Skriveklåe om Marvel og Avengers

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg fekk plutseleg skriveklåe, og har lyst å prata litt om Marvel-filmane – The Incredible Hulk, Iron Man, Iron Man 2, Thor, Captain America og The Avengers – samt kva som er i vente… Så eg antar at innlegget er litt, tja, spoilerish? Ikkje gå vidare viss du ikkje vil vita noko frå filmane.

The Incredible Hulk

Gå forbi Hulken på eige andsvar!

Det heile starta med Iron Man i 2008? Mm, nja, nei. Eg meiner det starta med X-Men i 2000. Dette markerer etter mi meining starten på ein ny type superhelt-film, ein som fjerna seg frå kitsch-/camp-elementet i filmar som Superman IV, Batman & Robin (eg er glad i camp, men denne var FÆL!), Steel, The Phantom og Spawn. Joda, ein annan ganske god adapsjon av teikneseriehefte frå Marvel var Blade i 1997, men med X-Men såg me ein lønsam SERIE filmar. Filmen var regissert av Bryan Singer, som forstod at superheltfilmar ikkje treng å sjå barnslege ut. Med X-Men fekk me ein ny estetikk for superheltfilmen. Gul polyester var ut. Bok (eller i dette tilfellet teikneserieheftar) og film er to heilt forskjellige medium, og ikkje, kan ikkje og bør ikkje vera like! Ein annan viktig ting som Singer, og seinare Sam Raimi med Spider-Man, skjønte: Don’t mess with the basics.

Greit, både X-Men og Spider-Man feila med einskilde av filmane i sine respektive seriar, men filmstudioa og Marvel sjølv såg eit potensiale her. Marvel har alle desse vedunderlege karakterane, som alle på eit eller anna tidspunkt har treftest. Det må då vel vera mogleg å laga ein serie filmar av, ikkje sant? No var det eit problem at filmrettane var spreidd blant alle moglege studio, og ein heilskapleg plan var difor vanskeleg. Men dei ulike rettigheitshavarane prøvde lell. Sony sysla med Spider-Man 2 og 3. Fox hadde X-Men 2 og 3, og vart dristige med Daredevil, Elektra, og Fantastic Four 1 og 2. Marvel sjølv prøvde seg med Blade 2 og 3. Columbia hadde Punisher og Punisher 2. Så langt ingen ny X-Men eller Spider-Man. Men så endra alt seg. Marvel kom med Iron Man. Ja! Sånn skal det gjerast! Ha med Nick Fury der på slutten for å hinta om Avengers-initiativet! Ka-ching!

Iron Man

No var planen der. Dei skulle ta for seg The Avengers, men fyrst la karakterane få leika seg i sine eigne filmar for å få bakhistoria ut av vegen. The Incredible Hulk var neste film ut. Den vart ikkje ein like stor suksess som dei hadde vona på, men gjorde det betre enn førre gong Hulken raserte ting på lerretet. Igjen meir hinting til Avengers, med ein snøgg opptreden av Robert Downey Jr som Tony Stark, samt ein slengreplikk om eit supersoldatserum under andre verdskrig (hint: Captain America). Spennande, spennande! I kortfilmen The Consultant (ekstramateriale på blurayen til Thor) får me sjå kvifor Tony Stark er den som pratar med General Ross i slutten av The Incredible Hulk. Agent Coulson og Agent Sitwell drøftar hendingane i filmen over frukost. (For meir Agent Coulson, sjå kortfilmen A Funny Thing Happened on the Way to Thor’s Hammer, som du finn på bluray-en til Captain America!)

Agent Coulson (via illustrationaday.com)

Iron Man 2 rullar vidare i sporet til Iron Man. Filmen inneheld Black Widow og Nick Fury, og meir prat om Avengers-initiativet, men også skjoldet til Captain America, bilete av tesseracten i dagbøkene til pappa Howard Stark, eit nyhendeinnslag om hendingane i The Incredible Hulk, og ikkje minst Mjølner, hammaren til Thor. Dette tyder at hendingane i Thor, Incredible Hulk og Iron Man 2 føregår i same tidrom. Innhaldsrik veke for Nick Fury og S.H.I.E.L.D. med andre ord… Sjå illustrasjon litt nedfor.

Eit problem med ein så samanfletta filmserie, er at den lett kan bryta saman under vekta av sin eigen mytologi. Eg følte at Captain America kunne vera pusterommet me trengte. Joda, filmen ser mest attende og gjev gevinst for tidlegare hint i Iron Man og Hulken, men fri for ny mytologi er den ikkje. Hydra forskar på tesseracten, som vert viktig i Avengers. Med scena i Tønsberg, har me eit samband til Thor. Og Nick Fury dukkar også opp i slutten.

