«

»

Settlers of Catan

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Då har me hatt ein ny brettspelkveld. Eg hadde tenkt å prøva på Cluedo denne gongen, kanskje etterfylgt av filmen basert på spelet. Men så fekk eg høyra om eit anna spel eg hadde lyst til å prøva, og drog kring om på bokhandlane og leikebutikkane i Rana. Ingen av dei hadde dette spelet, men i den ferskaste leikebutikken fann eg Settlers of Catan til ein ikkje så alt for dyr pris, og slo difor til. Eg hadde aldri prøvd spelet sjølv, og det såg litt komplisert ut, så eg lurte på korleis det skulle gå å læra alle dei andre det. Etter ein prøverunde med veslebror, viste det seg at det var ganske lett likevel. Og kjempeartig! Velkomen til øya Catan!

Boksen til Settlers of Catan

Spelet går ut på handel, bygging av vegar, hus og byar, og strategi blanda med ein liten dose flaks. Me er nybyggjarar på den ressurssterke øya Catan.

Dette er øya Catan, med sine mange beitemarker, skogar, fjell og hamner.

Kvar omgang er ulik, sidan måten landområda vert lagt ut på varierer. Det finst seks forskjellige typar landområde.

Dei seks landområda: (frå øvst til venstre) Enger med sau, ørken, fjell, åkrar, skogar og gruver.

Kvart landområde produserer ein type ressurs, og det finst fleire av kvar type landområde. Unnataket er ørkenen, som det berre finst ein av, og som ikkje produserer noko som helst.

Dei fem ressurskorta: Ved frå skogen, murstein frå gruva, kol frå fjellet, sauar frå enga og korn frå åkeren. Det sjette er utviklingskort, som ein kan kjøpa med ressurskort.

Kvar spelar får utdelt femten vegar, fem hus og fire byar, som dei kan byggja undervegs.

Det kostar ressurskort for å byggja ein veg: 1 ved og 1 murstein.

For å byggja eit hus, må du betala ressurskort: 1 ved, 1 murstein, 1 korn og 1 sau.

Ressurskort for å byggja ein by: 2 korn og 3 kol. Du kan dessutan berre byggja by der du allereie har hus.

For å få ressursar, må du byggja hus/by. Det løner seg med byar, for dei får to ressurskort, samt du får attende husbrikken og kan byggja nytt hus ein annan stad.

Terningane avgjer kva landområde som gjev ressurs

Det er tre ting som normalt skjer i løpet av ein tur. Fyrst trillast terningane. Dette avgjer kva landområde som gjev ut ressursar denne runden. Du må ha hus/by ved gjeldande landområde for å få kort. Alle spelarane (med hus/by) der får kort. Hus gjev eitt kort, by gjev to kort.

Så kan den som kasta terningane driva handel. Vanleg pris på ein ressurs er 4:1 (til dømes fire saukort for eitt vedkort). Har spelaren hus/by ved ei hamn, er prisen 3:1. Er hamna spesialisert for ein ressurstype, er prisen 2:1, men desse hamnene tek berre den ressursen (sauhamna tek to saukort for eitt vedkort). Spelaren kan også driva handel med dei andre spelarane. «Eg treng ved, kven vil byta det med ein sau?» Dei andre spelarane kan då forhandla. «Eg har ved, viss du har korn i tillegg til sau.» Dei andre spelarane kan prøva å by over kvarandre. «Eg tilbyr to ved for den eine sauen!»

Det kostar å byggja ting.

Deretter kan spelaren byggja ut. Spelaren kan byggja veg, men den må hengja saman med andre vegar. Hus må liggja ved ein veg, og det må vera minst eitt kryss ledig mellom husa (altså to veglengder). Byar må byggjast der det står hus. Spelaren får attende huset, og kan bruka det seinare.

Utviklingskort og ressurskort

Spelaren kan også kjøpa seg eit utviklingskort. Desse korta trekkjast frå bunken. Dei kan vera riddarkort, framstegskort eller bonuspoeng. Utviklingskort kan ikkje spelast før neste runde. Spelaren står fritt til å handla og byggja så lengje ho eller han har kort nok til dette, før turen er over og terningen sendast vidare til neste spelar.

Viser terningane 7, kjem røvaren!

I ørkenen bur røvaren. Dette er ein fælsleg fyr, som kjem kvar gong terningen viser 7. Alle spelarar (også den som kasta terningen) med meir enn 7 ressurskort, må gje attende halvparten (oddetal rundast nedover). Deretter får den som kasta terningen flytta røvaren frå ørkenen til eit anna landområde, og ta eitt kort frå handa til ein av dei som har hus/by her. Turen held så fram som vanleg med handel og bygging. Merk at landområde ikkje gjev ressursar så lengje røvaren står der.

Bonuspoeng

Den fyrste spelaren til ti poeng vinner. 1 hus er 1 poeng, og 1 by er 2 poeng. I tillegg kjem eventuelle bonuspoeng frå utviklingskorta, samt størst riddarstyrke og lengst veg.

Me var fire stykk, alle like ferske på øya Catan. Me starta om lag klokka 20:00, og halda på i kring tre timar. Dei siste rundane var intense. Det vart eit jamnt løp. Stort sett alle mangla berre eitt kort som ville gjort dei til vinnarar.

Nok ein artig kveld!

Sjekk også ut dei andre spelkveldane!

Gje innspel