å læra meg HTML, PHP and all that jazz. Stundom har det ført til periodar med daudtid, sidan eg ikkje alltid er motivert til å laga innhald. Det er kodinga som interesserte meg, innhaldet kom etterpå. Men sidan eg trass alt har innhald, og dette innhaldet likevel ligg ute, har eg lengje hatt lyst å kunne bruka det på eit eller anna vis. Og det har eg no gjort. Eg skil no ut profilsidene – tinga som tidlegare låg under det eigentleg ganske vage menypunktet «Om» – til ein eigen vevstad. Denne vevstaden har fått adressa simon.boba.no – ta ein titt då vel!

Ideen med simon.boba.no er å ha ein stad med kontaktinfo, CV og liknande, utan at folka som stikk innom vert plaga med mitt kvasivitskaplege svada om tidsreising, eller mi insistering på at kroppsfysikken til Superman eigentleg er som – vel – meg… Ikkje det, folka som stikk innom der, finn gjerne bloggen òg. Den er på inga måte gøymt.

Optimalt skulle vel kanskje bloggen ha hatt ei eiga underadresse, og boba.no vore profilsida, men det får i så fall vera til ein annan gong. Ein annan ting eg ville med simon.boba.no, var å finna ut av ting som t.d. skjermstorleik (med tanke på mobiltelefonar, nettbrett, o.l.), kanskje læra litt om HTML5 og CSS3, og rett og slett kosa meg med å laga ei side på old school vis: med basis tekstredigering (Gedit i Ubuntu og Notepad i Windows) og kaffi. Eg har lært litt, men det er endå eit stykkje att. Kom difor gjerne med innspel på både kode, funksjon, utsjånad og innhald! Eg føler enno at dette er ein betautgåve av det eg ynskjer simon.boba.no skal vera.

Kva meiner du? Er det lurt å skilja ut profilsidene på dette viset, eller skulle dei framleis vore ein del av heilskapen her på hovudvevstaden?

Oh, ja, ein ting til: Har du Internet Explorer? Ikkje klag om ting ikkje fungerer… Faktisk kan det henda eg legg til ekstra ting etterkvart som gjer at sida fungerer dårlegare i IE, berre på pur faenskap!

Gje innspel