Utfordringa til Thor var å ta det mekaniske og vitskaplege universet i filmane me hadde fått servert fram til no, og blanda det med det magiske universet til dei nordiske gudane i Valhall. Dette gjorde dei elegant med å sitera Arthur C. Clarke, ein kvar nok avansert teknologi vil sjå ut som magi for mindre avanserte samfunn… Gudane i Valhall rir over himmelen på Bifrost, regnbogen. Magi? Tja, for vikingane, kanskje. Men tusen år etter meiner Natalie Portman at det er ei Einstein/Rosen-bru (også kjent som markhol). Og Mjølner, hammaren til Thor, som ikkje ein gong ein Jeep med kjetting og solid slepekrok klarar å rikka på. Magi? Tja, det, eller det faktum at den er «forged in a dying star». Dette tyder at metallet i hammaren er ekstremt kompakt. Vekta til Mjølner kan potensielt vera opptil 11 millionar tonn viss me tek estimat av volumet til hammaren og vekta til materie i ei nøytronstjerne (5.5×1012 kg per 5 milliliter, i.flg. WikiPedia), så ingenting magisk der.

Thor

Høhm, kvar var eg… Jo, Avengers ja. Igjen er dette ein film som gjerne kan fungera som eit pusterom. Me får sjå korleis tesseracten hamna i Tønsberg i ei forteljing frå Odin, og me får også ei vitjing av Agent Coulson samt Hawkeye, men det er ikkje før heilt i slutten at filmen verkeleg bryr seg om Avengers-mytologien. Nick Fury gjer ein liten opptreden, me får hint om at Loke er skurken i Avengers, og at tesseracten igjen vil spela ein rolle.

Dette har hendt fram til no (klikk for større bilete):
(via ComicBookMovie.com)

The Avengers! I mai kom endeleg filmen. Vegen hit har vore lang, men artig! Og filmen skuffa heldigvis ikkje. Korleis kunne den det når Joss Whedon stod bak? Joss er Boss, og det viste han tidleg i filmen. Sjå t.d. kva han gjorde for karakterane til Scarlett Johansen og Jeremy Renner. I Thor kunne Hawkeye i grunnen vera spelt av ein vilkårleg statist, og i Iron Man var Black Widow berre eit fint fjes men elles fullstendig flat figur. Uinteressant. Skulle desse to fortena plass på Avengers-laget, måtte Whedon fyrst få oss til å bry oss om dei. Men medan dei andre karakterane har hatt opptil to filmar for oss å bli kjent med dei i, så hadde Whedon litt mindre tid til her. Så kva gjer han? HAN GJER DET HEILE UNNA MED EIN REPLIKK! I introscena til Hawkeye, vert han teke til fange og hypnotisert (?) av skurkane, og jobbar no for dei. OK, tenkjer me, synd at ein på heltane sitt lag byta side sånn, men me kjenner ikkje karakteren og føler difor heller ikkje noko tap. Så har me introscena til Black Widow. Ho er ute på eit oppdrag. Ikkje noko spesielt. Dette er den Black Widow me allereie kjenner men ikkje bryr oss så veldig mykje om. Men så kjem geniet Whedon på banen, og med éin replikk endrar alt seg. Tre ord: «Barton’s been compromised». Fjeset til Black Widow endrar seg når ho høyrer dette. Eit halvt sekund panikk, så alvor. Ein enkel replikk, og plutseleg hadde både Black Widow og Hawkeye ei bakhistorie. Plutseleg var dei ikkje eindimensjonale karakterar. Plutseleg vart me interessert i å få Hawkeye attende frå skurkane, og plutseleg engasjerer me oss i scenene med Black Widow.

Black Widow

Men det er eit spørsmål eg stiller når eg tenkjer på The Avengers. Kven vann? Joda, greit, Iron Man sendte ei atombombe gjennom portalen slik at alle Chitauri-krigarane på jorda døydde momentant, og Hulken fillerista Loke. Men kven sigra sånn eigentleg? For viss me ser Thor, hugsar me at Loke ikkje gav menneska og Midgard (jorda) ein einaste tanke. Drit i dei, det er Valhall han ynskjer å regjera. Valhall, med all sin prakt og teknologi, og med makt som strekkjer seg til alle ni rika på verdstreet (Mjølkevegen). Kvifor nøya seg med vesle Midgard då? Særskilt ikkje viss, slik Iron Man påpeiker, chitauriane bombar jorda til ruiner. Eg spekulerer at svaret ligg i slutten av filmen. Leiaren for chitauriane (som var spelt av Wesley frå Buffy. Det såg du kanskje ikkje!) pratar med den mystiske skapnaden som til no berre var omtala som «he, who put the scepter in [Loke’s] hand». Chitauriane har kome til konklusjonen at menneskane ikkje er så svake som Loke lova. «They are unruly, and therefore cannot be ruled. To challenge them is to court death.» Og då snur den mystiske skapnaden seg mot kameraet med eit glis. Oooooo, det er Thanos! Og er det noko Thanos liker, så er det død. Thanos er besett på ideen om død. Ein gong traff han til og med døden personifisert i kvinneleg form, og då svor han at han skulle prova at han var henne verdig. Så difor ynskjer han nettopp «to court death»!

