«

»

Det gamle vevkameraet mitt

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

I mi stadig meir omstendelege og tilsynelatande ævelege opprydding av harddiskane mine, snubla eg nyleg over nokre gamle bilete. Fyrst stussa eg over dei. Så vidt eg kunne sjå, var det stort sett tilfeldige bilete. Men eg fann straks ut at dette var bilete frå det gamle vevkameraet mitt.

Samla dykk kring meg, born, og lytt til ei forteljing frå ei svunnen tid. Det hende i dei dagar då Big Brother framleis var ein idé frå ei bok av George Orwell, Mo i Rana mangla bystatus, og nettlesaren Opera var berre komen til versjon 2. Året var 1996, og JenniCam dukka opp på World Wide Web. JenniCam var ei nettside styrt av Jennifer Ringley, som sette opp digitale kamera i heile leilegheita si. Kven som helst i heile verda kunne titta på henne når ho åt frukost, las bøker, surfa på veven, hadde sex med forloveden til veninna si, pussa tennene… Alt var dokumentert på JenniCam.

JenniCam var ikkje den fyrste nettstaden med vevkamera, men den skapte ein marknad. Fram til då hadde vevkamera berre vore statiske bilete med eitt motiv. Det fyrste vevkameraet som eg kjenner til, tok bilete av ein kaffitraktar i Cambridge i 1991. Ingen bomturar til kaffirommet lenger! Konseptet eigna seg også til t.d. fuglekassar. Det var (og er framleis) også populært med oversynsbilete av by og bygd. Her på Mo hadde me ei stund fire kamera i sentrum – hadde du god taiming, klarte du å hamna på alle bileta. JenniCam sytte altså for at vevkamera no skulle knipsa bilete av folk og kvardagsliv, så vel som kuriositetar som nyklekte fuglar og vêret i sentrum…

Eg hadde også eit vevkamera. I to år (2002 og 2003) knipsa det bilete og la ut på veven. For det meste stod kameraet på skrivepulten min, eller oppå skjermen. Ja, for før i tida hadde me nemleg skjermar med biletrør, ikkje LCD, plasma eller LED som er vanleg i dag, og dei var svære nok til å stabla ting på. Viss eg ikkje hugsar feil, sendte kameraet ut bilete kvart 20. minutt. Mesteparten av bileta var av ein tom stol eller av meg som stirra blankt mot skjermen. Det hende seg sjølvsagt at eg poserte, og eit par tilfeldige augeblikk vart fanga opp. Vevkameraet hadde ikkje veldig god biletekvalitet, men det var sånn bilete frå vevkamera såg ut for ti år sidan…

Gje innspel