«

»

Ticket to Ride Europe

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg har lengje prata om å starta ein ny ting i omgangskrinsen min: Brettspelkveldar. Brettspel er artig, sosialt, koseleg og noko alle og ein kvar kan vera med på. Eg ynskjer å få til slike spelkveldar med jamne mellomrom, minst ein gong i månaden. Inspirasjonen kom sjølvsagt frå TableTop på YouTube-kanalen Geek and Sundry. På laurdag hadde me den fyrste av vonleg mange brettspelkveldar. Me spelte Ticket to Ride: Europe.

Boksen til Ticket to Ride: Europe

Boksen til Ticket to Ride: Europe

Ticket to Ride er enkelt å læra, og kjempeartig å spela. Eg høyrde ein viss skepsis då eg fortalde om spelet over telefonen tidlegare på dagen, men dei eg spelte med likte det så godt at me halda på til langt utpå natta.

Europakartet kring 1910, slik det framstår i Ticket to Ride

Spelet går ut på å leggja togruter kring om i Europa. Du får poeng for kvar rute du legg. Målet er å få den høgste poengsummen. Ved start får spelarane utdelt fire vognkort, tre togstasjonar, 45 togvogner og ein poengbrikke. Dei får også utdelt fire bonuskort. Dersom spelaren ikkje klarar å leggja samanhengjande togbane mellom byane som står på bonuskortet innan spelet er over, vil bonuspoenga telja som minus på den totale poengsummen. Spelarane kan kasta opptil to av desse korta før fyrste runde.

Kvar spelar har 45 togvogner i blå, raud, svart, grøn eller gul.

Spelarane har også ein poengbrikke i tilsvarande farge

Det er mogleg å gjera ein av fire handlingar kvar tur:

  1. Trekkja vognkort
    Spelarane kan anten ta to kort frå vognkortstokken, eller velja to frå bordet. Blant vognkorta finst det også lokomotivkort, der alle fargane er representerte. Dersom spelaren tek eit lokomotivkort frå bordet, kan dei berre ta dette kortet. Det skal alltid liggja fem kort på bordet. Viss tre av desse er lokomotiv, kastast alle fem, og det trekkjast fem nye frå stokken.

    Vognkortstokken og fem vognkort på bordet

  2. Leggja ruter
    Spelarane har vognkort på handa. Når dei har nok kort av ein farge, kan dei leggja ruter på brettet. Ruta mellom til dømes Zágrab og Sarajevo krev tre raude vognkort.

    Kort på handa til ein spelar

    Tre raude kort = ei raud rute på tre vognlengder

    Lokomotivkort fungerer som joker. I staden for tre raude vognkort, kunne spelaren ha brukt to raude vognkort og eit lokomotivkort, eit raudt vognkort og to lokomotivkort, eller tre lokomotivkort.

    Grå ruter tyder at spelarane kan leggja vognkort av ein valfri farge. Ruta Berlin – Danzig er grå og krev fire vognkort i t.d. gult. Det går ikkje an å blanda fargar, med unnatak av lokomotivkort.

    Det finst spesielle grå ruter som kryssar vatn. Dei er merka med lokomotiv på ei eller fleire av rutefelta. Desse er ferjer, og krev (minst) eit lokomotivkort. Resten av ruta er valfri farge. Igjen, det er ikkje mogleg å blanda fargar, med unnatak av lokomotivkort.

    For å byggja ferje mellom Palermo – Brindisi, må spelaren ha eit lokomotivkort og t.d. to blå vognkort.

    Ruter med svart kant rundt er tunnelar. Tingen med tunnelar er at du ikkje kan vita kor mange kort dei krev på førehand. Når ein spelar legg tunnel, må spelaren fyrst leggja fram vognkort som vanleg. Det trekkjast så tre kort frå vognkortstokken. Dersom eit, to eller alle tre av korta viser same farge (eller er lokomotivkort), må spelaren leggja fram tilsvarande frå handa si.

    Tunnelar er lumske. Zürich til München ser ut til å krevja berre to gule vognkort, men kan krevja opptil tre ekstra gule vognkort.

  3. Trekkja bonuskort
    Spelarane kan trekkja tre ekstra bonusruter og kasta opptil to av dei. Igjen, dersom spelaren ikkje klarar å leggja banen før spelet er over, trekkjast poenga frå totalsummen.

    Bonuskort

    Fullførte bonusruter. Samanhengjande togbane mellom Edinburgh – Athina gjev 21 bonuspoeng, og mellom Sofia – Smyrna gjev 5 bonuspoeng

  4. Byggja ein togstasjon
    Togstasjonar let ein spelar rekna ein annan spelar si rute som ein del av sin eigen togbane (men får ikkje poeng for ruta). Det kostar eitt vognkort å setja ut den fyrste stasjonen, to for nummer to, og tre for den tredje. Ubrukte stasjonar gjev 4 ekstrapoeng på totalsummen. Som regel løner det seg å finna alternative ruter, men det hender seg at togstasjonar må til:

    Grøn spelar skal leggja bane frå Marseille til Lisboa, men gul spelar har blokkert alle ruter til dit.

    Løysinga er å byggja togstasjon i Lisboa. No kan grøn telja den gule Madrid-Lisboa som ein del av sin eigen togbane, og banen frå Marseille til Lisboa er fullført.

Siste runde innleiast når ein av spelarane har 2 eller færre vogner att. Spelaren med den lengste samanhengjande togbanen får 10 bonuspoeng (togstasjonar tel ikkje med her). Totalsummen reknast ut slik:

Poeng for ruter
+ 4 × tal på ubrukte togstasjonar
± bonuspoeng
+ 10 poeng for spelaren med lengst samanhengande togbane

Poeng for ruter

Bonuspoeng for den lengste samanhengande banen

Me valde å forenkla spelet litt. Me spelte ikkje med togstasjonar, og me valde også å sjå vekk frå tunnelar (ruter med tunnelar gjekk då som normale ruter).

Me starta kring 21:30, og spelte i fire-fem timar. Somme hadde strategi å ta alle dei lengste rutene uavhengig av om det var i nærleiken av sine bonuskort, og andre sneik seg sakte men sikkert mot målet langs ruter som ikkje lett kunne blokkerast. Eg prøvde ha lengst samanhengande bane, men dei andre rotta seg saman og blokkerte mine forsøk på dette. Eg vann ikkje, men hadde det artig lell.

Den fyrste spelkvelden var ein suksess!

Sjekk også ut dei andre spelkveldane!

Gje innspel