Så, kven vann i The Avengers? Vel, dette er berre spekulasjonar, men set kanskje opp Thor 2. OK, me veit at Loke ynskjer å regjera Valhall. Men etter filmen Thor er han utstøytt og stranda. Han må koma seg attende på eit eller anna vis. Kanskje laga litt kvalme på Midgard? Bror hans, Thor, er jo av ein eller annan grunn så glad i dei usle menneska der, så viss han plagar dei litt, dukkar nok Thor opp og tek honom attende til Valhall. OK, god idé, men korleis kjem han seg dit? Hei, Thanos! Har du lyst på litt kaos og død? Me kan narra dei der krigerske chitauriane til å tru at me skal ta over Midgard, og seier til dei at menneskja er veike. Høyrast bra ut, ja? Vel, det vert betre! Eg veit nemleg av noko sinnsvakt kult heime i Valhall! Pappa Odin har ein hanske der, sist sett i filmen Thor, som heiter The Infinity Gauntlet. Du såg den såvidt i bakgrunnen rett før frostkjempane vart knust av metallvakta. Med den kan du, tja, DREPA HALVE UNIVERSET. Kult, ikkje sant? OK, så her er planen: Chitauriane og eg går til åtak på jorda. Du får litt kaos og død. Thor kjem. Eg let meg sjølv ta til fange. Sidan Bifrost er øydelagt, kjem Thor til å bruka energien i tesseracten til å føra meg attende. Og sidan du kontrollerer den andre sida av tesseract-portalen, får du plutseleg fri ferdsel inn i Valhall og hansken!

Thanos, Infinity Gauntlet og sjølvaste døden… Puh, det er spennande stoff, eg gler meg til å sjå om dette stemmer. Same kva. No har me fått The Avengers. Dei treng ikkje lenger sy ein diger vev av filmane. Iron Man 3, som kjem i april til neste år, kan ta for seg noko heilt anna enn Avengers-initiativet. Kanskje ta for seg alkoholismen til Stark? Captain America 2 kan godt føregå før The Avengers. Det er eit tidsrom der på kring eit år etter den tettpakka veka i Iron Man 2/Incredible Hulk/Thor fram til filmen, eit år som det kunne vore interessant å sjå Captain America i. Nick Fury-filmen kan gjerne vera ein opphavshistorie om honom. Mark Ruffalo har skrive ein kontrakt på seks filmar, så me kan vel kanskje rekna med å sjå Bruce/Hulken stikka innom her og der. Tør dei prøva på ein ny Hulk-film? Dei har ikkje fungert så godt, men med The Avengers fekk me endeleg ein Hulk som fungerte. Thor 2 er også planlagt neste år. Ant-Man kjem truleg i 2014. Og meir er nok i vente.

Så har me alle desse teikneserieheftane som andre studio eig filmrettane til. Rettane til Punisher er nettopp hamna attende i Marvel sine hender, så kanskje han dukkar opp i Avengers-universet. Så var det Spider-man. Sony ville ikkje gje slepp på filmrettane, og det er difor dei stressa med å få ut The Amazing Spider-Man no i sumar. Men Marvel har veldig, veldig lyst å kunne få lov til å bruka honom i Avengers-universet ein gong i framtida. Fox har ei stund hatt planar om Silver Surfer, i Fantastic Four-universet, men held seg inntil vidare til det dei kan: X-men. Endå ein film om Wolverine kjem, samt ein oppfølgjar til X-Men: First Class. No nyleg byrja også praten å gå om Deadpool igjen. Vel, dei om det.

I mellomtida er DC Comics sjalu. Dei har jo også eit rikt karaktergalleri, men har enno ikkje klart å gjera det Marvel gjorde med Avengers. DC-alternativet heiter sjølvsagt Justice League, og inneheld Batman, Wonder Woman, Superman, Green Lantern, Flash, Aquaman og Martian Manhunter. Den seinaste Superman-film var ein film for nostalgikarane, men feila elles. Green Lantern var berre fæl. Wonder Woman-filmen har vore i developement hell lengje, men førebels ser det ikkje ut til å koma i gang. Flash, Aquaman og Martian Manhunter vart sist sett i TV-serien Smallville, utan at det er så veldig mykje å skryta av. Batman er den einaste av desse som har klart å gjera noko bra post-X-Men. No til helga har tredje og siste film i denne Batman-serien premiere. Men denne Batman er så frittståande at det ikkje let seg gjera å byggja ein Justice League-filmserie på. Til neste år kjem ein ny Superman. Me får sjå om dei klussar den til for å prøva å gjera plass til Justice League. Og det ligg allereie planar klar for ein «reboot» av Batman. Korleis dei skal få det til, anar eg ikkje, for fallhøgda frå Dark Knight er stor (Personleg liker eg ikkje desse filmane så godt, men eg ser kvaliteten i dei)…

(Forresten tykkjer eg namnet «DC Comics» er litt teit. «DC» står for «Detective Comics», så dei heiter altså «Detective Comics Comics».)

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/07/skriveklae-om-marvel-og-avengers/