«

»

Evig eies kun det teipte

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Det heiter seg at berre det tapte eigast til evig tid. Men alle med teip veit at dette ikkje stemmer. Før helga var eg og kjøpte meg ein teiprull, og gjekk berserk med den i leilegheita. Det var så artig å fiksa på ting, at eg nesten berre ventar på at noko skal gå i stykke no.

Svær rull med rørleggjarteip, isolasjonsteip, lerretsteip, racingteip, gaffateip, duct-tape, andeteip eller kva du måtte kalla det…

Eg har ein gammal lenestol. Armstøet er så nedslite at det er vorte hol. Litt teip, og no kan ingen sjå at stolen er gammal!

Eg la noko alt for tungt på ei plastkorg ein gong. Lokket knekte. Litt teip på undersida, og lokket er krute go»!

Tørkestativet mitt har sett betre dagar. Det er skeivt og bøygd i rare vinklar, og knekkjer nesten saman under si eiga vekt. Med litt teip, så står det av seg sjølv!

Vifta på skjermkortet mitt var i ferd med å ryka. Veslebror strippa leidningane til ei gammal CPU-vifte, og skøyta dei på leidningane til den gamle skjermkortvifta med teip. CPU-vifta vart så teipa på skjermkortet. No køyrer det kring 2° kaldare enn til vanleg!

CPU-vifta er teipa rett på kjøleribbene til skjermkortet

Duct tape is like the Force. It has a light side, and a dark side, and it holds the universe together.

Gje innspel