Fiks for VG.no

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Kan me vera samde om at nettstaden vg.no er heilt vonlaus fæl? Rotut, masete og ikkje reint lite upraktisk. Medan det faktiske innhaldet er skvisa heilt til venstre utan luft mellom sakene, er sjølve synsfeltet overfylt av reklame og anna svada. På breiare skjermar – noko som er standard i dag – er også store deler av lerretet blankt. Tre fjerdedel av sidebreidda er fullstendig bortkasta:

Slik ser VG.no ut – fullstendig kaotisk!

Fram til no har eg berre brukt reklameblokkering, og unngått i det lengste å vitja vg.no. Men sjølv med reklameblokkering, er vevstaden framleis høgst brukaruvenleg. Når det gjeld reklamen, skjønner eg kvifor den finst. Eg er berre egoistisk, og vil ikkje sjå den. Men kva med venstrejusteringa, tomrommet, alle boksane med urelevant skrål…? Eg vert stressa. Heldigvis er det ein smal sak å fiksa. Gjennom brukarstilar, har eg skjult alt irrelevant, midtstilt hovudinnhaldet og endra bakgrunnen slik at innhaldet får fokus, og samstundes prøvd å ta vare på den vesentlege funksjonaliteten til sida. Resultatet:

Slik ser VG.no ut i nettlesaren min – faktisk leseleg!

Innhaldet i brukarstilsettet mitt for vg.no:

/* Ordne anna farge på bakgrunnen */
body
{
	background:grey !important;
}
 
/* Midtstill innhaldet og gje det plass */
.drfront, .container, .edrumImageCaptionTABLE, #wrapper
{
	margin: auto !important;
	background: white !important;
}
 
#mainCol
{
	width: 90% !important;
}
 
#mainCol .article-content{ 
	margin: 10px 0 !important;
}
 
/* Skjul svadaen */
.topGif, #weatherBox, label.choice02, #logoHead .topLeft, #logoHead .topMiddle,
   #logoHead .topRight, #subMenu, .ad, .adTop, .containerTop, #outerRightContainer,
   #outerRightStickyContainer, #ad_Bottom1_content, #ad_Bottom2_content, #rightCol,
   #ad_Bottom3_content, #audienceCol, #lekegrind, #tvGuideCol, .containerBottom,
   #topAd, #vvspalte, .webboard, #webboard_x31, #webboard_x32, #webboard_x33, #poolMenu,
   #toppannonse, #vhspalte, #google_ads_frame1, .fb_iframe_widget, .sesadBorder,
   #ad_Middle1_content, #ad_Middle2_content
{
	display:none !important;
}

For å ta det i bruk sjølv, lagrer du fyrst dette i ei .css-fil. Bruker du Opera1, gå inn på vg.no, trykk F12 – Endre nettstadinnstillingane – Visning – Eigedefinert stilark. Her vel du css-fila du nettopp laga. Vips er VG.no lesbar utan å få stressmage og hovudpine…

Dette er sjølvsagt berre ein mellombels fiks, og kan når som helst kan slutta å fungera. Det er opp til VG.no å laga ei meir brukarvenleg side.

[notice]Oppdatert 19. oktober 2012: For forklaring til Firefox og Chromium/Chrome, sjå innlegget Fiks for nettaviser frå A-pressen[/notice]

  1. Firefox og Chrome har liknande måtar å gjera det på []

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/07/fiks-for-vg-no/

2 comments

    • Håkon on 11. oktober 2012 at 15:58

    Nydelig! En klar forbedring. Bruker du chrome, kan jeg anbefale stylebot for å legge inn denne. Har et spørsmål dog, hadde det vært mulig å fått flere saker i bredden?

    • Simon on 11. oktober 2012 at 16:14
      Author

    Hei, Håkon! Takkar for innspel. Oppsettet til VG.no har bolkar med opptil 3 saker i:

    Bolk: Sak 1 Sak 2 Sak 3
    Bolk: Sak 1 Sak 2
    Sak 3

    Det er litt vrient å skulle flytta rundt på sakene då. Når det er sagt, let det seg gjera å få fleire i breidda. Eg har ikkje sjekka så veldig nøye, men vil tru at .df-container{float: left;} kan fungera. Dette skal i teorien flytta rundt på heile bolkar. Elles kan ein kanskje flyta kvar einaste sak (.article-extract i staden for df-container), men det trur eg kan sjå litt rotut ut på grunn av ulik storleik.

Comments have been disabled.