«

»

Etterlyser truverdig Superman

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

På twitterstraumen min i dag dukka det opp ein del bilete av den nye Superman. Som vanleg med muskuløs kropp. Dette fekk meg til å tenkja på noko som eg lurte på for godt over eit års tid sidan, utan at eg vart klokare då:

Me er vant med å sjå Superman med mørkt hår og svære musklar. Fyren er jo ein av dei sterkaste på jorda, så det er vel logisk? Breie akslar, bulande overarmar, skikkeleg vaskebrettmage, svære lårmusklar. Ja, sånn kropp som du berre ser blant dei ivrigaste brukarane av styrkerommet på treningssenteret:

Superman

Superman, slik me er vant til å sjå honom

Dette er heilt ulogisk. Ikkje berre er hårfargen hans heilt feil (far Jor-El og mor Lara hadde brunt/blondt hår!), men eg skjøner ikkje korleis han kan ha fått muskeltonar. La meg utdypa. Superman, også kjent som Kal-El og Clark Kent, er frå planeten Krypton. Det seiast at han får styrkja si frå det gule ljoset frå sola gjennom ein fotonukleær prosess som lagrar energi i cellene hans meir effektivt enn menneskeleg fysiologi. Andre forklarar styrkja hans litt enklare: Krypton hadde større masse, altså større tyngdekraft. Dimed er kryptonianske musklar meir tettpakka. Same kva forklaring som stemmer, så er det same kva eit faktum at han har superkreftar her på jorda.

Eit objekt som er 100 kg, vil for ein vanleg person vera blytungt. Superman løftar derimot dette objektet lett som berre det. Lat oss tenkja oss det same objektet på månen. Av di kraft = masse × gravitasjon, vil det 100 kg tunge objektet kjennast ut som 16 kg for ein vanleg person der oppe. Men eit vanleg problem som astronautar kjenner til, er at når ting ikkje gjev like stor motstand, vil muskelmassen vår svinna. Skal dei vera oppe på romstasjonar over lengre tid, må dei også trena med spesialtilpassa utstyr for ikkje å klappa saman når dei landar på jorda igjen. Det er dette som skurrar for meg: viss Superman kan løfta både bilar og fly like lett som du og eg løftar pappøskjer og sofaputer, seier det seg sjølv at han ikkje akkurat får trena mykje. Når såg du Clark Kent driva vekentleg benkpress med kontorbygg i Metropolis eller fjell i Smallville? Utan motstand, vil musklane hans svinna – eller meir nøyaktig i dette tilfellet, aldri byggjast opp.

Ein skulle kanskje tru at Superman av denne grunnen ville vera smellfeit – han får jo ikkje trening. Det er derimot ikkje tilfelle. I tillegg til at han får mesteparten av energien han treng frå sola, gjer det kryptonianske stoffskiftet hans at han forbrenner mat snøggare. Ei realistisk Superman vil dimed vera ein spinkel, tynn skrott.

Super-DJ Qualls

Ein meir truverdig Superman, her illustrert som spede DJ Qualls (fotomontasje)

Gje innspel