Mykje hug

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg held på med eit prosjekt som skal ta for seg geek-kulturen. I dette høvet leitar eg eit passande nynorsk ord. For å presisera: eg leiter ikkje etter avløysar til ordet «geek» (sjølv om eg gjerne vil ha eit!), men eit ord som på ein god måte får fram kva det vil seia å vera geek og kva kulturen går ut på.

Hugnad er eit ord eg liker. Hugnad fortel om den gleda geekar (eller gaukar, som @Nynorskingen på Twitter meiner det heiter) har. Hugnad vitrar om noko positivt, oppløftande og livleg. Geek-kulturen er ein fin stad, fordomsfri og gjæv, og kven som helst kan ta del i den ved å visa godhug til noko dei liker.

Eg liker også ordet hugleik. Dette ordet fortel om fantasien blant geekar. Dette er ein stor del av geek-kulturen. Kom ikkje å fortel meg at cosplayers og fanfic-skribentar er fantasilause. Ta ein titt kring om på deviantART, tumblr, Vimeo eller YouTube. Du finn millionar av geekar som produserer knallbra innhald for å hylla ting dei liker. Dei diskuterer på eit utal forum kring om på veven, og legg mange arbeidstimar ned i å bidra til geek-fellesskapet (sjå til dømes Wookieepedia).

Men kva ord lyt eg bruka? Eg spurde på Twitter:

Eg har lyst til å dela eit av svara eg fekk, frå @malheimen:

[…] Ein kvar kultur hever nog flust med hugnad; flust med hugleik kann vera meir einestandande..

Kva meiner du – hugnad eller hugleik? Eller har du eit endå betre ord?

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/08/mykje-hug/