Lukke til, Curiosity!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

I skrivande stund er det litt under tre døger att til Curiosity landar på Mars. Og eg er like spent som ein femåring på jolaftan!

Me har sendt farty til Mars før. Pathfinder landa t.d. i 1997 og i 2004 landa Spirit og Opportunity der. Opportunity køyrer enno rundt, åtte år etter! Men no kjem altså arvtakaren. Curiosity er diger. Den er 3 meter lang, og veg 900 kg. Til samanlikning var Spirit og Opportunity berre 180 kg. Curiosity er altså dobbelt så stor og fem gonger så tung, og det er nettopp dette som gjer denne landinga så fantastisk.

Nei, stryk det, eg tykkjer heile reisa er utruleg. Reisa starta november i fjor. Me stappa Curiosity inn i ein modul på toppen av ein rakett, som flaug opp i veret og ut av atmosfæren vår. Så tok me sikte. Ikkje mot Mars, men mot der Mars kom til å vera no i august! Modulen med Curiosity vart så slengt dit i ei meir eller mindre rett line! Fantastisk!

Men sjølv om reisa er eit vitnesbyrd om menneskeleg kløkt, så vil landinga lett overgå dette. Dei tidlegare fartya på planeten har landa innkapsla i digre kollisjonsputer. Diverre fungerer ikkje dette denne gongen, sidan Curiosity er så svær. Så korleis får me den ned? Frifall? Fallskjerm? Rakettar? Alt på ein gong og meir til? You bet! Den fantastisk vågale landinga vert kalla «The Seven Minutes of Terror», og skjer i ulike steg:

Fyrst: Frifall! Når modulen når atmosfæren til Mars, sendast den ned i vill fart. Kor høg fart? Kring 20900 km/t! Heldigvis er Curiosity godt skjerma med det største varmeskjoldet nokon gong brukt i romfartshistoria, for i løpet av dette stadiet vil modulen nå ytre temperaturar på opp til 2090 °C, og vil lysa like kraftig som sola! Modulen snur seg rett veg. Me kryssar fingrane på at varmeskjoldet ikkje feilar, og at modulen ikkje eksploderer.

Så: Fallskjerm! Til no er farta redusert til kring 1700 km/t. Dette er framleis raskare enn ljodfarta, så du kan tenkja deg kor kraftig fallskjermen må vera! Den har ein diameter på 16 meter, og har 80 liner festa til modulen. Når fallskjermen løysast ut, vert varmeskjoldet droppa. Curiosity er no eksponert av atmosfæren på Mars, medan fallskjermen bremsar farta ned endå meir. Problemet med atmosfæren på planeten, er at sjølv om den finst, så er det ikkje nok av den til å kunne bruka fallskjerm heile vegen ned. Me kryssar fingrane på at skjermen løyser seg ut, og at varmeskjoldet flyg trygt vekk.

Neste steg: Rakettar! No flyg modulen i 360 km/t, og ein mindre modul losnar ut av botnen. For å ikkje kollidera med overmodulen og fallskjermen, fyrast horisontale rakettar av. No byrjar siste nedbremsing med fire rakettmotorar. Me kryssar fingrane på at alle rakettane fungerer som dei skal, slik at fartyet ikkje ender ut or kurs.

Siste steg: Kran! Viss me landar med rakettar, vil dette kvervla opp alt for mykje støv, og instrumenta til Curiosity kan slutta å fungera. Modulen vil difor fira ned den 900 kg tunge Curiosity når den er 20 meter over bakken. Curiosity setjast mjukt ned. Det er montert eksplosiv på taua, som fyrast av når fartyet er trygt på bakken. Rakettmodulen vert så sendt opp i veret, og vil krasjlanda 150 til 300 meter vekk.

Det heile tek sju minutt. Men me er fullstendig utan kontakt under landinga!, er det sju minutt utan kontakt. Landinga kallast altså Seven Minutes of Terror både av dette er den sprøaste landinga me nokon gong har prøvd på, og av di me ikkje kan observera den.

Det tek faktisk 14 minutt for signala å nå oss, så når modulen melder i frå om at no startar nedstigninga, så er Curiosity allereie på overflata. For ned kjem den. Spørsmålet er om den er i operativ tilstand. Traff me målområdet? Fungerte varmeskjoldet? Fallskjermen? Rakettmotorane? Heisekrana? Dette vert spennande!

Dette hender altså på måndag klokka 7:31 norsk tid. Det er mogleg å sjå direktesending på NASA TV, følgja Curiosity på Twitter, eller sjekka ut nettsidene til prosjektet.

Lukke til, Curiosity!

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/08/lukke-til-curiosity/

2 comments

    • Simon on 4. august 2012 at 16:01
      Author

    Kult! MRO skal prøva å ta bilete av Curiosity under landinga. Det operative ordet her er «prøva». Eg meiner, dette er ein satellitt med fjorten minutt forseinking på grunn av at me styrer den frå ei avstand på over 550.000.000 km over ein framand planet, og skal ta bilete av eit romskip som reiser i 20.900 km/t og har berre nokre sekund på å få det rett!

    Når det gjeld landingsplassen, så er den 20 x 6,4 km stor:

    • Simon on 6. august 2012 at 14:34
      Author

    I dag tidleg kræsja Curiosity Twitter! Landinga på Mars var vellukka! Her er eit av dei fyrste bileta:

Comments have been disabled.