Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.
Simonblogg veke 36: Eg held fram med å finna ut av dette med videoblogging. Kva i alle dagar skal eg prata om?
Blogginnlegg om klokka: Binærklokke frå ThinkGeek
Twitter-sitat:
Uff, frå ppt til pdf: Håplause greier!
— Øystein A. Vangsnes (@OysteinVangsnes) September 4, 2012
hvis man tenker seg at den ene vindusviskeren er Tom og den andre er Jerry blir det kjempegøy å kjøre når det regner!!
— Harald Rex (@KongenDin) August 28, 2012
Omrekning frå titalsystem til talsystem B:
X : B = Y, rest Z, gjenta med X lik Y heilt til Y vert 0, og les restane oppover.
Døme: 17 til åttetalsystemet. X er 17, B er 8:
17 : 8 = 2, rest 1 2 : 8 = 0, rest 2
Sidan Y vart 0 no, så er me ferdig. Les me restane oppover, får me 21.
Døme: 17 til to-talsystemet:
17 : 2 = 8, rest 1 8 : 2 = 4, rest 0 4 : 2 = 2, rest 0 2 : 2 = 1, rest 0 1 : 2 = 0, rest 1
Der vart Y lik 0. Les restane oppover: 10001.
Omrekning frå talsystem B til 10-talsystemet:
Kvar talplass kan skrivast som X*B(talplass-1). Så viss talet er XYZ, reknar du det ut slik:
X*B2 + Y*B1 + Z*B0
Frå to-tal: 10001 = 1*24 + 0 + 0 + 0 + 1*20 = 16 + 1 = 17
Frå åttetal: 21 = 2*81 + 1*80 = 16 + 1 = 17
Talsystem er artig!